Den tjukke og store, men samstundes lette romanen Lykka er ein sjeldan fugl frå 2010, er så langt den nest siste boka til den franske forfattaren Anna Gavalda (f. 1970). Eg har nett lese ho ut, men har for ein gongs skuld ikkje så mange tankar kring det eg har lese. Det er mest som om slutten, utan ein einaste laus tråd, er så motstandslaus og konfliktfri og intetsigande at det ikkje er så mykje å tenkje over. Litt meir slik: jaja, slik gjekk no denne soga. Vonar Charles vert lykkeleg, for han plaga vettet av meg fram til side 350 med ei detaljert utgreiing om heile midtlivskrisa si, og deretter plaga han vettet av meg med alt anna. Han skravla i eitt, og forfattaren med han. Nokre ville kanskje kalla det heile for eit slag upretensiøst "ordgyteri", og dei tek absolutt ikkje feil. Men trass i alle orda, har både Charles og Gavalda si sjarm. Ho vert berre lett kamuflert.
Det er arkitekten Charles på 47 år som er hovudpersonen, og han har eit traurig liv. Ikkje noko går eigentleg hans veg, og han arbeider og reiser heile tida. Resultatet er ei kone som er utro, og ei stetenåringsdotter som må kjøpast, samt sterke problem med å få sove og kvile. Han er stressa og utkøyrd på same tid, men finn ikkje ro. Når har får eit brev med orda "Anouk er død", går det frå gale til verre. Livet susar gjennom hovudet hans, store og små episodar gjenskapast, og den indre uroa vert kraftigare og villare å temje. Charles veit ikkje kva han skal gjere, og tenkjer på Anouk heile tida. Kva hendte? Er ho verkeleg død? Kvar er ho? Og kven sendte brevet?
Dei første 200 sidene handlar berre om Charles som vimar rundt i sitt eige og tenkjer på Anouk og ei tid som for lengst er vekke. Han skjønar at han må gjere noko, og dei neste hundre sidene handlar om kva han skal eller bør gjere, korleis og når. Her er både Charles og Gavalda useieleg treige, dei får liksom aldri ut fingeren, og det er berre dumt, for både lesar og forfattar veit at Charles må dra. Endeleg kjem han av garde. Men det er ikkje ei rask reise (hugs at boka er på ca 620 sider). Og ho er ikkje spanande, for forlaget har skrive mykje av kva som hender bak på boka (lite visste eg at desse hendingane ikkje hendte før etter side 350).
Gavalda skapar eit verkeleg og sant univers i boka. Ho er full av omsorg for karakterane sine, og ho sjarmerar lesaren med humor, ein del naturleg og truverdig dialog, konkrete skildringar og ein drøss med populærkulturelle referansar, slik at alle kan kjenne seg "med". Alt vert fortalt, ikkje noko ligg under eller mellom eller kring linene. Det er særs ordrikt, ikkje noko kan hende i løyndom, Charles og forfattaren ser og skildrar, høyrer, kjenner, rapporterar og kommenterar alt. Dei viktigaste delane av boka vert fortalt frå ein person til ein annan (oftast vår mann Charles), i nærast endelause monologar med stor detaljrikdom og kronologisk orden. Framstellinga av desse passasjane trur eg ikkje så mykje på, eg venta berre på at dei skulle kome til poenget. Og då gjekk det fort førti sider.
Gavalda er aldri nøysam i denne boka. For meg vert alle desse orda, som alltid var der, som ei tvangstrøye. Det kan synast som om forfattaren ynskjer at lesarane skal slusast inn i eit særskilt modus, og berre vere der, for då funkar boka hennar. Men for meg vert det for mykje, og eg fekk ikkje plass eller rom til å tenkje. Ho har rett og slett inga pauserom i boka, sjølv om ho er bombardert med eit utal prikkar (. . .) og særs hyppige lineskift. Boka er tettpakka, full, og rommar berre hennar historie, ikkje lesaranes eigne assosiasjonar. Romanen skal lesast frå perm til perm, mest i eitt, så ein ikkje rekkjer å ande i mellomtida.
Og slikt likar ikkje eg. Eg meiner at ein god forfattar skapar nett dette rommet, der ein kan tenkje og assosiere. Ein del av boka skal vere der, noko, eller mykje, skal ein tenkje seg fram til sjølve. Elles er det inga spenning, og boka vert blotta for emosjonelt engasjement hjå lesaren. Når ein eigentleg ikkje bryr seg om dei ein les om, når dei like fullt berre susar rundt på garden med alle dyra og blomane og ungane og tinga og forteljingane og tårene og spriten, og forfattaren samstundes kommenterer lukkeleg og medvite, utan å tenkje på kva effekt det gir (nei, det er ikkje nyskapande eller stilig), så vert leseropplevinga tam, sjølv om ho er hyggjeleg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar