Viser innlegg med etiketten Nynorsk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nynorsk. Vis alle innlegg

søndag 13. september 2026

Det framande landet

Bilete: Bokelskere
Eg har lese ei underleg bok. Ein underleg tekst, eit dikt, eit langdikt, som både er ei forteljing og ein visjon og ein samanblanding av eit før og eit no og det som kjem, av draum og av mare, av alt vondt og all von. Eg har lese Det framande landet av forfattar og dramatikar Carl Frode Tiller (f. 1970), ei bok som er like bognande på innsida som på utsida. 

Boka kom ut på Aschehoug forlag i 2022 og er den første diktboka til Tiller. Men det er ikkje noko som tyder på at dette er ein diktdebut. Allereie frå første side er forfattaren heilt på plass, med masse språkleg vidd, eit enormt spenn i idérikdom og assosiasjonar, og med kraft og overskot i kvar einaste setning. Tiller leikar, lurar, vrir og lokkar, og sprengjer seg veg gjennom bygda, landet og tida i ein gammal, rusten bil. Her finst ingen reglar, korkje i skrivekunsten eller i tematikk, alt er lov, alt hender, ein må rett og slett berre vere med på reisa. Så, inn i bilen med deg!

*

   hysj
   hør når eg snakkar til deg

   kvar kveld sett eg meg inn i den rustne Amazonen utan ratt og hjul og fyllekjører ned til kjerkegarden
   der pirkar eg bokstavar av gravstøttene og sett dei saman til dikt som berre dei døde forstår
   til sjølvopplevde forteljingar frå liv eg aldri har levd
   til biografiar om kvinner og menn som ingen har hørt om
   til bindsterke verk om kulturar som enno ikkje har oppstått
   og til artiklar om artar som enno ikkje er utvikla

   eg er bohemen og sjåaren i bygda
   auga mine er dronar sendt inn i det framande landet og alt eg ser vil eg dele med deg

   så hysj, hør meg i tausheit
   hysj

*

Her, i opninga på side 5, er det lett å sjå korleis Tiller trekkjer liner frå norrøn tid, med volva som sjåaren i bygda, som den allvitande, ho som kunne fortelje om korleis verda vart til, ho som kunne sjå korleis verda skulle gå under og atter byrje på ny. Tiller har same perspektiv der han freser gjennom historia så menneske og dyr, årstal og hendingar sprutar kring han. Han kan sjå alt, spå alt, og undergangen er ikkje til å unngå. Han kontrasterer og skapar dynamikk konstant, høg og låg, det vakre og det vonde, og det er ein fryd å lesa! 

Han skriv til dømes følgjande på side 14:

   og byen breier seg utover landet som ei flomstor elv
   skatteinntektene strømmer på og du kjøper kasse på kasse med kragar og mausa og reiser ein hær som marsjerer frå massakre til massakre og berre vips
   eit imperium er født og du og dronninga blir rikare og rikare der de ligg, vomstore på kamelskinn og i grå hjørnesofra frå Møbelringen
   og med ringtunge fingrar knipsar de smekk smekk piskeslag over slaverygg og inn kjem lekre rettar de har snakka opp frå brølande kjendiskokkar på fjernsyn
   for gebisset de fekk i konfirmasjonsgåve av haiane, rokkene og skatene tygg ikkje grandis lenger
   ikkje kebab heller
   og vinen de drikk har ikkje stått og gjæra plopp plopp på grøn ballong inne på eit fuktskada studentbad, men er plukka ut frå Polets bestillingsutval
   etter anbefaling frå ein femi sommerlier med stiff upper lipp og kjeften full av fransk

*

Det er boblande, brusande, susande, bilete på bilete, men utan at det vert mas og kjas. Det er ein straum, ei bølgje, og lesaren duvar, susar og rutsjar med, nikkar, småler, nikkar igjen. Språket er kontant og direkte, utan rom for tvil. Eg trur boka vert betre jo meir ein kan, av di mykje av det Tiller skriv hengjer på kunnskap og referansar som er ålment kjente. Om ein ikkje veit eller kan det Tiller skriv om, kan diktet verte vanskeleg å hengje med i, av di det gjeng fort. Det gjeld uavhengig om det er populærkultur, krig, religion eller politikk som er referansane - her er det rom for alt, og lesaren må følgje med på alle vendingar. Samstundes er Tiller trufast mot det opphavelege, mot volva. Me skal heilt ned, verda, alt, skal verte audt og øydelagt:

   og fjell fell som legoklossar ut av ein s-lagspose i barndommen
   pol-is og præriar og savannar og ørkenar kjem flytande ut som flygande teppe med isbjørn og bison og gnu og ørkenrev som måpande passasjerar
   ser månen gli forbi
   ser planetar passere
   ser sola bli stor større størst

   veit du nok eller kva

*

   og igjen er det audt og tomt
   ikkje sand, ikkje sjø
   eller svale bølger
   og det er mørke over det store djupet
   berre ginnungagap

*

Heldigvis for lesaren er det ikkje slutt her, med desse orda, på side 62-63. Nei, me skal halda fram litt meir, verda skal verte ny, me som les skal få von, her frå side 65:

   igjen hører eg lyden av fjell som veks
   av kontinent som rivnar og driv frå kvarandre
   av øyer som reiser seg og bryt gjennom havflata

*

I seg sjølve er ikkje alle desse utdraga dikt, mest berre små stykke prosa. Og utdraga tyder ikkje mykje når ein berre les dei, lausrive og for seg sjølve. Men til saman vert det meir, opp mot volva vert det meir, opp mot i dag, med krigar og pandemiar og naturkatastrofer, vert det meir. Opp mot i dag vert det viktig. Det framanede landet er eit suggererande, overraskande og spennande dikt som meir enn gjerne kan verte lese av fleire.

mandag 29. juni 2026

Sjelemesse

Bilete: Eiga bok
Eg har lese ei diktsamling skrive av den islandske forfattaren Gerður Kristný Guðjónsdóttir (f. 1970). Ho er ein kjend islandsk forfattar (under namnet Gerður Kristný) med mange utgjevingar bak seg. Ho har mellom anna skrive fleire barnebøker, romanar, diktsamlingar, skodespel, noveller og fagbøker. Gerður Kristný har motteke fleire prisar for forfattarskapen sin.

Samlinga eg har lese, kom ut på islandsk i 2018 med tittelen Sálumessa. Ho kom på norsk hjå Nordsjøforlaget året etter med tittelen Sjelemesse. På ein nokså annleis måte enn i kyrkja, held forfattaren ein slags sjelemesse i boka - ei messe for ein som har gått bort. Messa i boka er over ei ung kvinne. Ho vart valdteken av bror sin, og kunne til slutt ikkje leva meir. Ho tok sitt eige liv, og ligg no i ein gravhaug. I sjelemessa, då både i dei konkrete dikta og i overført tyding, søkjer forfattaren å flytte skamma over overgrepa frå offeret til den som har skuld. 

Samlinga har seks delar, kvar med eit fotografi og eit ord frå eit anna språk, til dømes urdu, finsk og farsi. Samstundes som Gerður forklårer kva framandordet tyder, skriv ho også at same språk vantar ord. Eit døme er ordet porunkusema. Gerður skriv at det er finsk, og at det er eit ord for strekninga eit reinsdyr kan springe utan å kvile. Men, legg ho til, dei vantar ord for kulden som skjer gjennom oss når vener vel å døy. Slik setjer forfattaren det enkle og praktiske opp mot det uforståelege. Kan hende er det difor me vantar ord?

Dikta er korte, plassert midt på boksida. Nokre dikt har tre liner, nokre har ni. Som regel er det berre to eller tre ord på kvar line, som om dei korte orda er hogd i stein. Dikta er utan tradisjonelle enderim, men har mykje assonans og allitterasjon. Difor finn ein ei tydeleg rytme og mykje klang når ein les. Dikta er enkle å lesa, men vonde å ta til seg. Stemma er tydeleg og klår, tonen er direkte og ubehageleg. Det er like hardt å vera utanfor grava og høyre om kva som er hendt, som på innsida.

Diktsamlinga er sterkast når ho er lesen i eitt, som ei forteljing. Då vert også prosjektet til Gerður tydelegare. Det er imponerande kor heil samlinga er, og kor meiningsfylt kvart ord er. Den som kan mykje om norrøn tid, om islandsk lov, rett og historie, kan dikte endå meir inn i dikta, og finne ein enorm klangbotn der eit historisk "då" møter eit moderne "no". Det er interessant og spennande på same tid. 

I staden for å skrive meir om dikta, vil eg gje nokre døme på korleis Gerður skriv, her omsett av Oskar Vistdal (f. 1953).

Stjerner
av jarn
lyste opp gatene

Ski rissa spor 
i liene

*

Ingenting
høyrdest frå deg
i fiskeværet der
bølgjebrytaren
heldt stand
mot brenningane
men aldri
verna deg

*

Namnet ditt
blæs kaldt
gjennom hugen min

vrid seg
ned i munnen

heftar på tunga
smeltar på tuppen

Slepp
aldri ut

*

Koret hiv
tungt etter vêret

Hundretals hovud
syng sjelemesse
over deg

strupar sette på stake

*

Den som vil lesa meir, kan kjøpe eller låne Sjelemesse - ei lita bok med enormt innhald.

mandag 1. juni 2026

Soga om Fråid

Bilete: Bokelskere
Eg har lese ei underleg lita bok. Eg har lese ei bok full av påhitt og snåle menneske, full av trulege og utrulege hendingar, om omsorgssvikt og kjærleik, om sorg og sut og familie og lengt, om draum og om den verkelege, vonde røynda. Eg har lese Soga om Fråid: hans meiningar og livskjensle som også inneheld somme salige stunder, skrive av forfattar Mona Høvring (f. 1962).  

Boka med den lange tittelen kom ut på Samlaget i 2021 og er på berre 125 sider. Og tittelen oppsummerer eigentleg boka - dette er forteljinga om ei krevjande stund i livet til tenåringsguten Fråid, og den noko uvanlege familien han har kring seg. Noko meir er det vanskeleg å skrive, utan å øydeleggje ei mogleg lesaroppleving. 

