Sider

søndag 7. august 2022

Berserk

Bilete: Gyldendal
Det finst mange rare utgjevingar her i landet. Bøker som spenner over fleire sjangrar, som er både dokumentar og roman, biografi og fiksjon, ei bok om handverk med forteljingar, eller for barn og vaksne på same tid. Bøker som skapar problem for alle bibliotekarar som sit med kat og klass og andre menneske med ei sterk forståing for - og trong til - orden og system. Og det finst kuriosa som til dømes denne utgjevinga - ein oppdikta, nynorsk saga i teikneserieformat. Eg hadde aldri trudd eg skulle kome over ei slik bok, endå mindre lesa ho. 

Fyrste bok, Soga om Olav Sleggja, kom i 2009. Boka er teikna og fortalt av Øystein Runde (f. 1979) og vart gitt ut av Samlaget. Det var ei heilt eineståande bok, med si unike kombinasjon av tekstleg sagastil og svart-kvite illustrasjonar. Og plutseleg såg eg at det kom ein oppfølgjar i 2018, kalla Berserk. Og då måtte eg sjølvsagt lese den med, sjølv om forfattaren har bytt både forlag og format, noko som er frustrerande for ein fagidiot med spesialtilpassa bokhyller på biblioteket heime. Den fyrste boka er for høg, den andre er ikkje...

Eg las om Olav Sleggja for fyrste gong under koronanedstenginga i mars og april i 2020. Då har Sleggja eit ukjend opphav, ein tragisk lagnad, og ein nært sagt umogleg oppgåve framom seg: Han skal drepa Råg, bror til kongen (Olav Tryggvason, 963-1000), og dinest kome frå det utan å verte hemna, det vil seie drepen av kongen sjølv. Kan ein kome frå slikt med livet i behald? Om nokon kan, er det Olav Sleggja. Men mot slutten av boka var det ikkje innlysande at Sleggja ville leva. Difor vart det ei overrasking å sjå ein oppfølgjar der Sleggja no er ein kjend skikkelse som eig sin eigen lagnad. 

Av di dette er bok nummer to, var eg allereie budd på kva som kom. Det gjorde difor ikkje fullt så sterkt inntrykk å lesa om Sleggja denne gongen, men boka er like fullt ein frisk pust inn i bokmarknaden. Ho skil seg lett frå strikkebøker og navlebeskuande mellomromanar. Framsida er i same stil som sist og sender tydelege signal om at dette ikkje er ei teikneserie for deg som får hjarteklapp og pusteproblem under landskampar i lagsport, eller deg som vandrar kvilelaust rundt i stova under sendingane i sjakk-VM på radio. Her må ein tola eksplisitte scenar og stor brutalitet utan å gøyme seg bak pynteputer og potteplantar.

Olav Sleggja sitt liv inntil denne boka tek til, vert oppsummert på baksida: Han var træl. Så vart han bonde. Så vart han snikmordar for kongen. Og dinest vert han kongen sin verste fiende. Og etter ein nærkamp av dei sjeldne - med tytande innvolar og eit hylande spedbarn - sluttar boka brått. Her byrjar Runde nett der me slapp, hausten år 1000, med tytande innvolar og eit hylande spedbarn. Olav Sleggja opnar med følgjande replikk, medan han stappar inn tarmane sine: Denne dagen vert lang. Eller kort.

Og slik ber det vidare, Olav Sleggja som snakkar med spedbarnet han har med seg, der dei går mot staden Olav vart fødd. Der finst eit skrin som kan redde livet til Olav. Dei går gjennom eit landskap der tre ulike berserkargjengar herjar, der folk er redde og der det hengjer delar av daude kroppar i skogen. Olav snakkar, spedbarnet gurglar, stadig nærare heimstaden og skrinet. I den tidlegare heimen til Olav treffer dei Ossur, Bera og etter kvart Ljufa, som hjelper dei vidare. Men diverre finst det berserkar som Tjalve Bårdsson, som gjer livet surt for fleire. Og Sleggja tek opp kampen i kjend stil.

Teikneserien er gjennomarbeidd og solid forankra i historie og mytar, heiden tru og norrøn æreskodeks. Attmed er det blanda inn nyare dikt også i denne boka. Det fungerar særs godt. Runde nyttar riktige omgrep, no som sist, og har ei fyldig kjeldeliste bak i boka for den som vil læra eller lesa meir. Slik er også denne boka mogleg å nytte som ein del av ei innføring i vikingtida for ungdommar. Heile tida er det knappe replikkar med mykje svart humor, som minner om sagastilen ein finn i den norrøne mellomalderlitteraturen. Teikningane har stor variasjon, frå tett på med mykje detaljar, omriss av Sleggja sett frå avstand, bilete som nesten berre er svarte, nærbilete av andlet og augene, det er så mange ulike måtar Runde teiknar auge på. Eg vil tru boka er ei studie verdt for dei som likar å teikne med, her er det mykje å verte påvirka av. Men boka kan også berre nyttast - og nytast - som det ho er: ei hardtslåande og brutal forteljing som kombinerar underhaldning og eksistensielle spørsmål. 

2 kommentarer:

  1. Jeg falt for omtalen din av denne tøffe boka, som høres veldig artig ut. Trodde det var en barnebok først, men det er det nok ikke. Må se om jeg får tak i denne.

    SvarSlett
    Svar
    1. Så spennende at du også vil lese! Håper du får lånt eller kjøpt den. Og for mer kontekst kan det lønne seg å lese "Soga om Olav Sleggja" først. Det er absolutt ikke barnebøker, nei!

      Slett