lørdag 28. januar 2012

Draumen og vona og livet

I vår har eg mykje "framand" på pensum. Det er forfattarar eg veit kven er, eg har høyrt om dei og lese om dei, men eg har ikkje lest noko av dei. Enno. Og eg er skeptisk. Til om eg eigentleg vil lese, til om tekstane er gode. Vert eg skuffa?
Til dømes Ivar Aasen (1813 - 1896). Kva i alle dagar skal eg tru om han? På bilete kan han sjå ut som Gamle-Erik eller bygdetullingen. At han var eit språkgeni herskar det ingen tvil om. At han skreiv lange artiklar, dagbok, mykje brev, at han samla ordtak og fyndord og registrerte og forska på ordvariantar og ymse dialektar, veit vi. Men kva med det skjønnlitterære, lyrikken?

Men det er berre å setje i gang med Symra frå 1863. Og Symra er ein kald vårdag som vert varmare og varmare av sola. Og ho vert ein sommardraum som angar av gras og jord og nytjæra planke-veggar, livet er godt no, og heimstaden er den beste plassen i verda. Kjenslene er mange og sterke, og det er lukke og glede som er sterkast. Men både stemninga og dikta endrar seg. Det vert haust og seinare vinter. Det vert bittersøtt, trist. Heimstaden er glissen og matt, og ein søkjer mot noko meir, mot noko anna enn plankevegg og bladverk. Menneska er kaldare der ute, og dei kan ikkje sjå det same som deg. Draumen er ikkje verkeleg, kva med himmelen, æva? Me ber alle på ei sorg, men kva med vona?
Røysta som syner meg røynda hjå Aasens dikt, missar aldri vona.

Frå det nasjonalromatiske til det andelege - forfattaren tek mange sprang. Ein kan spørje seg om det ikkje vert for mykje, men det vert det ikkje. Alt kjem ifrå same røyst, frå same verd. Som lesar er ein med på reisa, ei rytmisk, visuell reise frå dette livet til det neste, eller frå barndom til alderdom. Nokre dikt er tunge og konsonantsterke, andre lette og springande som ein sommarfugl. Kjenslene er universelle, men moralen har rot hjå bondestanden. Eigenskapar som måtehald, mot, truskap og arbeidskraft er dei viktigaste. Og forfattaren poengterar fleire gongar at ein kan vere rik sjølv om ein ikkje nytar godt av materiell rikdom, ein kan vere rik på vener, opplevingar, fantasi, kjærleik og kunnskap. Og viss ein ikkje har sorgar, kvifor skulle ein ikkje då vere blid?

Samstundes kan nokre av dikta tolkast politisk. Aasen snikar inn målsaka fleire plassar, og han skriv så det susar om rikfolka og dei betre stilte i andre land (det velkjende grøne graset), reint så eg vert flau her eg sitter, i eit av notidas rikaste land. Slik sett har dikta framleis appell. Motsetnaden ære - skam nemner han fleire gongar, og det seier ikkje så reint lite om samfunnet og kulturen han kom ifrå og var berar av. Det var mykje meir i desse dikta enn eg trudde, og eg trur at viss ein finles kvart dikt som dei fortener, kan ein hente ut stor lærdom frå ein klok mann. Han såg dei verkelege menneska, ikkje berre språket deira. Og han syner fram ei stor kraft i dikta, livskrafta.

Her frå diktet "Livet":

Lauvet fell um Hausten av,
um Vaaren atter det spretter.
Dauden herjar um Land og Hav,
men Livet kjem altid etter.

(...)

Kjært er Livet med all sin Harm;
det klaarnar, alt som det gjenger.
Men endaa treng eg ei Von i Barm
um eitt, som varer lenger.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar