søndag 27. november 2016

Adam Hiorths veg

Bilete: Samlaget.no
Etter å ha vore på ei traurig reise i England med Tracy Chevalier, gjekk ferda heim att til Noreg med Brit Bildøen (f. 1962) som reiseleiar. Og godt var det! Brit Bildøen har ofte skrive realistiske, kjenslesterke romanar, med kvinner i hovudrollene. Ho skriv om lengta etter å få barn, om vonde samlivsbrot, om problematiske relasjonar, om det vanskelege familielivet. Og ikkje minst har ho skrive den flotte essaysamlinga Litterær salong, ei bok om ti kvinnelege forfattarar som tyder mykje for henne personleg. Difor var overraskinga stor då eg tok til med romanen Adam Hiorths veg frå 2011. Der finst det knapt ei kvinne!

     I eit toroms husvære på Bislett, midt i hovudstaden, bur det ein sekstifire år gammal mann som har vigd det meste av livet sitt til miljøsaka. Det lange, skjeggete ansiktet til Jon Utskott er kjent for dei fleste, for det går knapt ei veke utan at han har et lesarinnlegg på trykk, eller blir intervjua i aviser eller på tv om kor dårleg det står til med miljøet, og korleis vi bør leve for å rette opp dette. 

Boka byrjar med ei oversikt over livet til miljøvernaren, nei, miljøkjempa Jon Utskott, som hamrar i veg på avisinnlegg, lagar økologisk grønsaksgryte omtrent kvar dag og bakar eige brød. Han har mykje hår og skjegg, er godt inntulla i ull og noko oppi åra. Kvar sumar syklar Jon Utskott Noreg på kryss og tvers. Han tek til i Oslo, og derifrå går det vestover. Denne sumaren skal han også sykle. Men problemet er at det er nokon som vil vere med: Den unge dokumentarfilmskaparen Adam Hiorth kunne gjerne tenkje seg å følgje miljøkjempa eit stykkje på vegen for å lage ein ironisk film om Jon Utskott.

     Jon Utskott kan verke skremmande på enkelte når han dukkar opp med heilskjegg og eit intenst, nesten vilt blikk langt inne i skjeggheimen. Håret, som ein gong var samla i ein blank, svart hestehale som mange jenter såg langt etter, er no frynsete og grått og gjer seg best når det får falle, eventuelt flyge, fritt rundt det magre ansiktet. Stemma er kraftig, men også den er noko frynsete etter mykje roping i megafon på halvtomme torg og talar i fullsette kommunestyresalar. Dei som kjenner mannen, elskar han, motstandarane fryktar han, og dei som ser han første gong, kan godt finne på å le.

Jon Utskott vil ikkje ha nokon følgjebil med hoiande dokumentarfilmskaparar etter seg. Det vil berre øydeleggje turen. Han krev difor at den unge Adam Hoirth får sykle, nett som han sjølv. Elles vil ikkje dokumentarfilmen få noko autentisitet, seier han, og tenkjer at no, no vert eg kvitt Adam Hiorth. Sjokket er stort når Adam Hoirth ringjer attende og takkar ja. Han har byrja å førebu seg med litt spinning på treningssenteret, og skal vere klar i mai. Difor må Jon Utskott planleggje reisa si endå tidlegare enn vanleg, og han må attmed bale med eit viktig spørsmål: Må han ha med denne jyplingen i det heile?

     Miljøkjempa la på røret og banna så det lyste. Han banna så dei sist innkjøpte bøkene skvatt ut av hyllene. Han banna så den døve naboen hoppa i stolen. Så sette han seg ved skrivebordet med hovudet i hendene.
     Jon Utskott er, som tidlegare nemnt, ein heidersmann av den gode gamle sorten. Han har aldri oppført seg direkte dårleg mot folk, bortsett frå kanskje i sin spede ungdom, då fridomstrangen tvinga han til å vere avvisande mot ein del unge jenter som prøvde å gripe tak i hestehalen hans og halde han fast. Nei, han er eit danna menneske, sjølv om han kan vere ein barsk meiningsmotstandar. Og han skjøna at når Adam Hoirth hadde komme han i møte på det urimelege kravet hans, så fortente han respekt.

Etter mange lange maidagar og mykje venting på å kome i gong med noko han veit kjem til å verte ei katastrofe, vert det 17. mai, dagen då Jon Utskott hiver seg på sykkelen og tråkkar ut av hovudstaden. Adam Hiorth på si side, er for seint ute. Og han sliter med å halde tempoet. Jon Utskott ligg stendig foran, frakkeskjøtane vaiar i vinden, og vips er han vekk bak ein sving. Adam freistar å få til litt filming med, på bilvegen, der kan jo Jon Utskott hytte med neven mot bilane eller noko? Adam vert utskjelt, og vert liggjande etter. Igjen. Det gjer låkt i musklar han ikkje visste at han hadde. Og sykkelsetet gneg både her og der, og heile stasen vert så sår, så sår.