Boka er særs kort og har ikkje mykje å spele på når det kjem til handling. Men eg kan kome med nokre døme på språk og stil:

- Fråid var ein lang og hengslete guteslamp.
- Dokteren seier at ho treng å få vere i ein mild omsorgsstruktur, det vil seie heime.
- Terje Eddipus meinte at spikarhovuda ville stimulere blodomløpet i glutealmusklane til dei som sette seg på benken, noko han rekna som viktig for sinnsroa.
- Det gjekk i baddel for han.
- Han gløymde aldri den dagen læraren, han nekta for ever å hugse namnet hennar, kommanderte han opp til kateteret for å powerpointe på Lindesnes.

Det er omgrepet "livskjensle" som er viktigast, og det er denne livskjensla (eller språkleg stil og tone) som gjer heile boka. Ho er skrive med overskot og fantasi, gneist og glød, ho er kvikk og smart og herleg annleis, sjølv om eg verkeleg ikkje likar det engelske, og korkje bok eller forfattar følgjer noko mal eller sjangerkrav og tek ikkje omsyn til moglege forventningar hjå lesaren. Boka er så full av påhitt som noko bok kan bli. Det er som om forfattaren har sparka redaktøren, gløymt kva ho har lært, kasta ut sin indre kritikar og berre køyrt på! Med alt! Og det er klart at det er underhaldande. Og det er gøy å gjere slik framfor å berre skrive seriøse romanar og alvorlege dikt. Det er ei anna livskjensle.

Samstundes er det ikkje så mykje meir her enn nett det, då, underhaldning. Det er idear og fantasi og eit boblande språk. Det er store sprang frå kapittel til kapittel, og ikkje alltid ein samanheng. Det er underfundige detaljar og heilt irrelevante opplysningar om kvarandre. Det er ulogiske slutningar og problem som ikkje er problem, samstundes som dei tre borna veks opp utan foreldre, noko som er eit verkeleg problem. Men det fiksar dei på eige hand, som om det ikkje er noko å stresse med. Og det som skulle vore viktig, eller rørande, vert borte i det eg vil kalle tullball, referansar og intertekstualitet. Og det er lite for meg som lesar å setje i høve til eller leve meg inn i. Det å skrive slik, er ikke særskilt vanskeleg. Det å få alt til å hengje saman og verte meiningsfylt, det er vanskeleg. 

Eg las boka tidlegare i år og tok nokre merknadar då. Sett bort ifra nokre namn - som Fråid, Eva, Terje Eddipus, Vulgaris og Demona - kan eg ikkje hugse så mykje frå korkje handling, kniper eller løysningar utan nemnde merknadar. Og det hender ikkje ofte med meg. Eg kan berre hugse at det har hendt tre gongar tidlegare. Også då hadde eg ei oppleving av at boka ikkje gav meg så mykje. Eg trur difor at boka, sjølv om ho er godt og friskt skrive, med stort hell kunne hatt noko meir ved seg enn berre leik og moro. Kan hende ville ei endring av folkaliseringsinstans, frå tredjeperson til førsteperson, vore klokt. 

Soga om Fråid er mi første bok av Mona Høvring. Eg er usikker på om eg vil lese meir. Eg likar prosjektet hennar, den uredde stemma, det sjangeroverskridande og det humoristiske, men som lesar vil eg også ha eit verkeleg innhald. Ikkje berre eit pent omslag, ein snål tittel, mykje referansar, engelske omgrep og uttrykk og desse evinnelege påhitta.

søndag 15. mars 2026

Gult farevarsel

Bilete: Bokelskere
Over dei siste tjueto åra har eg lese den norske forfattaren og lyrikaren Brit Bildøen (f. 1962) med ujamne mellomrom. Ho skriv lett, og samstundes kan ho vere både morosam og skape enkel spenning. Om skrivande kvinner er ho særs god, og ho driv gjøn med mange og mangt i romanen Adam Hiorths veg. Ho har også verka som omsetjar. Vidare kombinerer ho ofte skildringar av relasjonar med skildringar av natur, som skapar ein interessant dynamikk i fleire av bøkene hennar. Før jul las eg romanen frå 2023, ei bok kalla Gult farevarsel. 

I Gult farevarsel møter me ein ganske tradisjonell familie, med mor Anna, far Jon og deira tre vaksne born; eldstejenta Anette og tvillingane Dorte og Karl. Mannen til Anette, Jan-Inge, følgjer også med, medan både Dorte og Karl er einslege. Anette og Jan-Inge har med seg hunden sin, Laban, medan døtrene deira, Karoline og Kristina, ikkje er fysisk på plass i boka, berre via skjerm. Heile kjernefamilien skal opp på ei luksusseter for ei helg, ein plass kalla Innsetra, der dei skal feire gullbryllaup for nettopp mor og far, som no har vore gifte i femti år. Dei fortener vel ei feiring? Det synest i alle fall Dorte, som har organisert alt saman.

Det er seint i oktober, kaldare enn forventa, og dårlig vêr. Dorte kjem fyrst opp på setra og må løpe sikksakk kring dei store, gjørmete sølepyttane på tunet. Ho skravlar med den litt for kjekke innehavaren, som vanleg, og drikk litt for mykje vin, som vanleg, medan ho ventar på dei andre. Når alle har dukka opp og dei er i gang med feiringa og ein betre middag med godt drikke til, vert vêret verre, og det går eit stort jordras i nærleiken. Vegen vert heilt vekk, og dei kan korkje køyre eller gå frå setra. Slik vert familien, hunden Laban, innehavaren Ole og to framande jegerar sperra inne på setra i lag, utan å vite for kor lenge. Det er duka for både løgner, løyndomar, konfliktar og kriser.

Boka er på omtrent 230 sider og tar kort tid å lesa. Bildøen skriv lett, og i denne romanen lånar ho knep frå kriminallitteraturen for å skape spenning. For samstundes som personane hennar kavar rundt i sine relasjonelle utfordringar, der Dorte til dømes held fram med å drikke for mykje vin og stirre etter innehavaren, og der søskena småkranglar om gamle hendingar og der mor og far ikkje eigentleg vil vere til stades på ei slik seter - kunne dei ikkje berre spist i lag heime? - og der det digitale ikkje heilt fungerer når døtrene til Anette og Jan Inge vil ha ein videosamtale med jubilantane, er det også eit mysterium som må verte løyst: Hunden Laban vert plutseleg sjuk. Kvifor? Når dei så skjønar at Laban har fått i seg gift, går det frå ille til verre. Laban trengjer hjelp med ein gong. Samstundes ruskar vinden kraftig i tretoppane og regnet piskar mot ruta. Det er storm, og eit helikopter kan ikkje landa i slikt vêr.

Naturlegvis hengjer alt i hop i romanen, slik det ofte gjer når ein forfattar plasserer nokre få personar langt ifrå sivilisasjonen. Å verte avhengige av kvarandre og ikkje ein moderne normalitet, gjer noko med oss, og det er lett å nytte det som eit prisme for å sjå kva som hender med oss menneske når vi vert tvinga til noko me ikkje vil, saman med nokon me ikkje kjenner så godt som me trur. Legg til nokre framande menneske, dårleg vêr og ei krise, og personane vert raskt pressa til å gjere noko dei ikkje ville gjort til vanleg. Komposisjonen er solid, oppbygginga er god og handlinga er fint tenkt ut, men det var litt for lett å skjøne kven som hadde gjort kva, og kvifor. Slik sett var det for få menneske involvert. På ein måte var det irriterande, på ein annan måte var det heilt uviktig. For sjølv om dette med Laban vert den ytre spenninga som trekkjer lesaren vidare, er det alt det andre som gjer at me held fram med å lesa. 

Synsvinkelen er heile tida i tredjeperson, men kven me følgjer skifter frå kapitel til kapitel. Det er eit enkelt, men effektivt grep som sørgjer for god variasjon gjennom ulike perspektiv på dei same hendingane, naudsam dynamikk i det som eigentleg er ei kort bok med ei lita hovudkonflikt, samt moglegheiter til å halde attende informasjon for lesaren. Forfattaren utnyttar dette særs godt. Namnet til den som fortel, er også tittelen på kapitlet, slik at me alltid veit kven me følgjer. Det er også fint, slik at lesaren ikkje kastar vekk mykje tid på å leite etter hint og informasjon om kor me er og kven me følgjer i teksta. Slik vert lesinga effektiv, men kan hende litt for rask. Nokre mothakar til lesaren er bra. Her glir me berre vidare.

Naturen spelar ei stor rolle i boka, og vert heile tida sett opp mot naturen i oss menneske. Bildøen skildrar ein familie som i byrjinga ser ut til å vere nokså omforent kring viktige spørsmål, men etter kvart som konfliktane tvingar seg fram, reagerer familiemedlemene kvar på sitt vis, og dei handlar meir og meir på eiga hand, i tråd med deira eigentlege natur. Nokre er nyfikne og vil til dømes oppsøkje ras-staden, nøste i kva som hender og oppklåre dette med Laban. Nokre er forsiktige og atthaldne, vert redde og vil helst vere i fred på rommet. Nokon er skeptiske mot jegerane, medan andre tenkjer alt er jegerane si skuld, og at dei må få tatt hemn.

Gult farevarsel er ei vellukka bok. Naturen er kulisse, personane er som skodespelarar, hunden Laban vert på mange måtar eit omdreiingspunkt, og for alle som har dyr, er det hjarteskjerande skildringar å lesa. Og hadde det ikkje vore for nett dette med Laban, hadde nok eg syntes boka var i overkant kort og litt for flat. Men så er det dette med Karl, då. Kva er det han har rota seg opp i? Og korleis går det eigentleg med Dorte, kan ho slutte å drikke? Og kva med Anette og Jan-Inge, korleis skal dei kome attende til ein kvardag? Eg reknar med at eg får vite meir om alt det i neste bok.

tirsdag 30. desember 2025

Gjestene

Bilete: Bokelskere.no
Karin og Kai har vore gift i mange år, og har to gutar saman. No skal dei endeleg ha ei veke fri frå born og kvardag, der dei til vanleg jobbar som kommunal rådgjevar (ho) og snikkar (han) i Nittedal. Dei har nemleg fått låne ei hytte ein stad i skjergarden ved Oslofjorden. Ei ny luksushytte! Karin vil eigentleg ikkje på hyttetur, men tilbodet er for godt til å la vere. Og Kai skal gjere ein liten jobb for eigarane medan dei er der. Han skal lage ei ny brygge. Så det vert noko arbeid, ikkje berre sjømat og vin og bading og båtliv. Dessutan er Karin litt nyfiken på korleis det ser ut der. Er hytta så ille som ho trur? 

