Sider

mandag 29. mai 2023

Kort & godt: Fugletribunalet

Bilete: Bokelskere
NRK-kjendis Allis Hagtorn trekkjer seg brått attende etter ein offentleg skandale, og endar opp med å søkje jobb som hushjelp og gartnar hjå den noko eldre Sverre Bagge. I eit gammalt hus, med ein mann som mest ikkje ser på ho, startar Allis på nytt. Ho vender seg mot det harde kroppsarbeidet i hagen, ho tenkjer, ho lærer seg å laga mat. Eit på mange måtar enkelt og godt tilvære, og kan hende noko Allis eigentleg trengde. Men noko gjer at ho ikkje berre tenkjer på kva ho skal plante i hagen og korleis ho skal lage middag. Sverre seier mest ingenting. Han låser seg inn på kontoret og ho veit ikkje kva han gjer. Somme stunder er han heilt vekk. Allis lyttar, men ho kan ikkje høyre noko. Kvar er han? Og kva gjer han?

Etter å ha vore i same hus med Sverre over lengre tid, er Allis vorten nysgjerrig - så nysgjerrig at ho ikkje kan styre seg meir. Ho vil verte kjent med Sverre, sjølv om han ikkje ein gong vil snakke med ho. Han vert som eit mysterium ho må oppklåre, og av di dei er så langt frå folk, kan ho nytte all ledig tid på han. Snart kikkar ho etter han kvar enn ho går. Ho freistar å få han til å snakke, til å sjå på ho. Ho vert gjerne med når han vil drikke vin, men skjønar ikkje kva som hender når han vert sint og går. Han seier stygge ting til henne fleire gongar, og ho vert såra. Men framleis kjem ho attende for meir, som om ho ikkje kan la vere. Det er tydeleg at noko har hendt med Sverre, noko vondt, og at han held det løynd. Kva kan det vere? Allis vil så gjerne vite, og lirkar og lurar etter opplysningar. Men er det eigentleg så lurt å snike seg inn i kontoret hans medan han ikkje er heime? Kvifor er det så mykje dameklede i huset? Og kvifor er noko vorten brunnen i skogen?

Det har vorte skrive mykje om handlinga frå romanen Fugletribunalet frå 2013, så eg trur ikkje at eg trengjer å skrive meir. Romanen er den fjerde utgjevinga til forfattar Agnes Ravatn (f. 1983), ein forfattar eg har fylgt sidan debuten i 2007. Dei tre fyrste bøkene hennar er humoristiske og morosame, anten dei er romanar eller essays, og då eg fann ut at ho i Fugletribunalet gjekk frå humor til alvor, vart eg atterhalden. Når ho attmed så fekk mykje merksemd, vart eg enno meir atterhalden, slik eg ofte vert når bøker vert allemannseige. Så atterhalden at det tok meg fleire år å kjøpe boka, og endå fleire år å lesa ho. Men eg las ho i fjor haust, og langt på veg lika eg det eg las.

Eg er nok ikkje heilt einig i korleis historia vert rulla opp, og eg er skuffa over slutten, som ikkje er så vellukka. Og eg likar korkje Allis eller Sverre. Han er rå og usympatisk, og ho er naiv og for trengjande til at eg kan akseptera ho fullt og heilt. Og kombinasjonen av dei to er ikkje bra! Men personane er godt teikna og fint skildra. Så sjølv om eg ikkje likar dei, har eg ikkje noko å seie på at slike menneske finst, for det gjer dei. Men om ein ser bort ifrå det, er det mykje å lika med. Til dømes språket, at boka er stram og ikkje for lang, framsida og symbolikken med fuglane, som er gjort jamt og heilskapleg. Eg likte også, overraskande nok, alvoret, og mangelen på den vanlege Ravatn-humoren med.

Men noko av det viktigaste med boka, er stemninga. Den dirrande uroa og den ekle kjensla av at noko ille kjem til å hende. Me veit berre ikkje heilt kva, kor eller korleis, men me veit at det hender. Opptakta er der, frampeika. Og det er ei solid oppbygging gjennom romanen, der Ravatn lokkar og leikar som ei bølgje mot eit svaberg. Først skvulpar det roleg, så er det stille, så skvulpar det meir, så mindre, så mykje. Slik held ho fram. Men for den som ønskjer at ei bok skal vera ein god stad å vera, er ikkje dette rett bok. Her er det for mykje som ligg og trykkjer, og lesaren får ikkje ro. Det er lett å kjenne på at det blir ekkelt - men kan ei bok vere ekkel og god på same tid? Det får vere opp til kvar enkelt, tenkjer eg. For meg vart dette ei heilt gjennomsnittleg god bok frå ein god forfattar som eg gler meg til å lesa meir av.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar