Bilete: Bokelskere |
Eg las diktsamlinga Kjære vene (2020, på norsk i 2021) av Margaret Atwood (f. 1939) tidlegare i haust. Dei som har følgt meg over lengre tid, veit at Margaret Atwood er ein forfattar eg likar særs godt. Ho har noko heilt eige, og ho maktar å setje saman det store og det vesle, gå frå høg til låg, ho er konkret og herleg abstrakt, ho nyttar symbolikk og er intertekstuell, ho leikar og diktar, medan ho framleis skriv sanning og røynsle. Men framanfor alt er ho ein viktig intellektuell, ein uredd feminist, ein tenkjande og ytrande forfattar som er medvite om si eiga posisjon og nytter stemma si for å løfte fram, snakke om, diskutere og skrive om ulike tema.
Og her, i denne samlinga, er det langt på veg død det handlar om. Eg trur det har samanheng med at mannen hennar, forfattar Graeme Gibson (f. 1934), som boka er dedisert til, gjekk bort i 2019. Atwood og Gibson hadde då vore i lag sidan 1973. På ein eller annan måte opplever eg at fleire av dikta også kan verte lesne som at dei er til Graeme, og ikkje berre inspirert av Graeme eller skrive i sorga etter Graeme. Det vert støtta av at tittelen originalt er Dearly, som kan verte tolka på fleire vis. Attmed tenkjer ein kan hende fort vidare, til beloved. Men det står ikkje, det må lesaren sjølv tenkje seg til. Nokre av dikta kan lesast heilt utan ein slik konnotasjon, då dei vart skrive fleire år før Graeme døydde. Nokre av dei har også vorte publisert tidlegare.
Og med det er eg inne på det som er litt av utfordringa mi med samlinga. Forstå meg rett: Eg likar forfattaren. Eg likar dikta. Men tematisk sett er det ikkje alltid ein intuitiv og naturleg samanheng her. Atwood skriv frie dikt, nokre gongar syklusar eller suitar, og ho varierer oppsett, strofer, verseliner og verseføter frå gong til gong. Og sjølv om det overordna emnet er død, skriv ho om spøkelseskattar, kokosnøtter, andres sexliv, helselære, Frida Kahlo, varulvar og zombiar med meir. Det er mykje å ta inn for ein lesar. Og eg tenkjer at med så store sprik, er det kan hende ikkje ei samling som bør verte lesen frå perm til perm i eitt. Då får ikkje kvart enkelt dikt plassen det trengjer.
Etter lesinga gjekk det ei stund, og eg tenkte ikkje så mykje meir på diktsamlinga. Men ved eit høve kom eg på ho, og eg trakk ho fram for å lesa høgt. Eg fann raskt fram til nokre dikt som passa, og då vart eg overraska. Dei dikta eg hadde plundra med å få til for meg sjølv, hadde ein helt annan klang når eg las dei høgt. Då var det som om eg kunne sjå dikta spele seg ut beint framfor meg! Og dikta vart noko anna, noko meir, noko verkeleg. Her kjem difor noko av det eg las, og her oppmodar eg dykk: Les høgt!
Songar for myrda søstrer
Ein syklus for baryton
1. Tom stol
Ho som var søster mi
Er no ein tom stol
Er ikkje lenger,
Er ikkje lenger her
Ho er no tomrom
Ho er no luft
*
2. Trolldom
Om dette var eit eventyr
Eg fortalte til søster mi
Ville trollet i berget det blå
Ha stole henne
Eller ein lunefull trollmann
Skapt henne om til stein
Eller stengt henne inne i eit tårn
Eller gøymt henne djupt inne i ein blomst av gull
Eg måtte ha reist
Austanfor sol og vestanfor måne
For å finne svaret;
Eg ville ha sagt fram trylleformelen
Og ho ville ha stått der
I live og lykkeleg, utan noko mein
Men dette er ikkje eit eventyr
Ikkje den sorten eventyr ...
I nett desse to dikta er essensen av Atwood, slik eg les ho. Det er leik med språk, fleire døme på intertekstualitet, mellom anna gjennom å nytte eventyra, det er poetiske bilete, det er sorg og sakn, røynsle og sårheit. Og attmed klarar Atwood å skape ei spenning i teksta, slik at me som les, undrar på kva sort eventyr me skal få her. Og slik vil me lesa vidare.
Kjære vene er den tredje diktsamlinga frå Atwood som vert omsett til norsk av Anne Karin Torheim (f. 1953). Dei to andre titlane er Morgon i det nedbrende huset frå 2020 og Susanna Moodies dagbøker frå 2013. Samlinga Maktpolitikk frå 1978 vart omsett av Morten Krogstad (f. 1946). Eg har lese alle fire, og likar nok Susanna Moodies dagbøker best så langt. Men eg vil gjerne lesa meir! Eg vonar difor at dei andre diktsamlingane til Atwood også kjem på norsk etter kvart.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar