lørdag 12. mars 2022

Kort & godt: Livet og korleis leve det

Bilete: Det Norske Samlaget
Livet og korleis leve det. Ei handbok for vaksne av Anne Gunn Halvorsen (f. 1984) er ei tilgjengeleg og brukbar sjølvhjelpsbok. Den er ikkje ei slik bok eg plar å lesa, men plutseleg var no boka i handa mi saman med fleire andre, dinest i posen på veg heim frå bokhandelen - det var den dagen eg kjøpte femten bøker på impuls, slik hender frå tid til anna - så i hylla med resten av bøkene eg enno ikkje har lese. Og i fjor las eg ho, men eg har ikkje hatt tid til å skrive om ho før no.

Anne Gunn Halvorsen, som er journalist, forfattar, kommentator og meldar, tek utgangspunkt i eige liv og eigne vanar i skrivinga av denne boka. Ho undrar seg over korleis ho plutseleg har eit "heilt ordinært vaksenliv" med to barn, gjeld og ansvar. Og ho skjøner at ho har nytta alt for mykje tid på å googla alt frå fødslar til kjendisar, framfor å leva, og vera til stades i eige liv. Kvifor? Den brå erkjenninga får ho til å stansa opp og taka eit skritt attende. Er det slik ho vil leve, med nesa i telefonen eller dataskjermen, besett av nokre heilt uviktige nyhende om folk ho ikkje kjenner? Korleis skal ein leve? Korleis lever andre? Ja, korleis leve livet? Som om det er en fasit, tenkjer eg.

Halvorsen nytta eitt år til å forske på nett dette, og til å skrive om utviklinga av prosjektet og det ho avdekkja. Boka hennar har fem delar: Kjærleik (og korleis leve saman), Tid (og korleis bruke henne), Pengar (og om du bør bruke dei), Mat (og korleis ete utan å ta livet av deg sjølv eller andre) og Død (og korleis overleve). Til kvar del har ho intervjua ulike folk som har ulike løysingar på problem knytt til deltitlane. Det er interessant å lesa kor annleis folk løyser utfordringane, og kor nøgde dei er med sine eigne løysingar. Men revolusjonerande lesnad er det ikkje. Me veit jo at folk lever på mange måtar. 

I tillegg til å nytte eige liv, refleksjon og dybdeintervju, brukar Halvorsen også statistikk, forsking, historie, kurs og konferansar for å kaste lys over ulike perspektiv og døme, og ho gjer greie for allmenne tendensar i samfunnet. Eg er einig i mykje av det ho syner fram og konkluderar med - for det er langt på vei berre sunn fornuft. Og teksten flyt godt og er lett å lesa, sjølv om den har eit smånevrotisk og journalistisk preg. Eg kjenner meg att i mykje, til dømes det kaotiske tilværet med små born, men ikkje alt. Det vert mest litt tilgjord, og eg tenkjer, er folk slik? 

På baksida av boka står det at boka "kan gjere deg klokare - og få deg til å senke skuldrene, litt". Eg vil tru det er tilfelle for mange hipstarar i travle og bråkete bykjernar, folk som ikkje har tid til å helse på nokon i heisen, som tekstar medan dei går, som om det sparar tid, og som er så oppslukte av seg sjølve og sin eigen suksess at dei gløymer alle som eksisterar utanfor desse slitsame egoboblene. Men vil dei i det heile ta seg tid til å lesa denne boka? Eg tvilar. For oss andre, som bur på mindre stader, der tempoet ikkje er så hektisk og mødesamt, der du er på hels med alle i heisen og til og med ynskjer dei ein god dag når du går ut, der du ikkje tekstar medan du går, av di du går saman med nokon andre, og der du ikkje får lange tida til å meske deg i eigen suksess før du vert satt på plass av ein vrikjeft av ein nabo, der, der kor eg bur, der hjelper ikkje denne boka det spøtt. For me har allereie tatt nokre val, som inneber at me ikkje sit og les om treningstights eller Leah Isadora Behn til ein kvar tid, for å nytte døme frå boka. Me er allereie til stades i eigne liv, og det har me alltid vore.

Like fullt trur eg boka er fin for dei som strevar og kavar, og kan hende vil den hjelpe dei med å lande litt i seg sjølv, i at det er greitt å ikkje få til alt, at det er mogleg å ikkje ta same avgjerd som familie og vener, og at det er lov å leve slik ein vil. Og det er det viktig å hugse på.