fredag 14. juli 2017

Kjærleik og død

Bilete: Bokelskere
Aino Julia Maria Kallas (1878-1956), fødd Krohn, er en forfattar eg mest ikkje hadde høyrt om i det heile før eg tok til med boka hennar, Gjennom eld og vatn (norsk utgåve frå 2009). Ho vart fødd på øya Kiiskilä i Finland og var mykje i Finland og særleg Helsingfors heile livet, men budde som vaksen i storbyane St. Petersburg, Tartu, London og Stockholm før ho vende heim for godt i 1953.

Aino Kallas kom frå ein stor intellektuell kunstnarfamilie, der faren var forfattar og litteraturvitar, mora var rektor og forfattar og broren var folklorist. Ho levde eit særs spennande liv og var ei språkmektig kvinne. Aino Krohn, som då allereie hadde debutert som forfattar, gifte seg med estlendaren Oskar Kallas (1868-1946) i 1900, ein mann som var både nasjonalist og diplomat. Dei fekk fem born saman, og attmed å vere travel mor og diplomatfrue, hadde ho ein omfattande og populær forfattarkarrière der ho mellom anna turnerte mykje som føredragshaldar.

Gjennom eld og vatn, utgjeve av Bokvennen Forlag i 2009 og med omsetjingar, etterord og innleiingar ved Liv Hatle (1937-2015), er ei bok som inneheld tre forteljingar av Aino Kallas. Dei tre frittståande verka er Barbara von Tisenhusen frå 1923, Presten i Reigi frå 1926 og Vargbrura frå 1928. Forteljingane er grunna på faktiske historiske personar og hendingar dokumenterte i dei baltiske krønikene. Kallas har henta fakta frå krønikene og dramatisert liva til hovudpersonane med soger og bibelforteljingar som føredøme med tanke på stil og språk. Teksta er udramatisk, men innhaldet er stort. Forteljingane er skrive medan Aino Kallas var på sommarferie med familien på øya Hiiumaa i Estland. Alle tre verk er lagt attende i tid, til 1500- og 1600-talet. Staden er dei baltiske områda og hovudtema er elskhug.

I Barbara von Tisenhusen møter me ei ung adelskvinne, Barbara, som forelskar seg i feil mann. For tyskaren Franz Bonnius er berre ein ussel skrivar, og ho kan ikkje, som adelskvinne, gifte seg nedover i samfunnet. Då vil ho verte ståande heilt utan juridisk og sosialt vern og utan rett til økonomisk stønad eller arv frå familien, som eig mykje land i Rannu midt i Estland. Barbara er ei tenksam og klok kvinne, så ho fær til presten for å få greie på korleis lova er, og kva Gud har å seie om saka. Dinest stikk ho av med elskaren sin. Ho er viljug til å våge alt for kjærleiken! Men familien er mektig. Broren leiar søket etter søstera, han finn ho, og dommen åt dei tolv mannlege frendane og presten er nådelaus. Ho har skjenda familienamnet, ho har krenka æra til alle med namnet Tisenhusen og ho er difor utan verdi. Omgrep som ære, synd og skam er heilt sentrale i teksta.

Presten i Reigi handlar om ein mann som får ein ganske annan lagnad. Etter mange år som lukkeleg gift med den unge og vakre Catharina Eriksdotter Wycken frå Åbo, kjem ulukka. Presten Paavali Lempelius, òg kalla Lempelensis, misser embetet sitt etter ei stygg hending han urett vert skulda for, og dei to borna åt han og Catharina døyr. Etter to år utan jobb får han embete som prest i Reigi på øya Hiiumaa, heilt ut mot havet. Det er aude der, og menneska er annleis. Presten lærar seg å leve på eit anna vis. Ein dag kjem det eit tredje menneske inn i hushaldninga, den unge diakonus Jonas Kempe. Og mellom han og Catharina vert det raskt sterke kjensler - så sterke at dei flyktar saman. Men også her vert dei elskande innhenta. Dygd, synd og skuldkjensle er vesentlege omgrep.

I Vargbrura handlar det om livet til ei kvinne som skuldast for å vere varulv om natta og kone om dagen. Me møter Aalo når ho er særs ung. Skogvaktaren Priidik får auge på ho medan ho vaskar sauer med andre kvinner, og han vert bergtatt av venleiken hennar. Eit halvt år seinare er dei gift, og innan eitt år har dei ei lita dotter i lag, Piret. Men Aalo høyrer ei stemme kviskre åt ho, og ho trekkjast mot skogen. Ein natt klarar ho ikkje å stå i mot meir, og ho vandrar ut mot myra. Ho finn ein ulvefell der ute, ho tek den på seg og slik vert ho ein ulv. I lang tid held ho på slik, kvinne om dagen og varg om natta, heilt til mannen hennar finn ut av det og sender ho til skogs for godt. Like fullt kjem ho attende, og dinest ventar dommen åt samfunnet. Her er det tydeleg at teksta er skrive for å skremme folk frå synd, og helvetes pinsler er ofte henta fram.

Som ein kan sjå av dei korte handlingsreferata over, er det nokre fellestrekk ved forteljingane. I fokus er kvinna, kvinna som elskar. Og ho vert granska av presten sin eller av mannen sin, altså av eit mannleg blikk. Forteljingane er dinest skrive ned av fleire ulike menn, og pusla saman att og skildra på ny av ei kvinne (Kallas). Kvinna som elskar er ikkje ei lukkeleg kvinne. Det går ikkje godt med desse tre, men dei freister alt for å få lukke. Ei lukke korkje Gud eller samfunnet kan godta, men like fullt ei lukke.

Unge Barbara ofrar seg for kjærleiken, og me får historia frå presten, som ikkje heilt kan forstå kvifor ho er viljug til å gjere det ho gjer. Han granskar ho, som om han då vil få eit svar: Kva gjer at dette, dette samhaldet mellom mann og kvinne, er meir verd enn sjølve livet? Kvifor er det noko ho vil døy for? Kan ho ikkje berre leve utan kjærleiken? Men det kan ho ikkje. Livet utan ein slik kjærleik er ikkje verd å leve. Då kan ho like greitt døy.

Catharina bryt ut av ekteskapet for å leve med ein annan mann. Gjennom auga til presten kan me sjå kvifor ho likar Jonas, og me kan godta at dei er glade i kvarandre. Men presten fattar like fullt ikkje alt. Kvifor stikk dei av? Om natta, i kulda, midt i joledagane? At dei lever så ille som dei gjer, at dei ikkje nektar for noko når dei kan, at dei friviljug vil dømmast? Kvifor vil dei ikkje redde seg sjølve, redde kvarandre? Kvifor kan dei ikkje sjå meir enn berre den andre? Utan at Paavali tenkjer eller skriv det, er det vanskeleg å ikkje tenkje på munnhellet "kjærleik gjer blind". Og som me får seinare får lese, blindar hat med.

Aalo er den tredje kvinna. Og ho elskar mannen sin, barnet sitt og livet deira. Men ho er merkt av Satan, skriv forteljaren, som er ein namnlaus geistleg. Ho har eit svart merke under venstre bryst, som om Satan har gripe etter ho, eller kan hende ein varg har klora i ho. Ho har vargblod i seg, og ho trekkjast mot skogen og det fælslege når det kallar på ho. Om ho elskar Satan, skriv han ikkje eksplisitt, men at ho likar å vere varg, meiner han klårt at ho gjer. Ho er kvinna som ikkje kan velje, men som vert jaga åt skogen av di mannen og samfunnet og Gud ikkje godtek varulvar.  Då vert ho varg, den ho eigentleg er, for ho er i makta åt ein demon. No i dag er slike forteljingar om varulvar ikkje dei same som før (overtru), men ein kan tolke problema som ein kamp i kvinna, mellom natur og kultur, eigne instinkt, eigen vilje og eigen identitet på den eine sida, og at ho skal leggje seg under mannen på den andre, ein prosess som kan vere både smertefull og sjølvutslettande.

Og det er ei av mange moglege tolkingar som ein kan nytte på alle tre verk. Samfunnet og mannen freistar å kontrollere og styre kvinna og kjærleiken hennar, og dei sikrar seg med lov, gudstru og ekteskap som pressmiddel. Så lengje ho held seg til reglane, går det ho godt. Men kvinna vil vere fri. Å leve bunde og kua er ikkje å leve. Då er det betre at ho friviljug lèt livet.

Aino Kallas har ein stor og imponerande forfattarskap, og eg ser fram til å lese meir av ho. Ho skriv så godt! Diverre er det ikkje mykje som er omsett til norsk, men eg trøyster meg med at det kan vere meir å finne på svensk. Dei tre forteljingane i Gjennom eld og vatn er framifrå omsatt av Liv Hatle, med eit kraftfullt, klingande, susande, skildrande, arkaisk, kvikt, ordrikt, spanande og saftig nynorsk språk. Eg rår alle til å lese boka!

4 kommentarer:

  1. Jeg visste ikke at Aino Kallas er oversatt til norsk! Så hyggelig å høre at du likte fortellingene hennes! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. De var veldig gode! Jeg gleder meg til å lese mer:) Har du noen tips til hvilke jeg bør velge, kanskje? Jeg kan lese dem på enten svensk eller dansk dersom de ikke fins på norsk.

      Slett
    2. Jeg har selv lest bare Vargbrura som var med i denne antologien, så dessverre har jeg ingen flere tips. Jeg burde lese mer av Kallas meg selv. :-)

      Slett
    3. Da får vi begge begi oss ut på leiting etter mer av henne! Gi gjerne beskjed om du finner noe på norsk eller svensk - jeg kan dessverre ikke lese finsk ;)

      Slett