Eigarane, ja. Det er skodespelar og kjendis Iris Vilden og den rike eigedomsspekulanten Mikkel Wexøe. Iris er ei gammal veninne av Karin, frå skulen, då dei var kring tolv år gamle. Men Iris var ikkje ei god veninne. Og Karin har alltid kjent seg så lita kring Iris, så utruleg lita og uviktig. Dei råkar inn i kvarandre på slump på ein utestad etter 25 år utan å sjå kvarandre. Karin må motviljug hjelpe Iris med eit juridisk dilemma ho har, og som takk får mannen hennar, Kai, oppdraget med brygga, og dei får låne hytta i ei veke medan han snikrar. Karin vert ståande å sjå på det store familiebiletet på hytteveggen. Dei har også to gutar. Og alle fire er solbrune og blide og perfekte. Biletet er perfekt. Hytta er perfekt. Alt er berre for bra.

Karin kan ikkje kome seg ut fort nok. Ho vil heim, ho har sove dårleg, ho likar ikkje luksusen og stilen, mest av alt av di ho likar han likevel, og difor hatar ho seg sjølv. Kai trivst, og jobbar traust med å rive brygga. Karin vil ikkje. Ho vil ikkje tekste med Iris, vil ikkje skulde ho noko, vil ikkje hjelpe ho, vil ikkje vere veninne. Vil ikkje hyggje seg, heller. Ho vil ha sitt eige liv attende. I ro og fred. Utan Iris og Mikkel og ekle bilete av deira lukkelege liv på netthinna. Frustrert går ho vekk frå hytta, over svaberga, opp og ned, følgjer stien, og brått kjem ho inn i ei lita vik. Ein mann står og fiskar, men i staden for å vere venleg, er han brysk og frekk og informerer ho om at ho no er på privat grunn og kan ha seg vekk. Karin er rask til å ta igjen, og er nedlatande av di han ikkje får fisk. Det har nemleg dei, seier ho. Så snur ho seg og går attende.

Men ho kjente han att. Mannen. Det var forfattar Per Sinding som stod der og fiska og var ekkel med henne. Han er ein kjent forfattar, som attpå til er gift med ein endå meir kjent forfattar, den ekstremt kjente Hilma Ekhult. Og Hilma Ekhult er favorittforfattaren til Karin. Om Per er der, i den vika, må vel Hilma vere der ein stad, ho med? På hytta i vika, ovanfor brygga og hagen? Kan hende om ho går attende, at ho kan sjå Hilma med? Det er alt for freistande til å la vere -. 

Slik vert det heile satt i gang. Forfattar Agnes Ravatn (f. 1983) har skrive ein stram roman med få menneske, der alt hender på eller kring desse to hyttene: Den lånte, nye, perfekte hytta til Iris og Mikkel, og den gamle familiehytta til forfattarparet Sinding og Ekhult. Legg til hovudpersonen Karin, som kjenner at ho sjølv og snikkarmannen kjem til kort opp mot slike framifrå menneske frå kultureliten, hennar trong til å hevda seg, visa seg, og ikkje vere berre den ho er, ein kommunalt tilsett utan nokre spesielle evner. I staden for å berre vere det kjedelege ekteparet Karin og Kai, kan dei vel overdrive litt, sminke sanninga, leggje til noko som ikkje er heilt sant og få lov til å vera nokon andre? 

Romanen er skrive i førsteperson, slik at me kjem tett på hovudpersonen Karin. Me følgjer ho på hyttekjøkenet, der ho korkje kan finne søppelbøtta eller barskapet. Me følgjer ho medan ho sit i solveggen på telefonen og søkjer opp både Iris og Mikkel og Per og Hilma. Me er tett på i tankekjøret hennar, der ho spekulerer og grublar og vil vite meir, samstundes som ho vil heim. Og me er med når ho snakkar med Kai, som alltid er roleg, som ordnar og snikrar og finn søppelbøtta og barskapet og ikkje bryr seg stort om hyttenaboane. Det gjer at me som lesarar får sympati med Karin, og me får tillit til Karin, sjølv om ho er litt ekstrem med all søkjinga si, og forfattaren tydeleg speler på slik kikarmentalitet og snusking me alle kjenner frå til dømes skattelistene. Men som me alle også veit - langt ifrå alle er særleg aktive der. Eg, til dømes, har null interesse i å vite kva naboen tener eller kor mykje leiaren min har på bok. Her tenkjer eg at forfattaren lar Karin vere litt for grafsete, samstundes som nokre delar av handlinga også speler på dette, og det nyttast effektivt vidare.

Når Karin så byrjar å vri litt på sanninga for å framstå som betre enn ho er, er det fyrst underhaldande. Kan ho kome unna med det? Det er nesten så ein får hjartebank saman med Karin. Dinest vert det fortvilande, av di den eine løgna tar den andre. Korleis kan Kai hengje med på alt saman? Vil han avsløre dei? Kor langt kan dei dra det? Når det så viser seg at fleire av personane har eit eige spel, og at Karin ikkje er den einaste som har fortalt ei løgn eller to, vert det nervepirrande. Kven lurar kven? Og korleis vil det ende?

Boka er i underkant av to hundre sider, og er rask å lesa. Ho startar roleg, medan Ravatn byggjer detalj på detalj og dinest aukar tempoet. Det vert etter kvart intenst, og det er heile vegen viktig å hugse på kva som har vore sagt tidlegare, då alt trekkjast med vidare og spelar ei rolle inn mot høgdepunktet til slutt. Strukturelt er boka særs godt tenkt ut og skrive, og Ravatn maktar å halde attende vesentleg informasjon heilt til slutt. Slik var det også med den førre romanen hennar, Dei sju dørene. Det er ei gleda å røyne som lesar, og gir ei eiga lita fryd! 

Nynorsken er lett og lesarvenleg. Om ein ikkje er vende med å lesa nynorsk, kan ein gjerne byrje med ein forfattar som Ravatn. Ho er ikkje arkaisk i det heile, men lett og tilgjengeleg og ligg i mange tilfelle tett opptil bokmålet. Vidare er Ravatn særs god på stemningar, som ho maktar å skildre samstundes som replikkane smell hit og dit. I Gjestene harselerer Ravatn nådelaust med kultureliten, og gjer narr av pretensiøse formuleringar og ein særskild type poserande åtferd. Det er ikkje langt mellom flosklane og klisjéane og fleire oppbrukte uttrykk. Lesaren er heile tida redd for at Karin skal verte avslørt - kva gjer ho då? Somme stunder er det rett ut ubehageleg. Vil maska falle, eller vil ho lyge meir? Som lesar kan ein verte såpass engasjert at ein også kjenner på skadefro og raseri, særleg mot slutten. Det er mest som om ein tar del i kammerspelet der ein sit, eller i alle fall snik litt kring svaberga og lyttar.

Eg likar at Ravatn legg romanane sine til Noreg, at ho nyttar menneske alle kan kjenne seg att i, og at ho skildrar menneske i nokså vanlege omstende. Det gjer bøkene realistiske, konkrete og truverdige, slik at det er lett for lesarane å kome i gang med lesinga og vidare inn i historia. Det å dra på hyttetur, til dømes, som i Gjestene. Det å flytte i Dei sju dørene. Det å rømme frå ein skandale i Fugletribunalet. Og så vidare. Men Ravatn har alltid ein katalysator - noko som hender, som gjer at hovudpersonen kjem ut av kurs. I Dei sju dørene vert Mari borte. I Fugletribunalet vert Allis tiltrekt av Sigurd. I Gjestene er det Karin som lyg. 

Gjestene er ikkje revolusjonerande romankunst, men god underhaldning der særs mykje er solid gjennomført. Boka er smart, morosam og spennande, og passar ekstra godt som sommarlesing, eller når du vil drøyme deg bort og få litt kvardagstrøyst. For me har det, trass alt, betre enn Karin.

onsdag 24. desember 2025

Det lyser i stille grender

I dag vil eg dele eit dikt.

*

Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld,
og tusende barnehender
mot himmelen ljosa held.
 
Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall,
som kom og vart heimsens Frelsar,
som barn i ein vesal stall.
 
Der låg han med høy til pute,
og gret på si ringe seng,
men englane song der ute
på Betlehems aude eng.
 
Der song dei for fyrste gongen
ved natt over Davids by,
den evige himmelsongen,
som alltid er ung og ny.

Den songen som atter tonar
med jubel kvar julenatt,
om barnet, Guds son, vår sonar,
som døden for evig batt.

*

Diktet "Det lyser i stille grender" vart skrive av den norske lyrikaren Jakob Sande (1906-1967) ein gong i 1931, og vart prenta i juleheftet Jul i Sunnfjord same år. Diktet er tonesatt mange gongar. Mest kjend er nok melodien til Lars Søraas d.y. (1887-1976). Diktet er tatt inn i både Norsk salmebok (1985) og Norsk salmebok 2013. 

Riktig god jul!

mandag 20. oktober 2025

Klipp deg!

Bilete: Bokelskere
Det var heilt tilfeldig at eg fann denne boka på tilbod i den lokale bokhandelen. Eg leita korkje etter ei bok om å klippe hår, eller hadde tenkt at ei slik bok er å få tak i, men plutseleg var ho der. Av di eg frå tid til anna klipper hår heime, vere seg anten mann eller born, tok eg med meg boka. 

Klipp deg! er skrive av frisør Irene Stana (f. 1971), som heilt tydeleg såg det eg ikkje såg: At det er ein marknad for ei slik bok, sjølv i vår digitale tid, der heimeklipparar kan sjå juksevideoar på Youtube før dei slepp seg laus med barbermaskin og saks. Boka kom ut på Samlaget i 2022, og er gul og glad. På framsida står det tydeleg "Frisørens profftips" og "trinn-for-trinn-guide med foto". Og det er nett det lesaren, eller klipparen, får.

Stana byrjar med å skrive om kvifor ho ville skrive boka. Og det er av di så mange klipper seg sjølv - noko som kan vere vanskeleg, men som på den andre sida er heilt gratis. Men mange vert ikkje nøgde med eigen klipp. Med hjelp frå boka kan ein gjere det betre enn heilt på frihand. Alle som har freista å klippe seg sjølv åleine veit kor fort det kan bli skakt. Og kven har vel ikkje hatt ein unge som har funne ei saks...? Eit sekund seinare, og den sjarmerande tutten på toppen av hovudet ligg i ein krøll på baderomsgolvet, og ungen grin skjerande høgt. Boka kan ikkje hindra ungar i å finne saksa, men ho kan hjelpe når mamma eller pappa må kriseklippe sveisen til vesla eller poden. Og i fleire andre tilfelle.

