No les eg høvesvis dei store klassikarane innanfor kriminal- og spenningslitteraturen. Raymond Chandler (1888-1959) er ein rask og stilig kar, dame Christie har gjort ein gjesteopptreden eller to (eg veit i alle fall kva eg får), John Dickson Carr (1906-1977) var eit interessant og intenst møte, Daphne du Maurier (1907-1989) gav meg ikkje akkurat dei iskalde grøssa som forlaget reklamerte med. Eg har óg lese makkverket hans Patrick Süskind (f. 1949) og nesten døydd av keisemd medan eg las Donna Tartt (f. 1963). Berre namnet gjev meg framleis låkt i hovudet.
No går eg difor attende til krimmens tidlege år (ikkje heilt attende til norske Maurits Hansen (1794-1842), han las eg i tenåra og hugsar ikkje det spøtt), med forfattar Sir Arthur Conan Doyle (1859-1930) og krimgåta over alle, ifølgje mange: romanen Hunden frå Baskerville frå 1902. Jau, du las rett, frå Baskerville. Eg har ikkje kasta meg over ein stiv riksmålsomsetjing frå tidlege dagar, eg har lese Ragnar Hovlands (f. 1952) nye omsetjing, til nynorsk, frå 2009 (og der spør eg: når forlaget, som heiter Baskerville og har ein stor svart hund som logo, fyrst skal gje ut nett denne boka, kvifor kan dei då ikkje marknadsføre ho som ein del av 150-årsjubileet til forfattaren? Folk fell som fluger for slikt, meg sjølv inkludert.). Boka er eit verk eg har høyrt om i mange år, men einaste kjennskap eg har til kriminalgåta er frå eit hønngammalt Donaldblad som sikkert framleis ligg og sleng heime hjå mamma. Ikkje at eg hugsar korleis det enda, så det har vel fint lite å seie.
Dei som veit kven forfattaren er, veit vel òg at han er mest kjend for sine meir enn femti noveller og fire romanar om meisterdetektiven Sherlock Holmes, med hovudkvarter i Baker Street, London. Holmes er ein særs stilig fyr, alltid med rette klede, rein bart og lommelerke. Han er lynande intelligent, intenst sansande og veit mykje om handskrift, psykologi, teknologi, rusmiddel, språk med meir. Han følgjast tett av sin ven, doktor Watson. Deira eventyr er vorte film og tv-seriar fleire gongar, no sist på det store lerretet med Robert Downey Jr. som Holmes og Jude Law som Watson i regi av Guy Ritchie. Det var reklamen, no til boka.
Baskerville forlag er ikkje stort og heller ikkje så kjend, og diverre kan ein sjå det på boka. Ho har fleire slurvefeil som gjer at ho ikkje er så pen å sjå på (kva skjer med den digre skrifta bak på omslaget som hoppar på meg som om eg var ein nærsynt pensjonist, og kvifor er ho ikkje blokkjustert? Og inni er boka allereie i ferd med å revne av di ho ikkje er godt nok limt. Og det er dårleg for ei innbunde bok.). Men om ein ser bort ifrå slike feil, manglande framside etter kolofonsida o.l. og blir van med den underlege skrifttypa, er det rett inn i verda til mr. Holmes og den forvirra Watson, som forteljer i eg-form.
Eg har ikkje lese om Sherlock Holmes tidlegare, men det eg veit, er at han ikkje er ven med skurken James Mortimer. Mortimer er med i denne boka, men dei er skuffande høflege mot kvarandre. Faktisk er det Mortimer som kjem til Holmes: kan han hjelpe med å finne ut kva i alle dagar som hender med Baskerville-slekta uti Dartmoor? Sjølvsagt kan han det. Og det ber i vei, allereie i London, med lange monologar, spionasje, underlege brev, forsvunne støvlar og forfølging i hestedrosje. Eit heilt anna tempo enn i dag, og ofte ganske føreseieleg.
Og dinest går turen ut til Dartmoor og Baskerville gods, med Watson som barnevakt for den vaksne Baskerville-arvingen. Watson melder frå til Holmes om alt som hender, eller ikkje hender, i rapportar og brev, samt Watsons eigne dagboknotat. Ein stor del av boka er difor attfortalt, og me som les er ikkje direkte med når det hender. Det meiner eg er eit tap for spenninga og intriga. For meg vart det aldri utruleg spanande. Men klart det er mykje som er morosamt her! Det er høg sigarføring, råkande replikkar, artige detaljar. Holmes er arrogant og observant, men òg lunefull og distansert, og ein veit ikkje alltid kor ein har han. Lesaren kan støtt kose seg med at ho skjønar meir enn dr. Watson, som lèt seg villeie av vakre kvinner, ein rømd fange utpå myra (Dickens, nokon?) og den sprø naboen som saksøkjer alle i nærleiken etter tur, berre fordi han kan. Men ikkje nokon av desse bilinene i forteljinga er meir enn underhaldning, og dei er ikkje spanande. Og sjølv om forfattaren manar i veg med månelys (eller mangel på nett det), mørker, midnatt, myra, steinrøyser, tåke og ul i natta, vert det aldri skummelt eller ekkelt. Det vert faktisk litt mykje.
Viss det er nokon som ikkje har lese boka, så kan dei trygt lese vidare her, for eg skal ikkje avdekkje korleis det går med gjengen i Dartmoor. Eg skal berre seie at alt har ei logisk forklåring, at motiva er dei vanlege og at skurken, som eg lukta på lang lei, får straffa si, sjølv om oppgjeret aldri kjem. Men sjølv om likevekta attfinnes til slutt, kjennes historia framleis litt uforløyst. Ei lang utgreiing kjem som etterspel, når dei har toga seg attende til London. Men det er likevel noko som slingrar for meg. Kanskje fordi Sherlock Holmes ikkje var så mykje med som eg venta? Eller av di han var så distansert på fleire vis? Eller fordi eg framleis ikkje veit kven Sherlock Holmes er? Noko av det viktigaste i forteljinga, hunden, er eg aldri redd for. Så når Holmes og Watson vil ha meg til å tru at det var på hengjande håret for Baskerville, går eg ikkje heilt med på det. Men eg sit jo framleis i sofaen, og eig verken hund eller gods.
Tror kanskje dette er den eneste Sherlockboka jeg har leste, men jeg var ung, tidlig i tenårene og holdt på å dø av spenning. Fornøyelig omtale, fikk nesten lyst til å lese boka med voksnere øyne -)
SvarSlettTakk for hyggelig kommentar! Jeg tror jeg hadde hatt et adskillig mer intenst utbytte av boka dersom jeg hadde lest den i tenåra også. Det er rart hvordan lesesmak og leseropplevelser endres etterhvert som en blir eldre;)
SlettDenne må eg få has på. Arthur Conan Doyle på nynorsk, eg er mektig imponert!
SvarSlettFin omtale!
Tusen takk, Elida! Det er eit flott prosjekt frå Baskerville og Ragnar Hovland. Mykje går bra i hop, som t.d. språket og naturskildringane. Den røffe stilen til Holmes kler også nynorsk språkdrakt. Men no har ikkje eg lese Holmes på bokmål, så ei samanlikning kan eg ikkje gjere.
SlettSjå meir her: baskerville.no
(En liten ps! - det er James Moriarty som er erkefienden til Holmes, ikke Mortimer - derfor den høflige holdningen dem imellom :o)
SvarSlettJeg ble nok mer revet med enn deg på Dartmoor-heiene, og jeg har konkludert med at jeg nok er en skap-gotiker. Jeg må bare sette meg i rette stemningen først. Dette er en historie som krever det, synes jeg. Ser man kritisk på boka så er jeg enig i at selve plottet nok har gått ut på dato for lenge siden, men det er noe med atmosfæren - om man tillater å hensette seg til den og tidsånden boka ble skrevet i - som tiltaler meg veldig. Det historiske suset når djevlehunden uler på myrheia. Spoooookyyyy... ;o)
Aha, takk for oppklaring! Det forklarer så absolutt hvorfor de var så høflige, ja. Gikk nok litt fort der for meg, men det er kanskje ikke så rart, navna er jo brålike. Skapgotiker er bra! Har du lest bøkene om Frankenstein og Dracula o.l. enda? Ellers er det også litt gotikk å finne hos Emily Brontë, i tilfelle du vil lese mer allerede nå:)
SlettJeg er forøvrig veldig glad for at jeg ikke leste denne da jeg gikk på ungdomsskolen. Hadde blitt vettskremt, og sikkert fått angst både for turer i skog og mark og bikkjer generelt.
Frankenstein og Dracula leste jeg i hine hårde dager uten at jeg kan si at jeg husker hvordan jeg reagerte på bøkene dengang. Wuthering Heights leste jeg i mai ifjor og likte den veldig godt. Ser ut for at det bor en liten skapgotiker i meg ja :-)
SlettJa, det virker sånn! Håper du fortsetter med det, for det er det moro å lese om;)
Slett