onsdag 28. oktober 2015

Hurra for Jon Fosse!

Som de kan hende allereie veit, vart den norske forfattaren og dramatikaren Jon Fosse (f. 1959) tildela Nordisk Råds Litteraturpris i går, for verket som er kalla Trilogien (utgjeve samla i 2014, inneheld dei tre korte romanane Andvake frå 2007, Olavs draumar frå 2012 og Kveldsvævd frå 2014). Det er vel fortent! Og til alle dykk som meinte at det var tull å busetje ein forfattar som skriv på nynorsk i æresbustaden "Grotten": Et hatten dykkar. Eller trusa. Dinest: Les og gråt. Bøkene om Alida og Asle er noko av det vakraste som er skrive på norsk. Og eg, som har vore glad i Fosse i mange år, gler meg no litt ekstra til å lese endå meir frå vestlendingen.

Bilete: Samlaget
Dette skriv Det norske Samlaget om saka:
Fosse fekk prisen for første gong, for Trilogien (Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd). Han tok sjølv imot prisen i Reykjavik.

Fosse seier dette om tildelinga: 
-Eg er svært takksam for å få Nordisk råds litteraturpris. Eg har fått mange prisar, men dei fleste for dramatikken eller for ålment forfattarskap. Sjølv meiner eg at eg er like mykje prosaist som dramatikar, og i åra framover er det prosa eg har tenkt å skriva, ikkje dramatikk. Difor kom denne prisen til rett tid, det kunne ikkje ha passa betre, og eg er djupt glad og takksam.

Juryen som innstilte Fosse som den eine av to norske kandidatar [den andre var Kristine Næss, f. 1964] kallar trilogien "et høydepunkt i nyere norsk romanlitteratur." Andvake-trilogien er ei intens forteljing om to elskande, Asle og Alida, som prøver å finne sin stad i verda.

Dei tre delane i trilogien, Andvake (2007), Olavs draumar (2012) og Kveldsvævd (2014) har blitt hylla av kritikarane for å vere eit meisterverk, og noko av det finaste og vakraste Fosse har skrive. Forteljingane kom ut samla i eit band i fjor, med tittelen Trilogien. Bøkene er ute eller under utgjeving på fleire språk, mellom anna tysk, engelsk, fransk og italiensk. 

Vidare skriv forlaget dette om bøkene (nokre avsløringar følgjer, så ver varsam med kvar du set augene om du ikkje vil vite for mykje):
Andvake er ei vakker og urovekkjande forteljing om spelemannen Asle og kjærasten Alida. Huslause og søvnlause vandrar dei i regnet i Bjørgvin. Dei drep for å skapa eit liv for seg sjølv og barnet dei ventar. I Olavs draumar møter vi Asle på veg for å skaffe ringar. Asle og Alida skal bli ektefolk. I staden endar Asle med å bøte med livet for gjerningane sine. I det siste bandet, Kveldsvævd, får vi vite korleis det gjekk med paret som ofra samvitet for kjærleiken gjennom gamle Ales, dotter til Alida. Vi følgjer Alida og den vesle sonen Sigvald tilbake til Dylgja, staden Asle og Alida ein gong rømte frå. 

Kjære Jon Fosse, gratulerer så mykje!

4 kommentarer:

  1. Skumleste gjennom innlegget ditt siden jeg ikke har lest trilogien ennå. Tenkte å finne den frem i går etter at han vant prisen men så har jeg klart å pakke boken ned i en kartong og satt ned i boden, så jeg må ned på en liten skattejakt der om litt. Ikke smart å legge vekk bøker en ikke har lest ennå :-P Jeg har hørt mye fint om bøkene hans så jeg ser frem til å lese de :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, da må du på skattejakt! Lykke til - håper du finner boka, og at du får en fin leseropplevelse!

      Slett
  2. Hurra for Jon Fosse! Jeg håpa han skulle få prisen, og jammen skjedde det. Tenk, om utbredelse av Trilogien skaper åpning for mer lyrisk litteratur framover? Det hadde vært en herlig bieffekt.
    Trudelutt

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja! Både til Jon Fosse og mer lyrisk litteratur! Alt som innebærer mindre Knausgård og medfølgende navlebeskuelse er en rein litterær opptur.

      Slett