Etter ei rask innleiing, skriv Stana om hår. Om kva eit hår er, korleis det veks, kva som slit på håret, kvifor vi mistar hår med meir. Her var det ikkje noko nytt, i alle fall ikkje om ein fulgte med i naturfagtimane på skulen eller frå tid til annan har lese KK eller andre kvinneblad på venterommet til tannlegen. Stana nemner også ulike typar hår og ulike former på andlet, noko ein strengt tatt kan sjå kring seg, kvar dag. Men her var det fint med systematiske døme, satt i samanheng med nett håret. Di nest følgjer dei fire grunnformene når det gjeld klipp, og Stana kjem med døme på dei mest klassiske frisyrane. Ho går også igjennom dei mest nytta frisøruttrykka, og kjem med tips til korleis ein kan klippe born, krøllar og skjegg, samt med kva type utstyr. Alt dette er omtrent ein tredel av boka, og er meir eller mindre ein sjøvsagt del av det å klippe eller i det heile tatt ha hår.

Dei neste to tredelane er det som vart kalla "trinn-for-trinn-guide med foto" på framsida av boka. Stana forklårae her korleis ein kan klippe elleve ulike frisyrar, anten sjølv eller med hjelp av ein venn. Innimellom er det også plass til eigne notat. Guiden er enkel og grei, men diverre var det ikkje alltid bilete av det eg skulle ønskje det var bilete av, og det stod ikkje noko om det eg somme stunder lurar på når eg klipper. Nokre av bileta er heller ikkje dei beste, men hår og frisyrar er stort sett tydeleg nok. Til slutt kjem Stana med tips til vask, pleie og kva mat som er bra for håret. 

Boka er like enkel som ho ser ut til, og er særs rask å lese. Om ein klipper mange eller mykje, eller ønskjer tips til å klippe seg sjølv på ein betre måte, er boka ei grei investering. Poenget til Stana heile vegen er at ein god arbeidsplan og systematisk arbeid med gode verktøy vil gje eit betre resultat enn ein tilfeldig klipp. Og det har ho jo rett i. Men er ein ekstremt opptatt av hår og utsjånad, ville eg nok heller tatt ein tur til ein ordentleg frisør. 

tirsdag 27. mai 2025

Hundemanuskripta

Bilete: Bokelskere
Då eg fekk melding om at eg var invitert til Fosseforedraget og utdelinga av Fosseprisen på Slottet, tenkte eg med ein gong at eg måtte lesa meir av Jon Fosse (f. 1959). Og etter litt att og fram tok eg ned ei lita bok frå bokhylla. Eg har hatt ho i fleire år, men aldri fått meg til å lesa ho. Før no.

Hundemanuskripta (mi utgåve er ei samleutgåve frå 2018) er eigentleg tre korte bøker eller forteljingar - Nei å nei, Du å du og Fy å fy. Dei utkom på Det norske Samlaget i 1995, 1996 og 1997. Somme seier at bøkene er for barn, kan hende grunna lengda eller innhaldet eller humoren, men på forlaget sine sider står det kort og godt "vaksen". Det er også slik eg har lese bøkene. For ein kort tekst trengjer ikkje å vere enkel, og ein tekst som er enkel å lesa trengjer ikke å vere enkel å forstå. Det er mykje av forfattarskapen til Jon Fosse gode døme på.

Som tittelen Hundemanuskripta seier, møter me hundar i desse bøkene. Hundane er hovudpersonane, og Fosse har gjeve dyra menneskelege eigenskapar, tanker, kjensler og ikkje minst språk - men ikkje for alt. Slik oppstår nokre underhaldande situasjonar. Det er tre ulike hundar me blir kjende med, og dei er fokaliseringsinstans i kvar si bok. Me som les, ser og opplever alt gjennom hunden me les om. Slik kjem me tett på hundane og røynslene deira. 

I den første boka møter me Websterr. Han bur med ei gammal dame, Oline, og han må innsjå at også han byrjar å verte gammal. Men det er så mykje han aldri har fått gjort! Han har jo alltid drøymt om å streife nede på kaia og springe i skogen og vere ein tøff og einsam hund som klarar seg sjølv. Om han attmed kan greie å redde ei lita hundemor, då ville alt verte bra, og han ville verte ein særs nøgd hund. Ein dag spring han berre, sjølv om ho Oline ropar og kjem etter. Han er raskare, han spring fort over vegen og vert borte for ho. I byrjinga rår eventyrlysta - det er spennande å sjå ein ny del av byen, han luktar nye luktar, ser nye folk og råkar på både trivelege og mindre trivelege hundar. Så kjem sulta snikande, gnagande, og alt handlar om å finne mat. Websterr treffer på to andre hundar, Andersson og Alise, som korkje gjer det lettare eller betre, og det endar med at Websterr spring heim att. Då er han ferdig med eventyra, og klar for å verte gammal med ho Oline. 

I den andre boka er det den gamle fjordahunden Olav me vert kjend med. Han har eit nokså godt liv, men han er einsam. Oppover mot fjellet bur det ein gammal kompis som han vil vitje, og ein dag gjer han det. På veg opp til kompisen, skogahunden Bård, får Olav sjå nokre framande hundedamer som er ute på tur. Det er ei med raut hår, og ei med svart hår. Og ho med svart hår er rett og slett den finaste hundedama han nokon gong har sett. Han må jo berre prate med ho! Men Bård er ikkje heilt einig. Bård vil gjerne framstille seg sjølv som den tøffaste og beste hunden, medan Olav må vere den dårlegare hunden i eitt og alt. Attmed narrar Bård hundedamene til å tru at han har mat, noko han ikkje har! Dinest stikk han av. Olav må ordne opp, best han kan, og det visar seg at den svarthåra hundedama, Erna, eigentleg likar han med. Ho med raudt hår går attende til byen, medan Erna blir att og flyttar inn i naustet med Olav. 

I den tredje boka er me til havs med skipshunden Haktor og skipper Moreld. Dei har det så fint som dei berre kan ha det, meiner Haktor. Men om bord er også ein laban ved namn Einar, som alltid er kjip og vrang med Haktor, og som helst ikkje vil ha han på frakteskuta Havsula i det heile. Så får Haktor vite at det skal kome ein ny hund om bord. Og han gler seg, han skal vise fram heile skuta, og dele dei gode plassane og maten og kosen. Men så kjem det ein hund som er verre enn Einar, og som kastar Haktor vekk frå dei gode plassane, som et all maten og som tar all kosen. Ho er ei diger tispe ved namn Loliletta. Det vert eit mareritt for Haktor, som ikkje kan tru at nokon kan vere så falske og vonde. Og på frakteskuta, der dei har hatt det så fint, vert det nå to mot to: Haktor og Moreld på den eine sida, og Loliletta og Einar på den andre. Men når Moreld ser at Haktor ikkje har det bra, og seier at dei får kvitte seg med Loliletta, vel Einar å ta ho heim til seg. Slik vert det ei løysing for Haktor. 

Eg vil ikkje seie at desse tre bøkene er store meisterverk. Men det Fosse gjer, som er bra, er at han nyttar hundane som bilete på menneske og relasjonane me har til kvarandre. Og kan hende er det lettare å reflektere kring store spørsmål når det ikkje er ein sjølv som er oppe til diskusjon, men ein annan. Som til dømes ein hund. Websterr vil ut, vere fri, noko som er ein heilt naturleg impuls for både menneskje og dyr. Og det er ein sunn impuls. Borna skal verte store, erobre hagen og gata og skogen rett ved, dei skal sykle til sentrum og ta bussen åleine - kjenne på fridom og meistring. Å drøyme, vere eventyrlysten og å utforske er heilt vesentlege eigenskapar. Samstundes er det alltid fint å kome heim att, til det trygge og gode me kjenner så vel.

Olav kjenner på einsemd, noko mange menneske også gjer. Men i staden for å sitje åleine i heimen sin, tar han tak i livet sitt. Han går seg ein tur, han går til ein venn. Kanskje dei kan vere litt i lag, som før i tida? Kanskje dei kan snakke saman om smått og stort, og vere saman framfor åleine? Det at Olav går ut denne dagen, gjer at han også møter ei bydame, som han aldri hadde rekna med å råke på. Og det at desse to møter kvarandre, endrar livet til begge to. Slik er det ofte for oss menneske med. Om vi berre sit heime, kan vi ikkje klage på at andre kjem vidare i livet. Men om vi tar nokre sjanser og blir med, er det mykje som kan hende. Og plutseleg møter me ein som gjer alt litt betre. Fosse syner oss at håpet er ei sterk drivkraft, at optimisme er naudsynt og at det aldri er for seint. Ein kan få eit godt liv, sjølv om det ikkje er det livet ein såg føre seg.

Haktor er den som må igjennom flest utfordringar i "heimen" sin, medan dei to andre følgjer formelen heime-borte-heime. Men sjølv om Haktor vert kua, hundsa og handsama dårleg, sjølv om han er redd, kald og svolten, er han aldri vond attende. Han vert passiv og trist. Men han har samstundes integritet, som er ein særs viktig verdi, særleg når ein vert utfordra, pressa og trua. Om berre fleire menneske hadde vore som Haktor! Han held ut - og vinn fram - for det vert betre, heilt utan at han måtte vere ein annan. Skrive på ein annan måte, kan ein seie at tekstane handlar om det skjønne (det lokkande, skjønne livet som ikkje er det ein trur, det visar seg at ein allereie har det skjønne), det sanne (kva gjer ein om andre berre vrir og vender og farer med løgn? Ein må halde fast ved det ein veit og kan og er) og det gode (å velje å vere god er ofte det viktigaste). 

Hundemanuskripta er lette å lese og lette å snakke om, og er fine utgangspunkt for samtale rundt ulike verdiar, prinsipp og levereglar.

mandag 7. oktober 2024

Hyttebok frå helvete

Bilete: Bokelskere
I sommar var eg eit av mange hundre tusen menneske i Noreg som var på hytta. Eg ser på det som noko naturleg og sjølvsagt, noko eg ikkje må forklara - klart eg skal på hytta! Og klart eg går på tur! Men kva med dei som ikkje vil på hytta? Dei som ikkje vil på tur? Dei som korkje vil på hytta eller på tur? Og kva med dei som meiner at dei mistar vennar og kollegaer til hytteliv og natur? Kva med dei? Jo, dei har no fått ei eiga bok.

Boka er sjølvsagt Hyttebok frå helvete, og ho er skrive av Are Kalvø (f. 1969) - forfattar, kåsør og satirikar. Kort oppsummert er det Are Kalvø sjølv som ikkje vil på hytta. Faktisk vil han ikkje gå tur heller. Med mindre det er i store byar med mange pubar der han kan møte gamle kjende og drikke masse øl. Slik har han hatt det i fleire tiår. Men etter kvart byrjar vennane å forsvinne. Dei skal nemleg ut på tur eller opp på hytta, eller begge deler på same tid, sommar etter sommar, helg etter helg, helst i kondomdress eller i jakke med mykje lommer. Dei skal vere i eitt med naturen, finne att seg sjølv, kjenne seg liten, finne indre ro, sjå utsikt og få innsikt eller noko slikt. Og Are forstår ikkje heilt hva som gjer at vanlege folk vil slikt. Dei vil seg sjølv vondt! Kva er bra med mygg og knott, tåke, gnagsår, våte ullklede, sur røyk, frose vatn og kuldesjokk? Og kva er feil med by og folk og pub og øl?

Og når ein nyfiken kar ikkje får svar, går han empirisk til verket. I alle fall i dette verket. Her får me som les vere med forfattaren sjølv, samt sambuaren "Dokumentasjonsansvarlig", ut på to forsøk der målet er å få Are til å verte glad i naturen. Forsøk nummer ein går for seg ein seinsommar. Ferda går frå Oslo og opp i Jotunheimen, der dei skal ta for seg Besseggen og kome seg opp på Galdhøpiggen til fots. Det er mykje styr med å finne riktige sko (som er alfa og omega), verdas grønaste jakke (finst ikkje dårleg vær, berre dårlege klede), dårleg turmat (rangert etter kor langt du bør ha gått før inntak) og eit svært avgrensa sangrepertoar. Neste forsøk er med ski på beina, det er påske, staden er Hardangervidda og dei skal gå frå hytte til hytte saman med alle dei andre påskeidiotane som likar å gå på ski i kø og ete underleg tilberedt kjøt oppå kvarandre medan dei søv i gangar og kott på dei overfulle turisthyttene.

Kva som vert konklusjonen på desse forsøka, skal eg ikkje røpa her - då må du lese boka sjølv. Men forsøka og opplegget vil eg kommentera. Det er flott at forfattaren nyttar seg sjølv heile vegen, det gjer at me som les kjem tett på. Kalvø skriv godt, teksta er lett å lese, og eg humrar mykje undervegs, både når Are skal ut for å kjøpe alt naudsamt utstyr, og når han er på veg inn i Oslomarka, trallande den eine augeblinken, klissblaut den andre. Det er særs mykje humor i boka, og ein skal vere en real tørrpinn om ein ikkje har det i alle fall litt moro. 

Men det er ikkje berre lått og løye. Kalvø trekkjer også fram mellom anna statistikk, undersøkingar, definisjonar, prisar, nettstader og chattegrupper, og nyttar ei blanding av kvalitative og kvantitative antropologiske og/eller sosiologiske metodar, noko som høver bra til prosjektet. Det gjer at boka, sjølv om ho er morosam, også har litt alvor. Me som bur i Noreg, er særs glade i hytter og fjell og natur og tur. Og det er ikkje noko nytt. Men det er riktig at korleis me nyttar naturen, og haldningane til både natur og bruk av natur, har endra seg. Det er det interessant å lesa om. Før, til dømes då Are var liten, var det ut på tur heile tida. "Søndagsturen" var eit vanleg omgrep, og du var ei underleg skrulle om du ikkje gjekk søndagstur. Men no, no har me meir fritid enn nokon gong og sitt meir på ræva enn nokon gong, både i arbeidet og elles. Men plutseleg skal altså samtlege ut å springe og svette i kondomdress og verte raudsprengte i andletet av rein naturnyting. Er det midtlivskrisa i vår tid? Er det dårleg samvit? Helsemas? Tør ein vanleg mann ikkje lenger å kome susande med motorsykkelen, då det korkje er klimavennleg eller politisk korrekt? Eller er milelange turar slikt kvinner må gjere når borna har flytta ut? Ein kan spørje, og det gjer Are med.

Men noko forfattaren ikkje trekkjer fram, som eg hang meg opp i, er følgjande. Han sjølv har ein stor trong for det urbane (som peikar fram mot boka og forestillinga frå i haust, Berre bønder lengtar heim) og alt som følgjer med av folk og pub og øl. Det går faktisk greitt av di han er busatt i Oslo og kan gå til alt. Ikkje alle bur der, og ikkje alle kan gå over alt. Vidare: Han er ikkje småbarnsfar. Med andre ord: Han kan leve mest slik han vil. Det er ikkje eit problem om han drikk øl på ein tysdag eller tek eit glas vin på ein torsdag. Han skal berre ordne med seg sjølv uansett. Attmed er han nokså fri med tanke på arbeidet. Ikkje alle har det slik. Omsyn må takast. Eg vil faktisk påstå at dei fleste i Noreg ikkje har same utgangspunkt som Kalvø. Difor er han ikkje representativ, noko som gjer at undersøkingane heller ikkje heilt held mål.

Dinest: Kva i alle dagar er det med all denne drikkinga han driv med? For eit mas! Han skriv sjølv i boka at (fritt sitert) han trur at han må få natur og tur til å verte meir som nyttårsaftan for at han skal like det. Det er frykteleg kleint når du er ein godt vaksen mann som VEIT kor bra naturen er, for alle, reint objektivt. Og eg forstår at dette skal vere heilt subjektivt. Og humoristisk. Men som han køyrer på, då. Det er utepils her og utepils der, samanlikningar med øl, smaken av øl, sakn av pub, uttrykk som "det skulle smakt med ein øl no" og liknande, dei står i kø i vinter og vottar for å få utepils i solveggen i påska framfor å kome fram til turisthytta, det er lengt etter øl og drikk og rus og fest og moro, og lommelerka er med, og endeleg vert det drikk og tjoho på hytta med, og hadde eg ikkje visst betre, hadde eg trudd eg las memoara til ein alkoholikar. Så her har du neste prosjekt, Kalvø, no som du har tura i veg i fleire tiår: Ta eitt år som heilt rus- og alkoholfri og sjå kva det gjer med skrott og skalle. Kan hende du til og med vert glad i naturen!

Forutan slike masete greier, er dette ei underhaldande og morosam bok som passar ypperleg til dømes som julegåve, særleg til heilfrelste naturgaukar (vil dei ta kritikken?), rapande sofagrisar (vil dei ta hintet?) eller overurbane, lett alkoholiserte middelaldrende mannfolk som treng ei livsstilsendring viss dei er interesserte i å leve lengje (vil dei kjøre same opplegg som Kalvø?). Og faktisk fungerer boka godt for oss midt i mellom også.

torsdag 22. august 2024

Dei sju dørene

Bilete: Bokelskere
Nina Wisløff er ei heilt vanleg dame, tilhøyrande øvre middelklasse og busatt i Bergen. Ho er framleis i arbeid som litteraturprofessor, godt gift med helsebyråd Mads Glaser, dei har barn og barnebarn i nærleiken og om kort tid skal dei flytte. Ikke av di dei vil, men av di dei må. Huset dei bur i, barndomsheimen til Nina, skal rivast. Slik sett er det flaks at dei har eit hus til. Men det leigar dei ut. Og dessutan vil Ingeborg, legedottera deira, meir enn gjerne overta ekstrahuset. Ein dag vert leigebuaren til Nina og Mads, ei ung kvinne med ein liten son, borte. Og det verkar mest som om Nina er den einaste som er interessert i å finne ut av kva som hende med ho.

Raskt byrjar Nina å søkje på leigebuaren, Mari, på internett. Gjennom bilete i avisa og det ho sjølv veit om Mari, koblar ho raskt at Mari Nilsen og Mari Bull er same person. Ho og Mads har jo sett Mari Bull fleire gongar - til dømes i Grieghallen! Mari spelar fiolin, og i mange år var ho særs god. Men så slutta ho. Kvifor? Og kva hende? Kven er far til sonen hennar? Og korleis ende ho opp som leigebuaren deira? Slik dykkar Nina ned i livet til ei framand kvinne for å finne ut kva som kan ha hendt med ho. I byrjinga peikar mykje mot eksmannen til Mari. Men gong på gong snur historia, slik at Nina, og lesaren, stadig må leite etter nye spor, tenkje i nye baner og tolke det me trudde me visste, på nytt. 

Og slik held forfattar Agnes Ravatn (f. 1983) fram heilt til siste side. Difor vil eg ikkje skrive noko meir om handlinga, av di eg ikkje ønskjer å avsløre for mykje. Men det eg kan skrive, er at dette var ei artig, spennande og underhaldande roman frå byrjing til slutt. Det er sjeldan eg les ei bok såpass fort, og det er sjeldan eg humrar medan eg les. Hovudhandlinga, det vil seie kva som har hendt med Mari, er ei godt uttenkt intrige, og oppnøstinga til Nina er logisk og engasjerande. Sjølv om eg ikkje trudde på alle vendingane undervegs og nokså raskt tenkte meg fram til riktig "løysing", var det like fullt gøy å lesa, og Ravatn holdt interessa mi oppe gjennom det som er ein enkel, men på same tid ei svært vellukka bok.

Om du har lese noko av Ravatn tidlegare, som til dømes debuten Veke 53 (2007), vil dette vera i kjend stil. Om du berre kjenner ho gjennom romanen Fugletribunalet (2013) eller som essayist eller spaltist i Dag og Tid, vil dette vere noko annleis. Fugletribunalet er mykje meir alvorleg i stemninga og i handsaming av tematikk og lagnaden til hovudpersonane. I essaya er Ravatn ofte frittalande og satirisk. Her er ho korkje. Dei sju dørene (2019) er ei stramt komponert bok der kapitla er medvite satt saman, slik at lesaren stadig opplever progresjon, men ikkje på same stad heile tida. Me er med Nina i mest alt ho gjer, men Ravatn vel ut nokre hovedliner som er viktige, og desse lar ho lesaren få vere med på. Difor er me med når ho er med barnebarnet Milja, når ho og Mads er på husjakt, me er med på jobb og me er med på hytta, attmed alt ho gjer som handlar om Mari. Og når me er på veg mot slutten, viser det seg at mykje hengjer nøye saman. 

