onsdag 10. juli 2024

Tre vegar til havet

Bilete: Bokelskere
Ein norsk forfattar eg har fulgt over fleire år, er romsdaling Brit Bildøen (f. 1962). Ho debuterte allereie i 1991 med ei diktsamling kalla Bilde av menn. Ho fekk eit lite gjennombrot med romanen Tvillingfeber i 1998 som vart nominert til Brageprisen, medan romanen Alt som er frå 2004 stadfesta plassen hennar som ein viktig samtidsforfattar i Noreg. Alt som er var også den første boka frå Samlaget som vart kjøpt inn til Bokklubben Nye Bøker.

Så langt har eg to favorittar hjå Bildøen. Den eine er ei samling med essays frå 2009, kalla Litterær salong. Her trekkjer Bildøen fram ti kvinnelege forfattarar - somme nokså ukjende for lesarar i Noreg. Essaya er fine inngangar inn i ukjende, gløymde eller ignorerte forfattarskap, der Bildøen skildrar både den skrivende kvinna og kva ho skriv. Den andre boka eg likar godt, er romanen Adam Hiorths veg frå 2011. Her følgjer vi miljøvernar og idealist Jon Utskott på ei lang reise gjennom landet. Med seg har han ein ung dokumentarfilmskapar. Romanen har tydelege intertekstuelle referansar til Don Quijote og er ei ganske humoristisk bok

Boka eg har lese no, er romanen Tre vegar til havet frå 2018. Ho er ei lita bok, på berre 156 sider. Romanen er delt i tre, der lesaren vekselvis følgjer kapittel med overskriftane "Eksilet", "Staten" og "Kroppen". Kvar del har ei stemme, ei kvinne, ei forteljing, eit tidsplan og ein indre kronologi. Vekslingane er ikkje forvirrande, men av di dei er hyppige, vart det litt mykje i byrjinga. Lesaren vart knapt kjend med ei stemme før vekslinga kom. 

I starten kunne det også sjå ut som om desse tre forteljingane og deira tilhøyrande kvinnelege hovudpersonar ikkje hadde så mykje med kvarandre å gjere. Men det har dei. Dei hengjer nøye saman, utan at eg skal seie på kva måte. Eit slik grep er eit godt val i denne teksta, som, om ho hadde vorten skriven kronologisk, hadde vorte mykje meir ordinær, og diverre truleg føreseieleg og flat. Å skrive i slike tilsynelatande fragmentariske kapittel skapar spenning og variasjon i det som eigentleg er ei nokså ordinær historie. 

Og ordinære historiar er heilt i orden. Det er dei det er flest av, og lesarane trengjer at dei finst. Men denne historia var, for meg, vanskeleg å lesa utan å knytte den opp mot forfattaren sjølv. Og det vart eit reelt problem medan eg las. Tematikken vart ikkje universell, men knytt opp til forfattaren. For eg veit, av di eg har fulgt Bildøen ei god stund, at ho og mannen ikkje har fått eigne barn. Dei har freista å adoptere, venta på eit barn, håpa på eit barn - utan å få eit barn. Og ho har snakka offentleg om desse utfordringane fleire gongar, mellom anna i kronikken Nesten mamma. Ho er også ærleg med at ho nyttar eigne erfaringar i denne boka. 

For meg vert det diverre litt for tett på. Eg ønskjer ikkje å vite slike personlege og private detaljar om forfattarane eg les bøker av. I alle fall ikkje om norske forfattarar - landet er såpass lite, at dette er folk eg møter innimellom. Det er litt som å møte på ein ekskjærast og hugse korleis han eller ho såg ut naken. Det er kleint. For all del, eg forstår kvifor forfattarar nyttar eigne erfaringar, og at det er godt å skrive om det ein kan. Skrivinga kan også vera ein slags terapi. Men samstundes kan dei ikkje gløyme mottakarsida. 

Tre vegar til havet er, om ein kan sjå bort ifrå det private, ein fin og ganske stille roman om å finne seg sjølv som kvinne, om å akseptera at ein draum ikkje alltid kan verte røynd, og om å skapa seg eit eige liv etter ei krise. Men heilt stille er romanen likevel ikkje. Det er mange og store kjensler som vert skildra; somme stunder frustrasjon, det er sterk, hulkande sorg, nokre gonger raseri, det er apati og sår maktesløyse og innimellom ein liten dose galskap. Og det heile er stramt komponert, godt strukturert og sårt formidla. Det er nesten så det er litt for stramt til at ein kan tru på det - det er eigentleg litt for litterært.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar