tirsdag 12. mars 2024

Oskar og eg

Bilete: Bokklubben
Om du berre skal lesa ei barnebok frå 2023, vil eg tilrå deg å lesa Oskar og eg av Maria Parr (f. 1981). I ho får du sjarm, ein god lått, trøyst og gode timar saman med dei som er dei viktigaste i verda: Barna.

Barneromanen Oskar og eg - og alle plassane vi er finn stad ein plass på Vestlandet. Eg ser for meg ei lita bygd med nokre hus i ei klynge, der eitt av dei har eit soverom nede i kjellaren. Og der, på eit heilt vanleg rom med dinosaurar på veggane og ei helt vanleg køyeseng til å sove i, bur Ida, som er storesyster, og Oskar, som er veslebror. Ho søv oppe, han nede. På golvet ligg det drøssevis med sokkar, for dei må jo ta av seg sokkane når dei skal leike sirkus i senga.

Vi følgjer Oskar og Ida, som er eg-personen i boka, gjennom om lag eitt år, og får vere med då Oskar byrjar på skulen og kva som hender når ryggsekken til Oskar vert borte, på fantasifull leik ute og inne, mellom anna elvesafari, tur til den vesle trehytta, ein særs lang aketur og skremming av tjuvar, vi feirar Halloween og vert redde når Oskar er borte, vi er med når dei kosar seg og har det som best i verda, når dei kranglar og skrik til kvarandre, når dei feirar jul, når dei skal flytte frå kvarandre og kjem heim att, når dei et snø med saft i, når dei ønsker seg trampoline og når dei mistar den finaste onkelen i verda. 

Heile vegen er forfattaren tett på hovudpersonane, og skildrar dei to barna varmt og sanseleg. Det er rom for situasjonskomikk (då går det ofte utover dei vaksne i boka) og misforståingar, staheit, redsle, sinne, gråt og rein lukke. Og det er det godt å lesa om, det er ei god bok å vere i. Dette er heilt vanlege barn, ein heilt vanleg familie, ein heilt vanleg heim. Og uansett kva som hender og kva krumspring me vert med på, landar me trygt og godt i køyesenga når kapitlet er ferdig. Det er nesten litt for idyllisk, og samstundes herleg frigjerande å sleppe diagnosar og teknologisk mas og skilsmisser og bilulukker og andre dramatiske hendingar.

Det er Ida som fortel historiene i boka til oss, men dei handlar ofte om kva Oskar finn på, og kva dei gjer som familie. Forteljingane er verkeleghetsnære og lette å kjenne seg att i, både for små og store, anten det handlar om ei dansande rumpe, klasking med rullegardiner, overivrig fantasi, å ønske seg ei trampoline, å lage kiosk eller noko heilt anna. Skikkeleg spennande vert det også eit par gongar, men ikkje så spennande at det ikkje passar for dei små. Nei, her er det barnevennleg og roleg spaning, slik at alle kan sovne med ein smil om munnen.  

Parr legg ikkje noko i mellom, og både Oskar og Ida vert skildra nett som dei er, med gode og dårlege sider. Ho vert sur, han vert sint. Ho er urettferdig, han skrik, ho bestemmer for mykje, han er bortskjemt, ho får dårleg samvit, og han er trist. Men mest av alt er dei glade i kvarandre, så glade som berre sysken kan vere i kvarandre. Og av di dei er skildra som heile menneske, vert dei verkelege, dei vert to barn som både eg og barna mine kjenner oss att i. Etter lesinga kunne vi nytte tema og hendingar frå kapitla som utgangspunkt for samtale om korleis vi har det heime hjå oss. Til dømes trur også nokre her heime på nissen. Og det er vanskeleg å ville dele rom med eit veslesysken samstundes som ein ikkje vil det. For på eit eller anna punkt vert jo den lille barnsleg. Samstundes finst det ikkje noko meir kos i verda enn å krølle seg saman med eit lite sysken og sovne.

Maria Parr har skrive nok ein flott barneroman, der barna er hovudpersonane og der deira verd og røynsler er det viktigaste i verda.

2 kommentarer:

  1. Denne romanen er noko av det finaste 2023 kunne by på, og eg lo meg nesten over ende, og særleg då heile familien fekk omgangssjuka :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Er så einig - det er eit morosamt kapittel! Generelt er boka full av flotte skildringar der Parr evnar å sjå både kvardag og komikk. Imponerande!

      Slett