fredag 17. august 2012

Soga om Tristram og Isond

Soga om Tristram og Isond frå 1226 er ifølgje mange litteratur-historikarar den første norske roman, i tydinga at boka er omsett til norrønt og ikkje skrive på norrønt av ein nordmann. For ho er opprinneleg fransk, soga, og det er den språkmektige broder Robert, som etter ordre frå den intellektuelle og kontinentalt orienterte kong Håkon Håkonsson, gjer omsetjinga.

Dei fleste veit litt om kva soga handlar om. Tristram er ein god og edel riddar som ofte går i kamp for andre. Han vinn mot kjemper og drakar og frir både jomfruer, kongar og byar frå dårlege tider. Isond er den vakre og kloke dottera til kongen og dronninga i Irland. Av mor si har ho lært mykje gode lækjarråd. Ein ven av Tristram, kong Markis, ynskjer seg Isond som dronning. Tristram vert sendt for å fri og å hente kongsdottera til England. På veg heim drikk dei båe, utan at dei veit det, av ein kjærleiksdrikk som mor til Isond har laga til Markis og Isond. Drikken vart laga for at kongen og Isond skulle få eit lukkeleg ekteskap. Men no vert i staden Tristram og Isond fanga i ein kraftfull kjærleik, og dei klarar ikkje å rive seg laus. Isond giftar seg med kong Markis, men held framleis Tristram som elskar og hjarteven. Sjølvsagt lagar dette problem for dei alle tre, og for dei andre menneska ved hoffet til kong Markis.

Trekantdramaet er eit av dei eldste litterære motiva som finst. Ein finn dei i gamle antikke drama, i legendene om kong Artur (mellom Artur, Guniver og Lancelot), i forteljingane om Robin Hood (det er meir enn ein mann som ynskjer å gifte seg med Marian), i norrøne ættesagaer, i middelaldertekstar som Ivens saga, i balladar og folkedikting, i eventyr, og sjølvsagt i romanar, tekstar, drama, film og tv, opp til vår tid. Men til forskjell frå mykje av dagens litteratur, som handlar om menn som har meir enn ei kvinne, handlar desse to middelalderforteljingane om kvinner, dronningar, som har meir enn ein mann. Det synes eg er spanande. Kva tankar ligg bak nett dette? Har dei geistlege som skriv ned tekstane ein idé om at kvinner er svakare, i sjel og moral og handling, enn menn, og at dei difor syndar? Eller er desse dronningane særs tiltrekkjande for riddarane?

Felles for både Isond og Guniver er at dei nektar for kva dei har gjort, offentleg, og at dei får tilgjeving frå mannen sin (kong Markis og kong Artur) og Gud. Isond ber jernbyrd, medan Guniver vert truga med brenning - men Lancelot reddar ho. Kva kongane tenkjer, er forresten ikkje viktig i det heile. Markis vert skildra som litt dum og godtruande, medan Artur tek det tyngre, men vel å ikkje skilje seg ifrå Guniver. Men skuldingane sirkulerer ved hoffet. Det er riddarane som tek på seg skylda, som vert sendt vekk, som hamnar i krig med kongen, som forsvarar æra til dronninga, som må gjere bot til Gud. Kvifor er det slik?

Jo, for i båe tilfelle er det kva som er sømmeleg og høveleg forfattaren ynskjer å syne oss. Det er den høviske kjærleiken som er viktig, ikkje attrå og nyting, desse lekamlege lystene som gjer ein svak i sjela. Tekstane har ein tydeleg oppdragande funksjon for middelalder-mennesket, og inneheld difor mange skildringar av kva ein skal gjere i ein slik vanskeleg situasjon. Men riddarane klarar ikkje halde fingrane frå fatet, og etter ein god stund utan si kjære, må dei sjå ho (og kvinnene er ikkje noko betre, dei). Kjærleiken deira er så sterk at sjølv Gud må vike! Er det fordi kjærleiken er skapt av noko magisk (kjærleiksdrikken), og ikkje Gud? I Soga om Tristram og Isond vert det særleg tydeleg heilt til slutt, medan både Guniver og Lancelot får tilgjeving etter å ha vore lengje i kloster.

Soga er spanande, av di ho undersøkjer problem som alltid er aktuelle hjå menneska.
Ho handlar om etikk og moral, om tru og tilgjeving, om ære og dygd. Og ikkje minst om kjærleik. Tristram og Isond gjer kva som helst for kvarandre, men dei vil ikkje "stå fram" som elskarar av di det vil såre kong Markis og Isodd, kona til Tristram. Dei vil og verte stempla som syndarar av frendene sine og av Gud, og Tristram vil jagast frå riket. Men dei er ikkje lukkelege viss dei ikkje kan vere i lag. Difor held dei på, i løyndom, frå seglturen til England og til dei døyr. Soga er romantisk, med mange søte situasjonar og gode ord, dramatisk med fleire handlingstoppar og viktige dialogar, og tragisk av di ho ender så forferdeleg trist.

4 kommentarer:

  1. Fin anmeldelse - selvom jeg ikke forstod alle ord på nynorsk. Det kæmper jeg stadig lidt med, må jeg indrømme.

    Det er også interessant at se, at i den norske overlevering figurerer Lancelot - i modsætning til den franske fortolkning. Sådan er det jo med sagaer, og det er det, der gør dem levende og spændende.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det, Nille! Jeg burde kanskje ha advart deg om nynorsken. Jeg synes det er et så flott språk, og skriver om alle nynorske bøker på nynorsk. Det er en fin måte å praktisere på. Men jeg skjønner at det er krøkkete og uvant når en ikke er vokst opp med det. Og det ligger jo tidvis nokså langt unna det danske skriftspråket. Men bare spør hvis du vil jeg skal oppklare noe.

      Veldig spennende det du skriver om boka og Lancelot, for det visste jeg faktisk ikke. Lurer på om det var broder Robert, som ganske sikkert skreiv den norrøne versjonen, som tok det valget, eller om han oversatte fra ei fransk utgave som ikke lenger fins. Men fins den i så fall i andre kilder? Det er det utrolig interessant å tenke på!

      Ønsker deg ei fin uke!

      Slett