     Jon hadde omtrent ikkje ytra eit ord etter at dei sykla ut frå Kongshaug. Stumme, og etter kvart i stummande mørke, hadde han og Adam lege tungt på pedalane langs ein bakkete og svingete riksveg, gjennom skog og over myr og hei, til alt som måtte finnast av tankar etter kvart var erstatta av blank smerte. Dynamoen på sykkellykta til Jon gjorde det tyngre å trø, så sjølv han måtte tåle at lårmusklane brann med ein stadig meir intens loge. Han hadde flytta med seg den gamle dynamoen frå sykkel til sykkel, fordi det gjorde han lykkeleg å kunne produsere akkurat nok energi til å lyse opp sin eigen veg. No misunnte han Adam batterilykta hans. Men den gjorde ikkje all verdas forskjell, for i tillegg til brannen i lårmusklane kjende Adam sterk svie i handflatene og rumpeballane. Begge to beit tennene saman og heldt fram heilt til eit lenge undertrykt stønn - det var vel nærast eit skrik - slapp ut mellom tennene til Adam.

For å gjere ei lang reise kort: Det opnar ikkje bra. Jon trur vondt om Adam: Adam er jo berre ein ung jypling utan peil på miljøet. Han kan muligens filme, men han er ein treig syklist, han er sjølvoppteken og lite oppdatert. Men Adam trur vondt om Jon óg: Jon er en gammal tufs som nektar å innsjå at han er nettopp det - utdatert. Og kven er det som høyrer på han? Ingen! Alt skal verte avdekt for ope kamera. Dei tek feil, både to, og dei vert sjølvsagt vener. Det skulle bare mangle, for Bildøen sender radarparet gjennom ei heil rekkje av vanskelege, harde, livstruande og nærast umoglege utfordringar.

     Adam var langt inne i planlegginga av filmopptaka neste dag da noko hardt trefte han mellom skulderblada. Før han rakk å snu seg, slo ein ny stein inn i låret hans. Han hadde vore i ferd med å henge opp plakaten utanfor ein skule, og oppdaga no at fleire djevelungar hadde samla seg bak eit leikeapparat. Han registrerte også at dei hadde hendene fulle av steinar, og at desse steinane no hagla mot han.

Eg skal ikkje seie noko om korleis det heile ender, det kan du lese sjølv! For er det noko denne boka er, så er det lettlesen og morosam. Ho passar for mest alle. Dei som ønskjer det, kan reflektere over miljøpåstandane som Jon Utskott kjem med, og problematikken han og Adam vert sende inn i. Dei som har lese Don Quijote, kan tydeleg sjå dei intertekstuelle referansane. Miljøkampen er jo ein kamp med og mot vindmøller! Og dei som har sett mykje film, kan sjå at Adam Hiorths veg er ein roadmovie i bokform, men cabrioleten er bytta ut med to miljøvenlege syklar. Uansett kva ståstad ein les utifrå, vil ein finne noko her å ta med seg vidare.

     Morgonen rann i den vesle industribyen Stålfoss. Betongsiloane ved kaia spegla seg i den blanke sjøen. I dobbel utgåve var dei nesten vakre. Spegla seg gjorde også den tjukke, kvitgrå røyken som tvinna seg opp og ut av høge skorsteinar. Ein jamn dur av bilar og ein meir hissig og ujamn dur av lastebilar og truckar begynte å gjere seg gjeldande. Folk dukka opp i gatene, først i markante straumar mot fabrikkbygningane, seinare sporadisk, gåande og syklande i alle retningar.

Bildøen skriv med eit friskt og levande språk, fullt av nyansar, fargar og natur. Nynorsken er lett og tilgjengeleg. Ho skildrar stemningar, menneske og andlet slik at ein både kan sjå og føle. I mest alle avsnitt nyttar ho humor, og i fleire situasjonar evnar ho å skildre det som hender frå både Jon Utskott og Adam Hiorth si side, utan å trøytte lesaren. Det gjer at boka er full av dynamikk. Romanen tek til i eit Oslo me kjenner, men jo lenger vest me kjem (Asker, Drammen), jo meir fantasi vert nytta i namn og miljøteikningar (Kongshaug, Stålfoss, Grå, Jordfall) - mest heile vegen utan å bryte med det realistiske. Det gjer at lesaren kjenner seg att utan at det vert for personleg. Men mot slutten vert det likevel litt for mykje for denne lesaren, og det realistiske flyg ut av vindauget. Like fullt har eg hatt ei framifrå lesaroppleving og kan trygt rå andre til å lese boka.

2 kommentarer:

  1. Omtalen din er så beskrivende og bra ar jeg føler ar jeg har lest boka! Men må vel lese den sjøl for å få med hvordan det går til slutt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! Men jeg har virkelig ikke sagt alt, så det er bare å lese:)

      Slett