Komposisjonen og strukturen i boka er stram, utan at det er for stramt. Boka kunne ikkje ha vore særleg mykje kortare, medan mange andre forfattarar ville ha skrive meir. Eg likar at Ravatn ikkje har skrive meir. Det er herleg å lesa noko som kjennest effektivt, men som ikkje er heilt utan innhald. Her er det mykje symbolikk og mykje intertekstualitet for den som likar slikt. Intriga som boka byggjast rundt, er mykje meir enn det ein først skulle tru. Det likar eg også. Slik får Ravatn godt fram forteljartalentet sitt, og ho er særs flink til å gje lesaren ein og ein puslespelbit. Samstundes er Ravatn morosam på mange ulike nivå, ho hengjer ut dei ho skildrar, men utan at det vert ondsinna. Nina og familien vert skildra som privilegerte, vindrikkande kulturposørar som går i Grieghallen for å pludre og vise seg fram, dottera er heilt uspiseleg og den mest karikerte, medan Mari er mystisk, slik ho skal vere. Mannen Mads får eg ikkje heilt taket på, men så er han ein travel helsebyråd, då. Som drikk. Nina er alt i alt eit godt val av hovudperson, då ho er sannferdig, samstundes som ho er litt naiv og litt for enkel å vill-leie. Men slik er det jo når ein ser intertekstualitet, spor og samanheng overalt! 

Hovudtema vil eg seie er kjærleik - og at det er ekstremt mange ulike former for kjærleik, som gjer at me gjer ekstremt ulike handlingar. Kjærleiken er, som oss menneskje, mellom anna avhengig av korleis han vert sett, høyrt og tolka. Slik speglar Ravatn prosessen som Nina sendast igjennom tematisk. Ho, som arbeider som litteraturprofessor, og som må tolke tekstar heile tida, vert her utfordra konstant. Og då er det ikkje fritt for å spørje seg om kva som er røynd og kva som er fantasi. Skapar Nina samanheng som ikkje finst? Eller ser ho berre det som andre vil at ho skal sjå? Eller er ho så fokusert på å finne noko, at ho finn kva som helst? Eller er det vinen?

I store delar av boka er det ei uro, ei spenning, som liggjer mellom linene. Uvissa til Nina, og trongen hennar til å vite, pressar på, slik at lesaren også berre må vite, og difor må lesa vidare. Konteksta, også den faglege, er viktig, og gjev ein observant lesar nyttige tips til korleis alt hengjer i hop. Detaljane er, som i dei fleste kriminalromanar, særs viktige. Og Ravatn leggjer seg rimeleg tett opptil sjangeren, utan at ho går fullt inn i krimverda. 

Mi einaste innvending er at dette er fort gjort. Fort lese, fort gløymt. For dette er litt meir underhaldning enn roman. Men det verkeleg moro, og verdt tida, og Ravatn er ein forfattar eg gler meg til å lesa meir av.

lørdag 27. juli 2024

Oppdateringar frå lykkelandet

Bilete: Bokelskere
I 2007 kom det ut ei kul, raud bok på Samlaget: Røff guide til samtidslitteraturen. Ho var skriven av litteraturkritikar Marta Norheim (f. 1955), og tok for seg den nyare norske litteraturen. Kriteria var få og tydelege: Boka skulle handle om den nye, norske skjønnlitterære prosaen. Forfattarane måtte ha debutert etter 1990 og ha gitt ut meir enn ei bok. På berre 313 tette sider greier Norheim å måle eit godt bilete av kva som rører seg i litteratur-Noreg: ulike forfattarar, tendensar i forfattarskap, tendensar i litteraturen, sjangrar, tema, ulike tematiske liner, og eit rikt utval lesingar og tolkingar. 

Ti år seinare gjer same dame det på ny. Denne gongen heiter boka Oppdateringar frå lykkelandet medan undertittelen er Røff guide til samtidslitteraturen. Og ho er knall gul! Boka kom ut på Samlaget i 2017. Oppskrifta er den same: Den nye, norske skjønnlitterære prosaen og nye, norske forfattarar, hovudsakeleg dei med meir enn ei bok, som har debutert etter 2005. Godt etablerte forfattarar, som til dømes Carl Frode Tiller og Brit Bildøen, er ikkje med her, sjølv om dei var med sist. Også her gjer Norheim reie for kva som finst i samtidslitteraturen nett no.

Og det er ikkje eit lite arbeid ho har lagt ned. Det er klårt at ho allereie veit og kan mykje av dette, grunna arbeidet som kritikar gjennom fleire tiår. Slik sett er det smart at ho nytter dei same unike kunnskapane minst to gonger; først i bokmeldingar og omtalar, vere seg skriftleg eller på radio, dinest i bokform, som her. Men eg misunner henne ikkje ryddearbeidet. Ti år med eit utval norsk skjønnlitteratur er mange hundre bøker, om ikkje meir enn tusen. Ei utfordring er å lesa alle, eventuelt lesa nok til å kunne seie noko om bøkene, dinest samle, rydde og setje rett bok i rett kategori, lage omtaler, analysere, vise til intertekstuelle liner med meir. Omfattande er ikkje dekkjande! 

Norheim har seksten hovudkapittel med tilhøyrande tematiske overskrifter der ho freistar å sortere litteraturen. Døme på overskifter er mellom anna Klimakrisa. Dystopiar og avmakt, Kunst på tørre nevane, Gamle folk i ei ny tid, Kroppslege kriser og mental kollaps eller omvendt, Livet er ein helt annan stad og Den store kjærleiken og den vesle dritungen. Ut ifrå overskriftene og kva som er hovudtema i kvar enkelt bok, får me så nokre døme på kva forfattaren skriv (om det til dømes er ei bok eller fleire med same tema), korleis ho eller han skriv (utdrag frå ei eller fleire bøker) og korleis Norheim les bøkene (kontekst, komparasjon). Nokre utdrag får meg til å ville lesa meir, medan andre får meg til å halde meg langt unna både forfattar og bok. I båe tilfelle er eg glad for at Norheim har lese.

Ei slik oversiktsbok er naturlegvis ikkje interessant om du ikkje er oppteken av litteratur, og då særleg samtidslitteraturen i Noreg. Men for oss som er det, er dette verket, og den første boka, reine funn. Merk at desse bøkene ikkje er oppslagsverk, og heller ikkje bør verte nytta slik. Til det er bøkene alt for gode. Men etter lesing kan ein, enkelt og greit, finne att gode stikkord og ryddige skildringar, slik at ein slipper å lesa alle bøkene sjølve. Om ein arbeider med litteraturformidling, som eg gjer, kan ein også nytte boka som utgangspunkt for kva bøker eller tema ein kan snakke om i formidlingssituasjonar, korleis ein kan ordne bøker kring ulike tema og kva ein kan lage bokutstillingar om. Boka er også ein framifrå referanse for ulike diskusjonar og spørsmål ein kan ha kring den norske samtidslitteraturen. 

Eg tenkjer at Norheim må vere eit særs ryddig menneskje. I boka har ho i alle fall stålkontroll på alt frå titlar og forfattarar til tema og hovudpersonar. Ho tenkjer godt og klårt, har ein god penn og evnar å strukturere materialet og skrive om det slik at det vert aktuelt, spennande og interessant å lesa. Den einaste innvendinga eg har, er at lesaren må akseptera at alt som vert lagt fram i boka, er verdsatt av ein litt stram vestlending. Sjølv om ho er ein skarp lesar og ein makelaus dugande kritikar, er ho ikkje heilt objektiv, ho heller, og ein annan kritikar ville naturlegvis tatt andre val. Eg må også påpeike at eg likte den fyrste boka litt betre - der har Norheim eit verkeleg overskudd å ause frå. Her er det hakket meir nøkternt. Men ho har gjort eit imponerande stykke arbeide, igjen, eg kosa meg med å lesa og eg ønskjer neste bok over same lest høgst velkommen, og satsar på at ho er å få tak i innan tre år.

onsdag 10. juli 2024

Tre vegar til havet

Bilete: Bokelskere
Ein norsk forfattar eg har fulgt over fleire år, er romsdaling Brit Bildøen (f. 1962). Ho debuterte allereie i 1991 med ei diktsamling kalla Bilde av menn. Ho fekk eit lite gjennombrot med romanen Tvillingfeber i 1998 som vart nominert til Brageprisen, medan romanen Alt som er frå 2004 stadfesta plassen hennar som ein viktig samtidsforfattar i Noreg. Alt som er var også den første boka frå Samlaget som vart kjøpt inn til Bokklubben Nye Bøker.

Så langt har eg to favorittar hjå Bildøen. Den eine er ei samling med essays frå 2009, kalla Litterær salong. Her trekkjer Bildøen fram ti kvinnelege forfattarar - somme nokså ukjende for lesarar i Noreg. Essaya er fine inngangar inn i ukjende, gløymde eller ignorerte forfattarskap, der Bildøen skildrar både den skrivende kvinna og kva ho skriv. Den andre boka eg likar godt, er romanen Adam Hiorths veg frå 2011. Her følgjer vi miljøvernar og idealist Jon Utskott på ei lang reise gjennom landet. Med seg har han ein ung dokumentarfilmskapar. Romanen har tydelege intertekstuelle referansar til Don Quijote og er ei ganske humoristisk bok. 

Boka eg har lese no, er romanen Tre vegar til havet frå 2018. Ho er ei lita bok, på berre 156 sider. Romanen er delt i tre, der lesaren vekselvis følgjer kapittel med overskriftane "Eksilet", "Staten" og "Kroppen". Kvar del har ei stemme, ei kvinne, ei forteljing, eit tidsplan og ein indre kronologi. Vekslingane er ikkje forvirrande, men av di dei er hyppige, vart det litt mykje i byrjinga. Lesaren vart knapt kjend med ei stemme før vekslinga kom. 

I starten kunne det også sjå ut som om desse tre forteljingane og deira tilhøyrande kvinnelege hovudpersonar ikkje hadde så mykje med kvarandre å gjere. Men det har dei. Dei hengjer nøye saman, utan at eg skal seie på kva måte. Eit slik grep er eit godt val i denne teksta, som, om ho hadde vorten skriven kronologisk, hadde vorte mykje meir ordinær, og diverre truleg føreseieleg og flat. Å skrive i slike tilsynelatande fragmentariske kapittel skapar spenning og variasjon i det som eigentleg er ei nokså ordinær historie. 

Og ordinære historiar er heilt i orden. Det er dei det er flest av, og lesarane trengjer at dei finst. Men denne historia var, for meg, vanskeleg å lesa utan å knytte den opp mot forfattaren sjølv. Og det vart eit reelt problem medan eg las. Tematikken vart ikkje universell, men knytt opp til forfattaren. For eg veit, av di eg har fulgt Bildøen ei god stund, at ho og mannen ikkje har fått eigne barn. Dei har freista å adoptere, venta på eit barn, håpa på eit barn - utan å få eit barn. Og ho har snakka offentleg om desse utfordringane fleire gongar, mellom anna i kronikken Nesten mamma. Ho er også ærleg med at ho nyttar eigne erfaringar i denne boka. 

For meg vert det diverre litt for tett på. Eg ønskjer ikkje å vite slike personlege og private detaljar om forfattarane eg les bøker av. I alle fall ikkje om norske forfattarar - landet er såpass lite, at dette er folk eg møter innimellom. Det er litt som å møte på ein ekskjærast og hugse korleis han eller ho såg ut naken. Det er kleint. For all del, eg forstår kvifor forfattarar nyttar eigne erfaringar, og at det er godt å skrive om det ein kan. Skrivinga kan også vera ein slags terapi. Men samstundes kan dei ikkje gløyme mottakarsida. 

Tre vegar til havet er, om ein kan sjå bort ifrå det private, ein fin og ganske stille roman om å finne seg sjølv som kvinne, om å akseptera at ein draum ikkje alltid kan verte røynd, og om å skapa seg eit eige liv etter ei krise. Men heilt stille er romanen likevel ikkje. Det er mange og store kjensler som vert skildra; somme stunder frustrasjon, det er sterk, hulkande sorg, nokre gonger raseri, det er apati og sår maktesløyse og innimellom ein liten dose galskap. Og det heile er stramt komponert, godt strukturert og sårt formidla. Det er nesten så det er litt for stramt til at ein kan tru på det - det er eigentleg litt for litterært.

mandag 6. mai 2024

Daga

Bilete: Bokelskere
Fleire gongar har det vore slik for meg, at dei bøkene som ikkje er mykje å sjå til, ofte gjev meg sterke leseropplevingar. Det gjeld til dømes Baugeids bok av Aina Villanger (f. 1979) - ei bok med ei utruleg keisam framside, men med eit utruleg originalt innhald. Og no, Daga av Sigmund Løvåsen (f. 1977). Ei forside som ikkje seier stort før ein har lese, men med ei tekst som inneheld så mykje.

Daga er eit skodespel. Det vart sett opp for fyrste gong i 2004, og kom som bok på Det Norske Samlaget same år. I stykket møter me ein gammal, blind mann som heiter Jon. Kvar dag trekkjer han av eit kalenderblad frå kalenderen sin. Bladet puttar han så i eit norgesglas. Norgesglasa, fulle av desse blada, fyller heile kjøkenet til Jon. Dei er alle stader, og Jon kan mest ikkje laga seg kaffi utan å slå borti eit glas eller to. Kvar dag kjem også kompisen Per på vitjing. Han har vore på sjøen i mange år, men ikkje no meir. No er desse dagane alt dei har. Begge ber med seg ei sorg over at livet ikkje vart kva dei håpa og trudde. Kan hende dei gjorde nokre feil? For no, no, er dei gamle og stusselege, og fyller dagane med å krangle og drikke. Dei har ikkje nokon andre. Dei ventar eigentleg berre på å døy.

Men nett i dag kjem det nokon. Nokon andre. Nokon som snur alle desse tomme dagane og dei fulle norgesglasa på hovudet. Ei ung kvinne kjem. Ho heiter Marianne og har med seg eit lite barn. Og dei to, nett som dei to gamle, har ingen andre. Ho og barnet, sonen Uno, er heilt åleine. Plutseleg er ikkje livet heilt over likevel. Kan hende er det noko som dei to gamle kan gjere. Kan hende er det meininga at det skal vere nett slik, at dei to skal hjelpe han og ho. Og historiane deira ser ut til å krysse kvarandre på fleire punkt.

Og meir enn det vil eg ikkje seie om handlinga. Dette er ei tekst - eller eit skodespel - som ein må lesa eller sjå sjølv. Her finn ein personar ein kan kjenne seg att i, sjølv om ein ikkje er ein gammal mann. Det er skildra eit lite liv ein kan sjå føre seg. Kan hende ein har kjent på noko av det same sjølv: Er dette livet mitt no? Korleis kom eg hit? Kva hadde hendt om eg hadde gjort noko annleis? Gått i A-klassen, ikkje i B? Sagt nei, ikkje ja? Flytta til Førde, ikkje til Bergen? Hadde det då, hadde eg då, vore annleis? Meir eller mindre lukkeleg? Og kva med den store kjærleiken? Teksta gjev oss ikkje noko svar, men oppmodar oss til å tenkje rundt eige liv og eigne val saman med Jon, Per og Marianne.

Symbolikken i teksta er ganske tydeleg, men veldig fin. Den vert konkretisert med alle kalenderblada, og talet på antall dagar vert også sagt i fleire replikkar. Og etter kvart får kalenderblada ein ny funksjon, vert nyttige, vert meir enn tørre ark i norgesglas. Det same gjeld fleire gamle gjenstandar. Det vert eit frampeik og ein parallell til slutten, noko som gjev skodespelet ein nydeleg komposisjon. Slik vert det insisterande, nesten krevjande, og sterkt. Alle desse dagane, og Jon berre er -. Er det ikkje nok å berre vere? Somme stunder er det langt ifrå nok. Men tida, dagane, er det einaste me alle har til felles. Tida går uansett kor du er og kven du er. Og her på jorda har vi berre vår eigen tid, enkelt og skremmande på same tid. Slik vert også tittelen sterkare; Daga. 

Løvåsen har eit poetisk og på same tid eit konkret språk, knytt opp til nett dei omgrepa Jon har. Språket er korkje underleggjerande eller abstrakt, men kretsar kring Jon og livet til ein blind mann i eit lite kjøkenrom. Her finn ein få vyar og draumar, det er det som har vore og det som er no. Løvåsen syner fram det stusselege hjå Jon og Per, men han driter dei ikkje ut. Dei er nett slik dei er, på godt og vondt, og det vert henta opp att i språket. Det er ei sår, vondvakker stemning i stykket.

Skodespelet har fem scener. Løvåsen har nokså mange scenetekstar - overraskande mange - og dei kretsar kring kva skodespelarane gjer på scena, med kvarandre, med norgesglasa, at dei kjem inn og ut av døra og så vidare. Det gjer at regissøren og skodespelarane ikkje har så mykje rom til å spele ut alternative tolkingar av teksta. Men det trengjer dei eigentleg ikkje. Dette er eit stramt og godt komponert stykke som får fram nett det forfattaren vil syne fram. Stykket vekkjer kjensler hjå lesaren, og får oss til å tenkje.

Eg er veldig glad for at Samlaget held fram med å trykkje og gje ut dramatikk. Eg ville aldri ha fått med meg oppsetninga på Hedmark Teater, og ville då aldri fått vere med inn i nett denne verda til Sigmund Løvåsen. Eg trur alle har godt av å tenkje rundt eige liv frå tid til annan, og eg er takksam for at eg fekk gjere det på nett dette viset. Skulle skodespelet verte satt opp att, vil eg svært gjerne sjå det, for dette lika eg svært, svært godt.

tirsdag 12. mars 2024

Oskar og eg

Bilete: Bokklubben
Om du berre skal lesa ei barnebok frå 2023, vil eg tilrå deg å lesa Oskar og eg av Maria Parr (f. 1981). I ho får du sjarm, ein god lått, trøyst og gode timar saman med dei som er dei viktigaste i verda: Barna.

Barneromanen Oskar og eg - og alle plassane vi er finn stad ein plass på Vestlandet. Eg ser for meg ei lita bygd med nokre hus i ei klynge, der eitt av dei har eit soverom nede i kjellaren. Og der, på eit heilt vanleg rom med dinosaurar på veggane og ei helt vanleg køyeseng til å sove i, bur Ida, som er storesyster, og Oskar, som er veslebror. Ho søv oppe, han nede. På golvet ligg det drøssevis med sokkar, for dei må jo ta av seg sokkane når dei skal leike sirkus i senga.

Vi følgjer Oskar og Ida, som er eg-personen i boka, gjennom om lag eitt år, og får vere med då Oskar byrjar på skulen og kva som hender når ryggsekken til Oskar vert borte, på fantasifull leik ute og inne, mellom anna elvesafari, tur til den vesle trehytta, ein særs lang aketur og skremming av tjuvar, vi feirar Halloween og vert redde når Oskar er borte, vi er med når dei kosar seg og har det som best i verda, når dei kranglar og skrik til kvarandre, når dei feirar jul, når dei skal flytte frå kvarandre og kjem heim att, når dei et snø med saft i, når dei ønsker seg trampoline og når dei mistar den finaste onkelen i verda. 

Heile vegen er forfattaren tett på hovudpersonane, og skildrar dei to barna varmt og sanseleg. Det er rom for situasjonskomikk (då går det ofte utover dei vaksne i boka) og misforståingar, staheit, redsle, sinne, gråt og rein lukke. Og det er det godt å lesa om, det er ei god bok å vere i. Dette er heilt vanlege barn, ein heilt vanleg familie, ein heilt vanleg heim. Og uansett kva som hender og kva krumspring me vert med på, landar me trygt og godt i køyesenga når kapitlet er ferdig. Det er nesten litt for idyllisk, og samstundes herleg frigjerande å sleppe diagnosar og teknologisk mas og skilsmisser og bilulukker og andre dramatiske hendingar.

Det er Ida som fortel historiene i boka til oss, men dei handlar ofte om kva Oskar finn på, og kva dei gjer som familie. Forteljingane er verkeleghetsnære og lette å kjenne seg att i, både for små og store, anten det handlar om ei dansande rumpe, klasking med rullegardiner, overivrig fantasi, å ønske seg ei trampoline, å lage kiosk eller noko heilt anna. Skikkeleg spennande vert det også eit par gongar, men ikkje så spennande at det ikkje passar for dei små. Nei, her er det barnevennleg og roleg spaning, slik at alle kan sovne med ein smil om munnen.  

