mandag 15. februar 2021

Bokhyllelesing: Gunnar Gunnarsson

Bilete: Bokelskere
Når haust vert vinter og det går mot jul, er det tid for at gjetaren Benedikt vandrar til fjells saman med hunden Leo og den digre førarvêren Knasten. Dei trassar skodde, vind, snø og kulde for å vandre høgt og langt, oppover og innover, dit ingen andre går. Dei skal finne bortkomen sau. Somme tider finn dei andre dyr med, men det er sauane dei leitar etter. Dei som er vorte att i fjellet etter innsankinga om hausten. Dei som er heilt åleine og som mest ikkje finn mat meir. Dei som vil døy om dei ikkje vert funne.

I tjueseks år har Benedikt vandra slik. Han byrja då han var tjuesju år gamal, og no er det den tjuesjuande gongen han vandrar. Han vandrar innover og oppover i fjella, heilt åleine, det er berre han og Leo og Knasten og dei dyra dei finn. Viss dei finn nokon. Viss dei ikkje allereie ligg under snøen. Dei går i time etter time, somme tider heile dagen og heile natta. Måneskinet er det fint å gå under -. Dei går frå heimen sin, gjerne på den fyrste adventssundagen. Dei stansar på dei same plassane frå år til år, det er gardane, elva, Botnen, hytta, jordhòla. I sekken er det berre mat; noko kjøt og noko brød til Benedikt, og gras og høy til dyra. Vatn får dei jo når dei smeltar snø. Så går dei. Det er berre Benedikt og naturen, fjella og vêret og tankane. Denne heilage åleinetida, denne adventstida. Som om alt berre står stilt og lèt han vere.

Men denne gongen vert det ikkje heilt som det brukar. Han kjem seint ut. Må hjelpe nokre grannar med å finne hestar. Må vente på betre vêr. Men det lettar ikkje, stansar berre opp litt. Og Benedikt må kome seg ut, fort, så han går. Og det vert stygt uvêr, men han lèt seg ikkje stanse. Han går sjølv om han ikkje kan sjå noko, berre kvitt, kvitt. Snøen føykar, vinden ular, fjella er kvite, steinane er kvite, stien er borte under det kvite og kor er han eigentleg? Han kan ikkje sjå noko -. Leo spring føre, pesande, vert tung i beina, sår på potane. Ulla til Knasten er tjukk av snø og is. Benedikt køyrer staven ned i snøen. Kor er jordhòla? Korleis skal han finne sau når alt berre er kvitt, når han ikkje høyrer anna enn vind, når han korkje kan sjå eller kjenne anna enn snø? Skal dette vere den gongen dei ikkje kjem heim att? 

Eg vil ikkje skrive meir om korleis det går med Benedikt, av di eg meiner at ei slik bok som Advent (1936) bør verte lesen av mange. Ho er ei heilt nydeleg forteljing! Ho er lita, på litt under hundre sider, men enorm i innhald. På desse sidene skriv den islandske forfattaren Gunnar Gunnarsson (1889-1975) fram eit univers som liknar vårt eige. Her møter me eit menneske som meiner at alt liv har same verdi, og som ikkje gjer seg større enn han er. Benedikt vil ofra seg for dyra av di det er rett å leite etter dei han veit er der, han vil gjere bot gjennom å gå i fjella og finne att dei som ingen lenger tenkjer på. 

Men med ein snøstorm på toppen av ei vandring i mørker, vert omstenda rå og brutale. Og den fredelege adventsvandringa vert ein kamp på liv og død. Det er dei tre, desse tre rare felagane, mot alt anna i heile verda. Omsuten til Benedikt vert møtt av eit rasande vêr. Kjærleiken råkast av hat. Leo og Knasten - uskuldige hjelparar - risikerer å døy. For kva? Kunne dei ikkje heller vore heime? Benedikt tenkjer og tenkjer, snur seg og freistar å sjå noko gjennom skodda. Han kan ikkje sjå. Han kan ikkje finne jordhòla. Utan jordhòla vil dei døy, han og Leo og Knasten, nett her. Dei vil verte funne om sommaren om eit halvt år, kan hende ikkje før om fleire år. Så langt opp i fjella er dei no. Gjer han rett no, no som han pressar Leo og Knasten til å gjere dette? Til å gå meir? Vil han snu? Vil han gjeva opp?

Advent har eit gamaldags, nesten arkaisk språk, men det kler forteljinga, personane og situasjonane dei er i særs godt. Det er som om meininga i det heile kjem endå betre fram med desse litt framande orda. Og eg likar at eg må gruble litt over nokre ord, lesa setningar på ny og lytte fram klang og tone. Symbol er det også mykje av. Gunnarsson skriv så utruleg nært og varmt, teksta er full av naturskildringar, kjensler og refleksjonar. Samstundes er teksta ganske rå - Gunnarsson har fjerna alt som ikkje er viktig. Her er berre menneske og natur og kamp for livet. 

Det einaste eg ikkje lika, var at forteljinga stansa så brått. Eg kunne gjerne ha lese åtti sider til om Benedikt, eller to hundre, for det var eit univers det var godt å vere i, og Benedikt var eit menneske det var godt å vere i lag med. Men då ville truleg magien vorte brutt. Uansett om ein likar forteljinga kort som ho er, eller skulle ønskje ho var lengre, er ho ei slik ein kan lesa i eitt strekk, men vende attende til mange gonger. For her er det så mykje å hente. Og om ein hugsar på når ho vert skriven, kan ho også tolkast på fleire vis. Parallellar til Nytestamentet er det òg. Eg er utruleg glad for at eg fekk denne boka, og for at eg las ho, og eg gler meg til neste gong. For eg veit at eg vil gå attende, eg med. Inn i fjella, saman med Benedikt. 

Benedikt lagar seg ei eiga vise medan han vandrar. Og det er mest som om eg kan sjå han, rytmisk tråkkande i snøen, medan Leo og Knasten følgjer på. Eg går attarst, andar kvit røyk opp mot stjernene. Visa er slik:

Storm og snø og heia grå
herder lår og møykjer tå.
Den som alltid livd vil få,
aldri får no livet sjå.

Ja, så lett kan det seiast. Denne vesle perla av ei bok har også hugvarme teikningar av den eldste sonen til forfattaren, kunstnaren Gunnar Gunnarsson d.y. (f. 1914 - ?) og eit etterord av Oskar Vistdal (f. 1953), som set boka inn i ein spennande kontekst. Det er berre å lesa!

2 kommentarer:

  1. Så fint å høre om ei bok jeg ikke kjenner til! Den må jeg lese! En forløper for Jon Fosse? Eller bare helt seg selv?
    Trudelutt

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, denne kan du gjerne lese! Tror du ville like den. Og forresten så har jeg fått den av deg! Nei, ikke forløper for Jon Fosse, dette er helt annerledes. Ikke repetisjoner, ikke suggererende kraft, ikke den eksistensielle tomheten. Noe helt eget og utrolig fint! Her er mye ro og dybde.

      Slett