tirsdag 30. desember 2025

Gjestene

Bilete: Bokelskere.no
Karin og Kai har vore gift i mange år, og har to gutar saman. No skal dei endeleg ha ei veke fri frå born og kvardag, der dei til vanleg jobbar som kommunal rådgjevar (ho) og snikkar (han) i Nittedal. Dei har nemleg fått låne ei hytte ein stad i skjergarden ved Oslofjorden. Ei ny luksushytte! Karin vil eigentleg ikkje på hyttetur, men tilbodet er for godt til å la vere. Og Kai skal gjere ein liten jobb for eigarane medan dei er der. Han skal lage ei ny brygge. Så det vert noko arbeid, ikkje berre sjømat og vin og bading og båtliv. Dessutan er Karin litt nyfiken på korleis det ser ut der. Er hytta så ille som ho trur? 

Eigarane, ja. Det er skodespelar og kjendis Iris Vilden og den rike eigedomsspekulanten Mikkel Wexøe. Iris er ei gammal veninne av Karin, frå skulen, då dei var kring tolv år gamle. Men Iris var ikkje ei god veninne. Og Karin har alltid kjent seg så lita kring Iris, så utruleg lita og uviktig. Dei råkar inn i kvarandre på slump på ein utestad etter 25 år utan å sjå kvarandre. Karin må motviljug hjelpe Iris med eit juridisk dilemma ho har, og som takk får mannen hennar, Kai, oppdraget med brygga, og dei får låne hytta i ei veke medan han snikrar. Karin vert ståande å sjå på det store familiebiletet på hytteveggen. Dei har også to gutar. Og alle fire er solbrune og blide og perfekte. Biletet er perfekt. Hytta er perfekt. Alt er berre for bra.

Karin kan ikkje kome seg ut fort nok. Ho vil heim, ho har sove dårleg, ho likar ikkje luksusen og stilen, mest av alt av di ho likar han likevel, og difor hatar ho seg sjølv. Kai trivst, og jobbar traust med å rive brygga. Karin vil ikkje. Ho vil ikkje tekste med Iris, vil ikkje skulde ho noko, vil ikkje hjelpe ho, vil ikkje vere veninne. Vil ikkje hyggje seg, heller. Ho vil ha sitt eige liv attende. I ro og fred. Utan Iris og Mikkel og ekle bilete av deira lukkelege liv på netthinna. Frustrert går ho vekk frå hytta, over svaberga, opp og ned, følgjer stien, og brått kjem ho inn i ei lita vik. Ein mann står og fiskar, men i staden for å vere venleg, er han brysk og frekk og informerer ho om at ho no er på privat grunn og kan ha seg vekk. Karin er rask til å ta igjen, og er nedlatande av di han ikkje får fisk. Det har nemleg dei, seier ho. Så snur ho seg og går attende.

Men ho kjente han att. Mannen. Det var forfattar Per Sinding som stod der og fiska og var ekkel med henne. Han er ein kjent forfattar, som attpå til er gift med ein endå meir kjent forfattar, den ekstremt kjente Hilma Ekhult. Og Hilma Ekhult er favorittforfattaren til Karin. Om Per er der, i den vika, må vel Hilma vere der ein stad, ho med? På hytta i vika, ovanfor brygga og hagen? Kan hende om ho går attende, at ho kan sjå Hilma med? Det er alt for freistande til å la vere -. 

Slik vert det heile satt i gang. Forfattar Agnes Ravatn (f. 1983) har skrive ein stram roman med få menneske, der alt hender på eller kring desse to hyttene: Den lånte, nye, perfekte hytta til Iris og Mikkel, og den gamle familiehytta til forfattarparet Sinding og Ekhult. Legg til hovudpersonen Karin, som kjenner at ho sjølv og snikkarmannen kjem til kort opp mot slike framifrå menneske frå kultureliten, hennar trong til å hevda seg, visa seg, og ikkje vere berre den ho er, ein kommunalt tilsett utan nokre spesielle evner. I staden for å berre vere det kjedelege ekteparet Karin og Kai, kan dei vel overdrive litt, sminke sanninga, leggje til noko som ikkje er heilt sant og få lov til å vera nokon andre? 

Romanen er skrive i førsteperson, slik at me kjem tett på hovudpersonen Karin. Me følgjer ho på hyttekjøkenet, der ho korkje kan finne søppelbøtta eller barskapet. Me følgjer ho medan ho sit i solveggen på telefonen og søkjer opp både Iris og Mikkel og Per og Hilma. Me er tett på i tankekjøret hennar, der ho spekulerer og grublar og vil vite meir, samstundes som ho vil heim. Og me er med når ho snakkar med Kai, som alltid er roleg, som ordnar og snikrar og finn søppelbøtta og barskapet og ikkje bryr seg stort om hyttenaboane. Det gjer at me som lesarar får sympati med Karin, og me får tillit til Karin, sjølv om ho er litt ekstrem med all søkjinga si, og forfattaren tydeleg speler på slik kikarmentalitet og snusking me alle kjenner frå til dømes skattelistene. Men som me alle også veit - langt ifrå alle er særleg aktive der. Eg, til dømes, har null interesse i å vite kva naboen tener eller kor mykje leiaren min har på bok. Her tenkjer eg at forfattaren lar Karin vere litt for grafsete, samstundes som nokre delar av handlinga også speler på dette, og det nyttast effektivt vidare.

Når Karin så byrjar å vri litt på sanninga for å framstå som betre enn ho er, er det fyrst underhaldande. Kan ho kome unna med det? Det er nesten så ein får hjartebank saman med Karin. Dinest vert det fortvilande, av di den eine løgna tar den andre. Korleis kan Kai hengje med på alt saman? Vil han avsløre dei? Kor langt kan dei dra det? Når det så viser seg at fleire av personane har eit eige spel, og at Karin ikkje er den einaste som har fortalt ei løgn eller to, vert det nervepirrande. Kven lurar kven? Og korleis vil det ende?

Boka er i underkant av to hundre sider, og er rask å lesa. Ho startar roleg, medan Ravatn byggjer detalj på detalj og dinest aukar tempoet. Det vert etter kvart intenst, og det er heile vegen viktig å hugse på kva som har vore sagt tidlegare, då alt trekkjast med vidare og spelar ei rolle inn mot høgdepunktet til slutt. Strukturelt er boka særs godt tenkt ut og skrive, og Ravatn maktar å halde attende vesentleg informasjon heilt til slutt. Slik var det også med den førre romanen hennar, Dei sju dørene. Det er ei gleda å røyne som lesar, og gir ei eiga lita fryd! 

Nynorsken er lett og lesarvenleg. Om ein ikkje er vende med å lesa nynorsk, kan ein gjerne byrje med ein forfattar som Ravatn. Ho er ikkje arkaisk i det heile, men lett og tilgjengeleg og ligg i mange tilfelle tett opptil bokmålet. Vidare er Ravatn særs god på stemningar, som ho maktar å skildre samstundes som replikkane smell hit og dit. I Gjestene harselerer Ravatn nådelaust med kultureliten, og gjer narr av pretensiøse formuleringar og ein særskild type poserande åtferd. Det er ikkje langt mellom flosklane og klisjéane og fleire oppbrukte uttrykk. Lesaren er heile tida redd for at Karin skal verte avslørt - kva gjer ho då? Somme stunder er det rett ut ubehageleg. Vil maska falle, eller vil ho lyge meir? Som lesar kan ein verte såpass engasjert at ein også kjenner på skadefro og raseri, særleg mot slutten. Det er mest som om ein tar del i kammerspelet der ein sit, eller i alle fall snik litt kring svaberga og lyttar.

Eg likar at Ravatn legg romanane sine til Noreg, at ho nyttar menneske alle kan kjenne seg att i, og at ho skildrar menneske i nokså vanlege omstende. Det gjer bøkene realistiske, konkrete og truverdige, slik at det er lett for lesarane å kome i gang med lesinga og vidare inn i historia. Det å dra på hyttetur, til dømes, som i Gjestene. Det å flytte i Dei sju dørene. Det å rømme frå ein skandale i Fugletribunalet. Og så vidare. Men Ravatn har alltid ein katalysator - noko som hender, som gjer at hovudpersonen kjem ut av kurs. I Dei sju dørene vert Mari borte. I Fugletribunalet vert Allis tiltrekt av Sigurd. I Gjestene er det Karin som lyg. 

Gjestene er ikkje revolusjonerande romankunst, men god underhaldning der særs mykje er solid gjennomført. Boka er smart, morosam og spennande, og passar ekstra godt som sommarlesing, eller når du vil drøyme deg bort og få litt kvardagstrøyst. For me har det, trass alt, betre enn Karin.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar