søndag 13. september 2026

Det framande landet

Bilete: Bokelskere
Eg har lese ei underleg bok. Ein underleg tekst, eit dikt, eit langdikt, som både er ei forteljing og ein visjon og ein samanblanding av eit før og eit no og det som kjem, av draum og av mare, av alt vondt og all von. Eg har lese Det framande landet av forfattar og dramatikar Carl Frode Tiller (f. 1970), ei bok som er like bognande på innsida som på utsida. 

Boka kom ut på Aschehoug forlag i 2022 og er den første diktboka til Tiller. Men det er ikkje noko som tyder på at dette er ein diktdebut. Allereie frå første side er forfattaren heilt på plass, med masse språkleg vidd, eit enormt spenn i idérikdom og assosiasjonar, og med kraft og overskot i kvar einaste setning. Tiller leikar, lurar, vrir og lokkar, og sprengjer seg veg gjennom bygda, landet og tida i ein gammal, rusten bil. Her finst ingen reglar, korkje i skrivekunsten eller i tematikk, alt er lov, alt hender, ein må rett og slett berre vere med på reisa. Så, inn i bilen med deg!

*

   hysj
   hør når eg snakkar til deg

   kvar kveld sett eg meg inn i den rustne Amazonen utan ratt og hjul og fyllekjører ned til kjerkegarden
   der pirkar eg bokstavar av gravstøttene og sett dei saman til dikt som berre dei døde forstår
   til sjølvopplevde forteljingar frå liv eg aldri har levd
   til biografiar om kvinner og menn som ingen har hørt om
   til bindsterke verk om kulturar som enno ikkje har oppstått
   og til artiklar om artar som enno ikkje er utvikla

   eg er bohemen og sjåaren i bygda
   auga mine er dronar sendt inn i det framande landet og alt eg ser vil eg dele med deg

   så hysj, hør meg i tausheit
   hysj

*

Her, i opninga på side 5, er det lett å sjå korleis Tiller trekkjer liner frå norrøn tid, med volva som sjåaren i bygda, som den allvitande, ho som kunne fortelje om korleis verda vart til, ho som kunne sjå korleis verda skulle gå under og atter byrje på ny. Tiller har same perspektiv der han freser gjennom historia så menneske og dyr, årstal og hendingar sprutar kring han. Han kan sjå alt, spå alt, og undergangen er ikkje til å unngå. Han kontrasterer og skapar dynamikk konstant, høg og låg, det vakre og det vonde, og det er ein fryd å lesa! 

Han skriv til dømes følgjande på side 14:

   og byen breier seg utover landet som ei flomstor elv
   skatteinntektene strømmer på og du kjøper kasse på kasse med kragar og mausa og reiser ein hær som marsjerer frå massakre til massakre og berre vips
   eit imperium er født og du og dronninga blir rikare og rikare der de ligg, vomstore på kamelskinn og i grå hjørnesofra frå Møbelringen
   og med ringtunge fingrar knipsar de smekk smekk piskeslag over slaverygg og inn kjem lekre rettar de har snakka opp frå brølande kjendiskokkar på fjernsyn
   for gebisset de fekk i konfirmasjonsgåve av haiane, rokkene og skatene tygg ikkje grandis lenger
   ikkje kebab heller
   og vinen de drikk har ikkje stått og gjæra plopp plopp på grøn ballong inne på eit fuktskada studentbad, men er plukka ut frå Polets bestillingsutval
   etter anbefaling frå ein femi sommerlier med stiff upper lipp og kjeften full av fransk

*

Det er boblande, brusande, susande, bilete på bilete, men utan at det vert mas og kjas. Det er ein straum, ei bølgje, og lesaren duvar, susar og rutsjar med, nikkar, småler, nikkar igjen. Språket er kontant og direkte, utan rom for tvil. Eg trur boka vert betre jo meir ein kan, av di mykje av det Tiller skriv hengjer på kunnskap og referansar som er ålment kjente. Om ein ikkje veit eller kan det Tiller skriv om, kan diktet verte vanskeleg å hengje med i, av di det gjeng fort. Det gjeld uavhengig om det er populærkultur, krig, religion eller politikk som er referansane - her er det rom for alt, og lesaren må følgje med på alle vendingar. Samstundes er Tiller trufast mot det opphavelege, mot volva. Me skal heilt ned, verda, alt, skal verte audt og øydelagt:

   og fjell fell som legoklossar ut av ein s-lagspose i barndommen
   pol-is og præriar og savannar og ørkenar kjem flytande ut som flygande teppe med isbjørn og bison og gnu og ørkenrev som måpande passasjerar
   ser månen gli forbi
   ser planetar passere
   ser sola bli stor større størst

   veit du nok eller kva

*

   og igjen er det audt og tomt
   ikkje sand, ikkje sjø
   eller svale bølger
   og det er mørke over det store djupet
   berre ginnungagap

*

Heldigvis for lesaren er det ikkje slutt her, med desse orda, på side 62-63. Nei, me skal halda fram litt meir, verda skal verte ny, me som les skal få von, her frå side 65:

   igjen hører eg lyden av fjell som veks
   av kontinent som rivnar og driv frå kvarandre
   av øyer som reiser seg og bryt gjennom havflata

*

I seg sjølve er ikkje alle desse utdraga dikt, mest berre små stykke prosa. Og utdraga tyder ikkje mykje når ein berre les dei, lausrive og for seg sjølve. Men til saman vert det meir, opp mot volva vert det meir, opp mot i dag, med krigar og pandemiar og naturkatastrofer, vert det meir. Opp mot i dag vert det viktig. Det framanede landet er eit suggererande, overraskande og spennande dikt som meir enn gjerne kan verte lese av fleire.