![]() |
| Bilete: Bokelskere |
Eg har lese ei underleg lita bok. Eg har lese ei bok full av påhitt og snåle menneske, full av trulege og utrulege hendingar, om omsorgssvikt og kjærleik, om sorg og sut og familie og lengt, om draum og om den verkelege, vonde røynda. Eg har lese Soga om Fråid: hans meiningar og livskjensle som også inneheld somme salige stunder, skrive av forfattar Mona Høvring (f. 1962).
Boka med den lange tittelen kom ut på Samlaget i 2021 og er på berre 125 sider. Og tittelen oppsummerer eigentleg boka - dette er forteljinga om ei krevjande stund i livet til tenåringsguten Fråid, og den noko uvanlege familien han har kring seg. Noko meir er det vanskeleg å skrive, utan å øydeleggje ei mogleg lesaroppleving.
Boka er særs kort og har ikkje mykje å spele på når det kjem til handling. Men eg kan kome med nokre døme på språk og stil:
- Fråid var ein lang og hengslete guteslamp.
- Dokteren seier at ho treng å få vere i ein mild omsorgsstruktur, det vil seie heime.
- Terje Eddipus meinte at spikarhovuda ville stimulere blodomløpet i glutealmusklane til dei som sette seg på benken, noko han rekna som viktig for sinnsroa.
- Det gjekk i baddel for han.
- Han gløymde aldri den dagen læraren, han nekta for ever å hugse namnet hennar, kommanderte han opp til kateteret for å powerpointe på Lindesnes.
Det er omgrepet "livskjensle" som er viktigast, og det er denne livskjensla (eller språkleg stil og tone) som gjer heile boka. Ho er skrive med overskot og fantasi, gneist og glød, ho er kvikk og smart og herleg annleis, sjølv om eg verkeleg ikkje likar det engelske, og korkje bok eller forfattar følgjer noko mal eller sjangerkrav og tek ikkje omsyn til moglege forventningar hjå lesaren. Boka er så full av påhitt som noko bok kan bli. Det er som om forfattaren har sparka redaktøren, gløymt kva ho har lært, kasta ut sin indre kritikar og berre køyrt på! Med alt! Og det er klart at det er underhaldande. Og det er gøy å gjere slik framfor å berre skrive seriøse romanar og alvorlege dikt. Det er ei anna livskjensle.
Samstundes er det ikkje så mykje meir her enn nett det, då, underhaldning. Det er idear og fantasi og eit boblande språk. Det er store sprang frå kapittel til kapittel, og ikkje alltid ein samanheng. Det er underfundige detaljar og heilt irrelevante opplysningar om kvarandre. Det er ulogiske slutningar og problem som ikkje er problem, samstundes som dei tre borna veks opp utan foreldre, noko som er eit verkeleg problem. Men det fiksar dei på eige hand, som om det ikkje er noko å stresse med. Og det som skulle vore viktig, eller rørande, vert borte i det eg vil kalle tullball, referansar og intertekstualitet. Og det er lite for meg som lesar å setje i høve til eller leve meg inn i. Det å skrive slik, er ikke særskilt vanskeleg. Det å få alt til å hengje saman og verte meiningsfylt, det er vanskeleg.
Eg las boka tidlegare i år og tok nokre merknadar då. Sett bort ifra nokre namn - som Fråid, Eva, Terje Eddipus, Vulgaris og Demona - kan eg ikkje hugse så mykje frå korkje handling, kniper eller løysningar utan nemnde merknadar. Og det hender ikkje ofte med meg. Eg kan berre hugse at det har hendt tre gongar tidlegare. Også då hadde eg ei oppleving av at boka ikkje gav meg så mykje. Eg trur difor at boka, sjølv om ho er godt og friskt skrive, med stort hell kunne hatt noko meir ved seg enn berre leik og moro. Kan hende ville ei endring av folkaliseringsinstans, frå tredjeperson til førsteperson, vore klokt.
Soga om Fråid er mi første bok av Mona Høvring. Eg er usikker på om eg vil lese meir. Eg likar prosjektet hennar, den uredde stemma, det sjangeroverskridande og det humoristiske, men som lesar vil eg også ha eit verkeleg innhald. Ikkje berre eit pent omslag, ein snål tittel, mykje referansar, engelske omgrep og uttrykk og desse evinnelege påhitta.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar