mandag 6. mai 2024

Daga

Bilete: Bokelskere
Fleire gongar har det vore slik for meg, at dei bøkene som ikkje er mykje å sjå til, ofte gjev meg sterke leseropplevingar. Det gjeld til dømes Baugeids bok av Aina Villanger (f. 1979) - ei bok med ei utruleg keisam framside, men med eit utruleg originalt innhald. Og no, Daga av Sigmund Løvåsen (f. 1977). Ei forside som ikkje seier stort før ein har lese, men med ei tekst som inneheld så mykje.

Daga er eit skodespel. Det vart sett opp for fyrste gong i 2004, og kom som bok på Det Norske Samlaget same år. I stykket møter me ein gammal, blind mann som heiter Jon. Kvar dag trekkjer han av eit kalenderblad frå kalenderen sin. Bladet puttar han så i eit norgesglas. Norgesglasa, fulle av desse blada, fyller heile kjøkenet til Jon. Dei er alle stader, og Jon kan mest ikkje laga seg kaffi utan å slå borti eit glas eller to. Kvar dag kjem også kompisen Per på vitjing. Han har vore på sjøen i mange år, men ikkje no meir. No er desse dagane alt dei har. Begge ber med seg ei sorg over at livet ikkje vart kva dei håpa og trudde. Kan hende dei gjorde nokre feil? For no, no, er dei gamle og stusselege, og fyller dagane med å krangle og drikke. Dei har ikkje nokon andre. Dei ventar eigentleg berre på å døy.

Men nett i dag kjem det nokon. Nokon andre. Nokon som snur alle desse tomme dagane og dei fulle norgesglasa på hovudet. Ei ung kvinne kjem. Ho heiter Marianne og har med seg eit lite barn. Og dei to, nett som dei to gamle, har ingen andre. Ho og barnet, sonen Uno, er heilt åleine. Plutseleg er ikkje livet heilt over likevel. Kan hende er det noko som dei to gamle kan gjere. Kan hende er det meininga at det skal vere nett slik, at dei to skal hjelpe han og ho. Og historiane deira ser ut til å krysse kvarandre på fleire punkt.

Og meir enn det vil eg ikkje seie om handlinga. Dette er ei tekst - eller eit skodespel - som ein må lesa eller sjå sjølv. Her finn ein personar ein kan kjenne seg att i, sjølv om ein ikkje er ein gammal mann. Det er skildra eit lite liv ein kan sjå føre seg. Kan hende ein har kjent på noko av det same sjølv: Er dette livet mitt no? Korleis kom eg hit? Kva hadde hendt om eg hadde gjort noko annleis? Gått i A-klassen, ikkje i B? Sagt nei, ikkje ja? Flytta til Førde, ikkje til Bergen? Hadde det då, hadde eg då, vore annleis? Meir eller mindre lukkeleg? Og kva med den store kjærleiken? Teksta gjev oss ikkje noko svar, men oppmodar oss til å tenkje rundt eige liv og eigne val saman med Jon, Per og Marianne.

Symbolikken i teksta er ganske tydeleg, men veldig fin. Den vert konkretisert med alle kalenderblada, og talet på antall dagar vert også sagt i fleire replikkar. Og etter kvart får kalenderblada ein ny funksjon, vert nyttige, vert meir enn tørre ark i norgesglas. Det same gjeld fleire gamle gjenstandar. Det vert eit frampeik og ein parallell til slutten, noko som gjev skodespelet ein nydeleg komposisjon. Slik vert det insisterande, nesten krevjande, og sterkt. Alle desse dagane, og Jon berre er -. Er det ikkje nok å berre vere? Somme stunder er det langt ifrå nok. Men tida, dagane, er det einaste me alle har til felles. Tida går uansett kor du er og kven du er. Og her på jorda har vi berre vår eigen tid, enkelt og skremmande på same tid. Slik vert også tittelen sterkare; Daga

Løvåsen har eit poetisk og på same tid eit konkret språk, knytt opp til nett dei omgrepa Jon har. Språket er korkje underleggjerande eller abstrakt, men kretsar kring Jon og livet til ein blind mann i eit lite kjøkenrom. Her finn ein få vyar og draumar, det er det som har vore og det som er no. Løvåsen syner fram det stusselege hjå Jon og Per, men han driter dei ikkje ut. Dei er nett slik dei er, på godt og vondt, og det vert henta opp att i språket. Det er ei sår, vondvakker stemning i stykket.

Skodespelet har fem scener. Løvåsen har nokså mange scenetekstar - overraskande mange - og dei kretsar kring kva skodespelarane gjer på scena, med kvarandre, med norgesglasa, at dei kjem inn og ut av døra og så vidare. Det gjer at regissøren og skodespelarane ikkje har så mykje rom til å spele ut alternative tolkingar av teksta. Men det trengjer dei eigentleg ikkje. Dette er eit stramt og godt komponert stykke som får fram nett det forfattaren vil syne fram. Stykket vekkjer kjensler hjå lesaren, og får oss til å tenkje.

Eg er veldig glad for at Samlaget held fram med å trykkje og gje ut dramatikk. Eg ville aldri ha fått med meg oppsetninga på Hedmark Teater, og ville då aldri fått vere med inn i nett denne verda til Sigmund Løvåsen. Eg trur alle har godt av å tenkje rundt eige liv frå tid til annan, og eg er takksam for at eg fekk gjere det på nett dette viset. Skulle skodespelet verte satt opp att, vil eg svært gjerne sjå det, for dette lika eg svært, svært godt.