Parr legg ikkje noko i mellom, og både Oskar og Ida vert skildra nett som dei er, med gode og dårlege sider. Ho vert sur, han vert sint. Ho er urettferdig, han skrik, ho bestemmer for mykje, han er bortskjemt, ho får dårleg samvit, og han er trist. Men mest av alt er dei glade i kvarandre, så glade som berre sysken kan vere i kvarandre. Og av di dei er skildra som heile menneske, vert dei verkelege, dei vert to barn som både eg og barna mine kjenner oss att i. Etter lesinga kunne vi nytte tema og hendingar frå kapitla som utgangspunkt for samtale om korleis vi har det heime hjå oss. Til dømes trur også nokre her heime på nissen. Og det er vanskeleg å ville dele rom med eit veslesysken samstundes som ein ikkje vil det. For på eit eller anna punkt vert jo den lille barnsleg. Samstundes finst det ikkje noko meir kos i verda enn å krølle seg saman med eit lite sysken og sovne.

Maria Parr har skrive nok ein flott barneroman, der barna er hovudpersonane og der deira verd og røynsler er det viktigaste i verda.

torsdag 5. oktober 2023

Nobelprisen i litteratur 2023

Bildekilde: Tom A. Kolstad
Plutselig skjedde det som mange håpa på, men som få kanskje torde å tro på, sånn helt på ordentlig: Vi fikk en ny norsk mottaker av Nobelprisen i litteratur! Og prisen gikk sjølsagt til den mest verdige av alle våre forfattere, en mann som har vært forfatter i hele sitt voksne liv, som har hatt hyppige utgivelser siden debuten i 1983 - det vil si i førti år - som har skrevet over sytti ulike verker og som mestrer både romanen, fortellinga, diktet, skuespillet, barnebokteksten, essayet, librettoen og oversettelsen, som sjøl er oversatt til over femti språk, som allerede bor i Statens æresbolig for kunstere og som har opplevd en suksess som dramatiker som kun overgås av Henrik Ibsen (1828-1906). Det er sjølsagt Jon Olav Fosse (f. 1959). 

Kjære Jon Fosse, dette er så innmari velfortjent, så enormt stas og helt ufattelig kult! Og for oss som har fulgt forfatterskapet ditt over mange år, er det også en sann triumf at en litt underlig nynorskforfatter, full av integritet og med en forkjærlighet for stramme rammer, med en helt særegen stil og tone, en unik suggererende kraft i sjeldent kompromissløse tekster, som uredd stuper uti eksistensielle temaer uten å holde igjen, kan oppleve en slik sensasjonell og internasjonal suksess. Nå er vi ikke lenger så aleine om å mene at du besitter et helt spesielt talent, og at det du skaper er av svært, svært høy kvalitet. Og for å ikke snakke om hvordan du treffer oss som leser - og både skaper rom, tar rom, krever rom, og skaper gjenklang og gir plass til tanker og følelser som igjen fører til reaksjoner, konsekvenser og merverdier langt utover det målbare. Det er snakk om intense og varige opplevelser som det er vanskelig å sette ord på. 

Derfor, kort og så inderlig jeg kan: Tusen, tusen takk!    

søndag 1. oktober 2023

Morgon i det nedbrende huset

Bilete: Bokelskere
Den canadiske forfattaren Margaret Eleanor Atwood (f. 1939) debuterte som lyrikar med Double Persephone allereie i 1961, og sidan då har ho skrive mellom anna sytten diktsamlingar til, atten romanar, åtte barnebøker, tolv sakprosatitlar, ei mengde novellesamlingar og tre librettoar, for å nemne noko. No har eg lese ei diktsamling som først kom ut i 1995 under namnet Morning in the Burned House. Den norske utgåva, Morgon i det nedbrende huset, kom ut i 2020 og vart gjendikta av Anne Karin Torheim (f. 1953). 

Eg er alltid litt usikker når det kjem til dikt. På ein måte likar eg å lese og skrive om dikta, på ein annan måte likar eg det ikkje. Det vert fort svært personleg, av di eg les med heile meg og freistar å leggje mykje av meg sjølv inn i lesinga og tolkingane. Samstundes er eg ofte redd for å tolka feil. Kva om forfattaren ikkje meinte det slik? Kva om ho skriv om noko heilt anna? Kva om eg ikkje oppfattar det riktig? Eg er særleg oppteken av det no, av di det er sjølvaste Margaret Atwood som har skrive dikta. Eg likar ho særs godt, og eg vil så inderleg lika desse dikta og hengje med i rytme, tone og bilete. 

Og det er ikkje så lett, alltid. Til dømes her, med denne samlinga med episk-lyriske dikt. Ho har fem hovuddelar, og mellom sju og tolv dikt i kvar del. Dikta er ubundne, men har jamn venstremarg. Nokre dikt er berre ei side, medan dei fleste er halvannan eller to sider, nokre går over fleire sider og er mest som ei lita historie. Somme gonger er det samanheng mellom dikta, til dømes med tanke på tema. I del to skriv Atwood om kjende kvinner gjennom historia, som den skjønne Helena. Om ein ikkje veit kven kvinna er eller kven Atwood siktar til, vert dikta litt lukka og meir abstrakte. I del fire handlar det mykje om då far hennar gjekk bort, og Atwood skildrar mellom anna konkrete minne. Desse dikta er litt meir opne, synest eg. Andre gonger verkar samlinga meir fri, altså at ikkje eit tydeleg tema avgrensar innhaldet i dikta. Atter andre dikt er politisk lada.

I tredje del, frå side 56, kjem det diktet eg likte best. Diktet er plassert omlag halvvegs i samlinga, er det lengste og heiter "Halvt-hengde Mary" (noko som er passande når lesaren er halvvegs, og når tittelen på samlinga både har med orda "nedbrend" og "morgon"). Diktet er laga over ei reell hending frå 1680-talet, som tydelegvis har vore fascinerande og inspirerande for Atwood. I diktet møter me nettopp halvthengde Mary, som vart skulda for hekseri og hengd ein kveld. Diktet følgjer henne i tida rett før henginga, under henginga og etterpå. For Mary døyr ikkje: Når landsbyboarane kjem attende om morgonen for å hente liket, er ho framleis i live. 

Det er først og fremst det språklege i diktet som gjer det så sterkt, og korleis handlinga vert støtta av ord og ordtilfang, det grafiske, det formelle. Atwood byrjar med klokkeslett, heile setningar, skildrande, tydelege scener:

Eg kjende ikkje det velretta ordet treffe
og gå inn som ei mjuk kule.
Eg kjente ikkje det krasa kjøtet
som lukka seg over det lik vatn
over ein kasta stein.

Så endrar Atwood det grafiske oppsettet og tempoet, Mary sendast opp i treet med eit rykk: 

Hendene bundne, ein klut stappa i munnen,
eit heist flagg som ei helsing til månen,

den gamle gudinna med beinkvitt ansikt, særlingen
som ein gong tok blod i bytte for mat.

Kvinnene kjem seinare for å sjå på ho der ho dinglar. Mary ser dei, alle saman, og i diktet har ho ein indre monolog med dei. Ho forstår kvifor dei ikkje kan hjelpe ho ned, men klandrar dei samstundes. Ho hugsar at ho hjalp dei, ho var god. Og no?

[...]
Eg kan sjå ned i augehola og
nasebora deira. Eg kan sjå redsla deira.

Du var min venn, du òg.
Eg gjorde barnet ditt friskt, frue,
og fordreiv ditt, du ugifte kvinne,
for å berge livet ditt.

Medan Mary hengjer for å døy, startar ho ein samtale med Gud, ho seier at ho held fram ein krangel "om den frie viljen":

Er det mitt val at eg heng og dinglar,
lik hudlappen på ein kalkun, i dette
fullstendig likegyldige treet?

Ho tenkjer vidare i tydelege, grufulle bilete, og kjempar mot seg sjølv, mot reipet, mot døden, mot ein lagnad ho ikkje vil ha:

Døden sit på skuldra mi lik ei kråke, 
ventar på at den pressa raudbeten
som er hjartet mitt, skal breste
så han kan ete auga mine

Så vert det tyngre og tyngre å halde seg i live. Det gjer vondt å anda, setningane glir over i kvarandre, utan punktum, berre ein lang straum, ein lang, rykkjande straum, som harde, vonde hjarteslag.

Vinden syd i lauva omkring
meg trea utsondrar natt
fuglar natt fuglar kvin inne i 
øyrene mine lik eit dolka hjarte mitt hjarte
stotrar i min blafrande tøy-
kropp eg dinglar medan kreftene
renn ut av meg vinden syd
i kroppen riv i stykke
orda eg knyter
nevane held ingen
amulett eller sølvplate lungene blir
piska som ved drukning eg kallar
deg til vitne eg har ikkje gjort
noko kriminelt eg blei fødd eg har fødd eg
før eg vil bli fødd dette er 
eit brotsverk eg ikkje kjem til
å innrømme lauv og vind
hald fast i meg
eg gir ikkje opp

Etterpå er dei heile setningane attende. Mary sprengjer seg fram over sidene, peikar på paradoks og røyndom, og er no på ein annan stad, sjøl om ho samstundes er til stades i den fysiske kroppen sin:

Min første død omgir hovudet mitt
med ein tvitydig glorie, 
medaljen for eldprøva mi.
Ingen kryssar den sirkelen.

Etter å ha blitt hengd for noko
eg aldri sa,
kan eg no seie nett kva eg vil.  

Ho kjenner på einsemd og fridom. No har ho sett kva som bur i menneska ho har rundt seg.
 
Atwood byd på ein rik leik med språk, uttrykk, ordtak, bilete, motiv, mytar og forteljingar, som kan vere vanskeleg å følgje med på. Noko vert borte i omsetjinga, noko grip eg ikkje tak i av di eg ikkje veit kva eg skal gripe etter. Like fullt har eg stor glede av å lese dikta til ho som er ei av dei fremste intellektuelle kvinnene i vår tid - ei kvinne som har vore intenst skapande, skrivande, lesande og tenkjande - og publisert forfattar - i meir enn seksti år.