mandag 7. oktober 2024

Hyttebok frå helvete

Bilete: Bokelskere
I sommar var eg eit av mange hundre tusen menneske i Noreg som var på hytta. Eg ser på det som noko naturleg og sjølvsagt, noko eg ikkje må forklara - klart eg skal på hytta! Og klart eg går på tur! Men kva med dei som ikkje vil på hytta? Dei som ikkje vil på tur? Dei som korkje vil på hytta eller på tur? Og kva med dei som meiner at dei mistar vennar og kollegaer til hytteliv og natur? Kva med dei? Jo, dei har no fått ei eiga bok.

Boka er sjølvsagt Hyttebok frå helvete, og ho er skrive av Are Kalvø (f. 1969) - forfattar, kåsør og satirikar. Kort oppsummert er det Are Kalvø sjølv som ikkje vil på hytta. Faktisk vil han ikkje gå tur heller. Med mindre det er i store byar med mange pubar der han kan møte gamle kjende og drikke masse øl. Slik har han hatt det i fleire tiår. Men etter kvart byrjar vennane å forsvinne. Dei skal nemleg ut på tur eller opp på hytta, eller begge deler på same tid, sommar etter sommar, helg etter helg, helst i kondomdress eller i jakke med mykje lommer. Dei skal vere i eitt med naturen, finne att seg sjølv, kjenne seg liten, finne indre ro, sjå utsikt og få innsikt eller noko slikt. Og Are forstår ikkje heilt hva som gjer at vanlege folk vil slikt. Dei vil seg sjølv vondt! Kva er bra med mygg og knott, tåke, gnagsår, våte ullklede, sur røyk, frose vatn og kuldesjokk? Og kva er feil med by og folk og pub og øl?

Og når ein nyfiken kar ikkje får svar, går han empirisk til verket. I alle fall i dette verket. Her får me som les vere med forfattaren sjølv, samt sambuaren "Dokumentasjonsansvarlig", ut på to forsøk der målet er å få Are til å verte glad i naturen. Forsøk nummer ein går for seg ein seinsommar. Ferda går frå Oslo og opp i Jotunheimen, der dei skal ta for seg Besseggen og kome seg opp på Galdhøpiggen til fots. Det er mykje styr med å finne riktige sko (som er alfa og omega), verdas grønaste jakke (finst ikkje dårleg vær, berre dårlege klede), dårleg turmat (rangert etter kor langt du bør ha gått før inntak) og eit svært avgrensa sangrepertoar. Neste forsøk er med ski på beina, det er påske, staden er Hardangervidda og dei skal gå frå hytte til hytte saman med alle dei andre påskeidiotane som likar å gå på ski i kø og ete underleg tilberedt kjøt oppå kvarandre medan dei søv i gangar og kott på dei overfulle turisthyttene.

Kva som vert konklusjonen på desse forsøka, skal eg ikkje røpa her - då må du lese boka sjølv. Men forsøka og opplegget vil eg kommentera. Det er flott at forfattaren nyttar seg sjølv heile vegen, det gjer at me som les kjem tett på. Kalvø skriv godt, teksta er lett å lese, og eg humrar mykje undervegs, både når Are skal ut for å kjøpe alt naudsamt utstyr, og når han er på veg inn i Oslomarka, trallande det eine augeblinket, klissblaut det andre. Det er særs mykje humor i boka, og ein skal vere en real tørrpinn om ein ikkje har det i alle fall litt moro. 

Men det er ikkje berre lått og løye. Kalvø trekkjer også fram mellom anna statistikk, undersøkingar, definisjonar, prisar, nettstader og chattegrupper, og nyttar ei blanding av kvalitative og kvantitative antropologiske og/eller sosiologiske metodar, noko som høver bra til prosjektet. Det gjer at boka, sjølv om ho er morosam, også har litt alvor. Me som bur i Noreg, er særs glade i hytter og fjell og natur og tur. Og det er ikkje noko nytt. Men det er riktig at korleis me nyttar naturen, og haldningane til både natur og bruk av natur, har endra seg. Det er det interessant å lesa om. Før, til dømes då Are var liten, var det ut på tur heile tida. "Søndagsturen" var eit vanleg omgrep, og du var ei underleg skrulle om du ikkje gjekk søndagstur. Men no, no har me meir fritid enn nokon gong og sitt meir på ræva enn nokon gong, både i arbeidet og elles. Men plutseleg skal altså samtlege ut å springe og svette i kondomdress og verte raudsprengte i andletet av rein naturnyting. Er det midtlivskrisa i vår tid? Er det dårleg samvit? Helsemas? Tør ein vanleg mann ikkje lenger å kome susande med motorsykkelen, då det korkje er klimavennleg eller politisk korrekt? Eller er milelange turar slikt kvinner må gjere når borna har flytta ut? Ein kan spørje, og det gjer Are med.

Men noko forfattaren ikkje trekkjer fram, som eg hang meg opp i, er følgjande. Han sjølv har ein stor trong for det urbane (som peikar fram mot boka og forestillinga frå i haust, Berre bønder lengtar heim) og alt som følgjer med av folk og pub og øl. Det går faktisk greitt av di han er busatt i Oslo og kan gå til alt. Ikkje alle bur der, og ikkje alle kan gå over alt. Vidare: Han er ikkje småbarnsfar. Med andre ord: Han kan leve mest slik han vil. Det er ikkje eit problem om han drikk øl på ein tysdag eller tek eit glas vin på ein torsdag. Han skal berre ordne med seg sjølv uansett. Attmed er han nokså fri med tanke på arbeidet. Ikkje alle har det slik. Omsyn må takast. Eg vil faktisk påstå at dei fleste i Noreg ikkje har same utgangspunkt som Kalvø. Difor er han ikkje representativ, noko som gjer at undersøkingane heller ikkje heilt held mål.

Dinest: Kva i alle dagar er det med all denne drikkinga han driv med? For eit mas! Han skriv sjølv i boka at (fritt sitert) han trur at han må få natur og tur til å verte meir som nyttårsaftan for at han skal like det. Det er frykteleg kleint når du er ein godt vaksen mann som VEIT kor bra naturen er, for alle, reint objektivt. Og eg forstår at dette skal vere heilt subjektivt. Og humoristisk. Men som han køyrer på, då. Det er utepils her og utepils der, samanlikningar med øl, smaken av øl, sakn av pub, uttrykk som "det skulle smakt med ein øl no" og liknande, dei står i kø i vinter og vottar for å få utepils i solveggen i påska framfor å kome fram til turisthytta, det er lengt etter øl og drikk og rus og fest og moro, og lommelerka er med, og endeleg vert det drikk og tjoho på hytta med, og hadde eg ikkje visst betre, hadde eg trudd eg las memoara til ein alkoholikar. Så her har du neste prosjekt, Kalvø, no som du har tura i veg i fleire tiår: Ta eitt år som heilt rus- og alkoholfri og sjå kva det gjer med skrott og skalle. Kan hende du til og med vert glad i naturen!

Forutan slike masete greier, er dette ei underhaldande og morosam bok som passar ypperleg til dømes som julegåve, særleg til heilfrelste naturgaukar (vil dei ta kritikken?), rapande sofagrisar (vil dei ta hintet?) eller overurbane, lett alkoholiserte middelaldrende mannfolk som treng ei livsstilsendring viss dei er interesserte i å leve lengje (vil dei kjøre same opplegg som Kalvø?). Og faktisk fungerer boka godt for oss midt i mellom også.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar