fredag 24. april 2020

Soga om Olav Sleggja

Bilete: Samlaget
Nokre gongar tingar eg bøker utan å vite kva eg tingar. Det kan vere titlar eg ikkje har høyrt om tidlegare, bøker av forfattarar som er ukjende for meg eller at eg kjøper på innfall. I dette dømet var det alle tre: Ukjent forfattar, ukjent tittel og hugskott! Men eg er svak for sagalitteratur, og fann difor boka interessant med ein gong. Så eg tinga. Og eg fekk. Og eg las.

Soga om Olav Sleggja frå 2009 er skrive og teikna av forfattar og serieskapar Øystein Runde (f. 1979) og er den fyrste grafiske romanen eg les på nynorsk. Den er også den fyrste grafiske romanen eg les der vald er dominerande i handlinga og i bileta. Dei andre grafiske romanane eg har lese, har vore heilt annleis i strek og innhald, slik at det ikkje er mogleg å samanlikne noko særleg. Men det trengjer eg heller ikkje. Soga om Olav Sleggja står støtt åleine, som eit trælbarn, med røter i ei brutal vikingtid og med moderne bilete som gjer det heile nært og forståeleg og vondt.

Hovudpersonen i Soga om Olav Sleggja er nett Olav Sleggja, ofte berre kalla Sleggja. Det er litt uvisst kvar han kjem ifrå - nokon seier at han er son av trælen Sjaruk frå Persia. På eit punkt kom Sleggja seg vekk frå trælelivet, og vart ein fri bonde. Han vart til med gift. Men når sjølvaste kong Olav Tryggvason (963-1000) bergar livet til Olav Sleggja, vert han mest som kongen sin tenar. Kvar gong kongen har noko forbode og farleg han ønskjer utført, er det Olav Sleggja som må gjere det. Han er verten ein valdsmann. Ein drapsmann. Ein ufri leigemordar. Ein træl.

Kongen er ikkje ein god konge. Han er avundsjuk. Maktsjuk. Han ønskjer å drepa alle som kan kome mellom han og kongsnamnet. Til med sin eigen bror. Og det er dette Sleggja må gjere når me kjem inn i forteljinga sommaren 999 på Nidarnes. Kongen har kalla til seg Sleggja, og gjev han oppgåva: Å drepa bror sin, Råg. Sleggja veit at han truleg ikkje kjem frå det i live, kongen kjem til å hemna bror sin med å drepa mannen som gjorde brotsverket. Han kjem til å nekta for at Sleggja fekk ordre frå han. Men det er den einaste høvet han får. Viss han nokon gong vil verte fri -. Slik vert me trekt med inn i historia, og me får sjå kva kontekst framsida er i, og korleis Sleggja kan kome seg opp når han hengjer slik, bakbunden og etter tennene, som står djupt, djupt i ei hand.

Eg vil ikkje seie så mykje meir om handlinga, av di eg meinar boka skal verte lesen, ikkje fortalt opp att. Soga om Olav Sleggja er ein kraftfull, hardtslåande teikneserie med stort alvor, ein viktig bodskap og mange vittige poeng. Olav Sleggja er, sjølv om han er ekstremt valdeleg - noko som også må skrive seg til den brutale vikingtida og yrket som leigemordar - ein sympatisk mann. Han har til dømes moral og integritet, og lét seg ikkje kue. På eit punkt er det berre nok: Han vil ikkje drepa ein nyfødd gut. På den andre sida har me kongen, som ikkje har moral og integritet, berre ein pålimt kristendom der målet ikkje er nestekjærleik eller frelse, men meir makt. Lesaren har medkjensle med Sleggja, og me forstår kvifor han gjer det han gjer. Han kan vere arrogant og kjepphøg, slik at ein må le, sjølv om omstenda ikkje er til å le av. Og han kan vere varsam og full av kjensler, slik at ein vert trist av di omstenda er så rå. Desse uttrykka for kjensler, tankar og sinnsstemningar ligg like mykje i bileta som i teksta.

Men Soga om Olav Sleggja er ikkje berre ein valdeleg, grafisk roman. Her finst mykje lærdom å hente for ein lesar som er interessert i vikingtida. I starten av boka er det ei ordliste, der sentrale omgrep er definerte. Dette gjer at boka også kan lesast av yngre ungdommar. For kvar viktig person i boka finst det ei side med bilete og opplysningar, slik at lesaren veit kven ein les om. Vidare kan ein lære beinveges om tortur, hestekamp, segling og krigføring på skip. Omveges lærar ein om til dømes kjønnsroller, skikkar, bygningar, heidendom og kristendom. Men viktigast er æra og omgrepa om ære. Viss du ikkje held deg på rett side her, misser du snøggt livet, eller poenget.

Runde skriv med eit saftig og spennande nynorsk og har makta å halde på sagastilen: Kort, klårt og beiskt. Berre forsida er i fargar, resten av bileta er i svart-kvitt. Det passar med innhaldet og den historiske tida Runde skriv om. Runde nyttar kontrastane mellom det svarte og kvite særs bra, og skapar ukunstla levande bilete. Særleg er andleta fulle av einskilddrag og skilnadar. Eit auge kan til dømes vere berre ein strek, gøymt i skugge, heilt ope, smale, fulle av latter, tilsulka med blod, mjuke, stikkande, late att og så vidare. Når Runde då attmed har fleire intertekstuelle element, vert verket ei lita gåvepakke for den rette lesar. Ei intens og overraskande god lesaroppleving!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar