søndag 7. april 2013

Litterær salong

8. mars 2009 gav Brit Bildøen (f. 1962) ut essaysamlinga Litterær salong på Samlaget. Der har ho samla ti essays om ti kvinnelege forfattarar, frå den brautande Gertrude Stein (1874-1946) til den ikkje mindre diskré Elfriede Jelinek (f. 1946). Mange av dei omtala forfattarane var ukjende for meg, til dømes hadde eg ikkje høyrt om korkje australske Joan Lindsay (1896-1984) eller katalanske Mercè Rodoreda (1908-1983). Og storleikar som lyrikaren Adrienne Rich (1929-2012) og Carol Shields (1935-2003), tilmed Jean Rhys (1890-1979) og Doris Lessing (f. 1919), var og er framleis ulesne. Men ifølgje Bildøen sjølv var nett dette noko av poenget med essaysamlinga: å introdusere gode, kvinnelege forfattarar til ein ny lesarskare. Ho ville opne opp forfattarskap og enkeltverk gjennom å skrive om eigne lesingar, nytte lette, personlege essays som set tekstane inn i ein litterær samanheng og gjev lesaren eit godt oversyn. Og det prosjektet vart vellukka.

Bildøen har laga ei ramme kring essaya sine kor ho gjev kvar forfattar ei dygd. "Dygdene" er som følgjer: stormannsgalskap, tydeleggjering, dobling, distraksjon, forsvinning, intonasjon, rørsle, råskap, spiritualitet og skamløyse. Desse stikkorda er ofte doble, eller meir, og kan seie mykje om til dømes eit verk, karakterisere heile forfattarskapen, peike på forfattarens livssituasjon, drivkrafta bak skrivinga, staden for inspirajon og lignande. Bildøen nyttar omgrepa godt, og synes korleis noko så enkelt som eit eige rom kan vere avgjerande for skrivinga, men ikkje nett slik me trur. Omgrepa kan forstås konkret, som ei verktykasse. Kva verkty kan ein forfattar nytte? Dei ti omgrepa og skildringane av korleis dei fungerar i praksis er gode eksempel for alle som ynskjer å forstå meir av ein tekst, anten som lesar eller skrivar. Bildøen konkretiserar godt og skapar medvit hjå lesaren kring den tekniske delen av forfattarverksemda. I tillegg skriv ho drivande, humoristisk og presist.

Ein kan også lese omgrepa hennar meir abstrakt, kva kostar det å kunne leva av ein forfattarskap? Kan ein vera seg sjølv, fullt og heilt, vera kvinne? Eller må noko ofrast? Desse ti kvinnene kastar seg rett ut i den maskuline forfattarverda og skal ha ros for å vera prinsippfaste og sterke og for å gje eineståande skildringar av si kvinneverd. Men både i essaya til Bildøen, i biografiane deira og i produksjonen deira finn ein døme på at det ikkje er så greitt, på at det krevjer og kostar. Fleire av kvinnene har til dømes ikkje born. Nokre lever med andre kunstnarar og finn samlivet vanskeleg. Kvinna trekkjast mellom ulike roller og forventingar, frå seg sjølve og samfunnet, frå familie og vener. Desse normene kvinna lever under kjem til uttrykk i dei mange ulike verka. Dei skapar aggresjon, ei kjensle av urett, av å vera mindre verd.

Nokon eksisterar medvite under normene, som lyrikaren Halldis Moren Vesaas (1907-1995). Nokon gjer motstand, vil ut, som Amalie Skram (1846-1905). Nokre sprengjer grensene, som Gertrude Stein. Nokre er meir politiske enn andre, til dømes Adrienne Rich. Nokon endrar historia, som Jean Rhys. Nokon tyr til allegoriar og andre univers, som Doris Lessing. Og ei er heilt på utsida av alle normer, nemleg Elfriede Jelinek. Men som Bildøen presiserer: Jelinek skriv jo ikkje dårleg sjølv om ho vekkjer dårlege kjensler hjå lesaren. Heile vegen i alle essaya les eg inn mange kommentarar frå Bildøen, om tekst og lesing, om ulike kvalitetar, om kvinnerolla før og no, om kva som er akseptabelt (eller ikkje) i tida og samfunnet (døme her er Skram og Jelinek), om kva førestellingar som følgjer med forfattaryrket hjå lesarar og forfattaren sjølv. Det er viktige tankar.

Då eg byrja å lese om amerikanske Gertrude Stein, vart eg ikkje særlig oppglødd. Stein fekk "dygden" stormannsgalskap, utan at essayet ber preg av det same. Men alt Bildøen skriv om Stein, vekkjer ikkje leselyst hjå meg. Stein framstår som ei mannhaftig dame, utan skruplar, som diskuterer på høgt nivå med kunstnarmannfolka i eigen salong medan kvinnfolka må sitje på kjøkenet med kjærasten Alice B. Toklas (1877-1967). Prosjektet hennar var å skrive slik venen Picasso måla, og ho vert somme stader kalla "the mother of modernism". Men utan omsyn til kva ein måtte tenkje om Stein og hennar prosjekt, så gjorde ho noko som mange kvinner ikkje gjer eller ikkje klarar: tek sin plass. Kan det kallast stormannsgalskap? Nei. Nett dette kan karakterisere essaysamlinga med: ho handlar om kvinner som tek sin plass. Som kjempar. Som held ut og av og til sigrar.

Essaysamlinga er ei samling om tekst og tankar, om å vera og om å skrive, om å finne sin plass eller å ta sin plass. Kvar forfattar har sin strategi, si stemme, si dygd, og Bildøen deler deira teknikker og perspektiv på eit vis som gjer at det er lett å verte oppglødd og ivrig; ein vil lesa meir om alle og skrive godt sjølve! Då er det fint at boka er full av råd: i skrivinga må ein leggje vekk blikket frå dei alle andre, det gjer både Stein og Skram og Jelinek, leggje vekk alt som kan drepa kreativitet og skaparfridom. Ein må vera litt stormannsgal, kanskje rå og skamløys. Ein veit aldri kor det ber viss ein tør.

Kvar av desse ti fantastiske kvinnene fortener ikkje berre eit essay hjå Bildøen, men å verte lesne. Diverre var det nokre som ikkje falt i smak hjå meg, men eg veit dei vil gjere stor suksess ein annan stad. Førebels vil eg halde meg unna Stein, science fiction-serien hennar Lessing og alt av Jelinek (som eg alt har lese ei bok av), men eg ser ikkje bort ifrå at eg vil vende attende til deira verk seinare. Eg har allereie lånt meg Shields og andre verk av Lessing. Essayet om dominikanske Jean Rhys var ei viktig påminning om ein annan klassikar, Jane Eyre (1847) av Charlotte Brontë (1816-1855), og eg forsvinn gjerne ned i den verda ein gong til, med Rhys' perspektiv. Det er i Vide Sargasso frå 1966 (på norsk i 1969 under den ikkje fullt så fengjande tittelen Kreolerinnen på Thornfield Hall) at Rhys gjev "the madwoman in the attic", Bertha Mason, eit liv. Også Joan Lindsay vert eg freista til å lese. Parallellane til Tarjei Vesaas (1897-1970) var interessante. Vil eg meine det same? Det må eg finne ut av.

Dei to norske i samlinga, Amalie Skram og Halldis Moren Vesaas, har eg allereie fleire verk av i hyllene. Skram er ein favoritt hjå meg, og eg har hatt stor glede av bøkene hennar i mange år. No ser eg på den ulesne Forrådt frå 1892 med nye auge, og den omfattande biografien til Liv Køltzow (f. 1945) er meir forlokkande enn nokon gong. Eg vert endå ein gong nysgjerrig på den pene dama som skriv barten av mannfolka. Og eg vert nysgjerring på dei andre kvinnene også. I Litterær salong finn vi ein imponerande og eksklusiv samling forfattarkvinner, som eg meir enn gjerne vil ha litterær salong med, Bildøen medrekna. Dei er kompromisslause og tøffe, dei vil og kan og må! At slike essaysamlingar kan ta ein plass i det litterære rommet her i Noreg, synest eg er utruleg flott. Dei fyller eit behov. Desse kvinnene må (gjen)oppdagast, lesast. For dei har noko viktig å seie.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar