lørdag 7. april 2018

Bokhyllelesing: Margaret Atwood

Bilete: Bokelskere
Dei som har lese bloggen ei stund, veit at ein av dei forfattarane eg held høgast, er kanadiske Margaret Atwood (f. 1939). Ho er, i mine auge, heilt suveren! Ho er mest kjend for dei mange romanene sine, særleg dei av det meir dystopiske slaget. Tjenerinnens beretning, ei sjokkerande og djupt opprivande bok som no er vorten ein tv-serie, kom ut på engelsk i 1985 og vart filma allereie i 1990. Dinest kom Oryx og Crake i 2003, Flommens år i 2009 og til slutt siste band i trilogien som er kalla Maddaddam-trilogien, Maddaddam, i 2013. Desse skal òg kome som film eller serie. Dei norske omsetjingane ligg stort sett eit par år etter og er verd å vente på for dei som ønskjer det.

Men attmed desse titlane, og langt fleire, mellom anna den historiske romanen Alias Grace (1996) og Bookerprisvinnaren Den blinde morderen frå år 2000, novellesamlingar, librettoar, barnebøker, essaysamlingar og tilskot i og redigering av ei rekkje antologiar, har Atwood også skrive dikt. Mykje dikt. Faktisk debuterte ho med ei diktsamling attende i 1961, og no har ho, ifølgje Wikipedia, kome opp i tjue samlingar, inkludert to samleutgåver. Det er så imponerande!

Og no har eg, endeleg, lese ei av desse diktsamlingane. Det er tredje runde av Bokhyllelesing 2018 som skapte høvet, då me skulle hente fram og lese diktsamlingar, novellesamlingar eller dramatikk. Eg leita igjennom ulesthyllene og fann fleire gode kandidatar, men då eg fekk auge på Susanna Moodies dagbøker på topphylla, var eg ikkje lenger i tvil. Den skulle eg lese! Og det gjorde eg.

Inntil vidare er det berre to (!) av diktsamlingane til Atwood som er omsett til norsk. Fyrst ut var Maktpolitikk (1971), som kom på norsk i 1978. Dinest altså Susanna Moodies dagbøker, som Atwood fekk gjeve ut i 1970, men som ikkje kom på norsk før så seint som i 2013 - men betre seint enn aldri. Det er forfattaren Anne Karin Torheim (f. 1953) som har omsatt dikta, og utan å ha lese verket i original språkdrakt, kan eg ikkje anna enn å seie at det verkar særs solid og godt gjennomført. Det er mykje stemning, skarpe observasjonar og god dramaturgi i dikta.

Diktsamlinga Susanna Moodies dagbøker går i direkte intertekstuelt samband med dei verka den verkelege Susanna Moodie faktisk skreiv då ho levde. Ja, for ho er ein reell historisk person! Ho levde frå 1803 til 1885 og emigrerte frå England til Canada med mann og barn i 1832. Dei sjølvbiografiske bøkene hennar frå 1850-talet skildrar eit hardt og vanskeleg liv som immigrant, med kort veg frå hand til munn, mykje kroppsarbeid, sjukdom, svolt, kulde og død. Draumen om eit betre liv er mest berre det, ein draum. 

Desse opplysningane, og fleire til, kan me lese bak i boka, der både Margaret Atwood sjølv og omsetjaren har skrive kvart sitt etterord. På mange måtar kan det vere best å lese desse sidene fyrst, slik at ein veit meir om kva ein trår inn i. For røynda til Susanna Moodie er fjern frå vår eigen, og språket til Margaret Atwood er sterkare og krassare og bileta hennar er mindre tilgjengelege enn dei me kjenner frå norsk samtidspoesi. Her trengjer lesaren å hente fram dei gode lesebrillene, og lese langsamt.

I staden for å freiste å skildre dei mange dikta, og greie ut om min eigen lesaroppleving, vil eg gje dykk nokre utdrag frå boka, der de sjølv kan verte prega av den harde realismen, dei skrinne livsvilkåra og dei grimme lagnadane de råkar. Dikta er meir enn sterke nok til å tale for seg sjølve slik dei er, med ei særmerkt stemning og eit overtydande språk. Med litt kunnskap om Canada midt på 1800-talet og noko kjennskap til Susanna Moodie, vert ein trekt inn i verda hennar med ein gong. Og det passar bra at det heile byrjar med "Landgang i Quebec", som også er tittelen på diktet:

Er det kleda mine, måten eg går på,
tinga eg held i handa
- ei bok, ei veske med strikketøy - 
den skjerande lyseraude fargen på sjalet mitt

desse traktene ikkje har øyre for

eller er det min eigen mangel 
på overtyding som skapar
denne audslege utsikta;
lange bakkar, myrene, den nakne sanden,
det skarpe sollyset på beinkvitt
drivtømmer, varsel om vinter,
månen ein framand på dag-
tid, ei tynn avvising
(...) 

Frå diktet "Framfor spegelen":

Det var som om eg vakna
etter å ha sove i sju år

og fann stive kniplingar, rotna
preste-svarte av 
jordslag og sterk drykk

og huda mi var blitt herda
til bark og håret grått ved røtene

I mitt arvestykke av eit ansikt bar eg
med meg knust eggeskal
saman med andre restar:
det kinesiske porselenet i knas
langsmed skogsvegen, sjalet
frå India morkna, brot av bokstavar

og sola med sitt barbariske lys
hadde gjort meg skjoldete
(...)

Og ikkje minst ønskjer eg å dele diktet "Ein ung sons drukningsdød", som fekk meg til å tenkje på den islandske skalden Egil Skallagrimsson (ca. 910-990) og minnekvadet som han laga då sonen Bodvar drukna. Slik vert det ein tematisk samanheng mellom Noreg og Canada, 1800-talet og 900-talet, og når me les desse dikta, er det umogleg å ikkje kjenne sorga.

Han som navigerte med suksess
den farlege elva gjennom sin eigen fødsel,
drog endå ein gong ut

på oppdagingsferd
inn i landet eg berre glei over
utan å kunne ta tak i for å gjere krav på.

Føtene hans sklei på elvebredda, 
straumane tok han;
han kvervla mellom is og tre i flaumvatnet

og dreiv av garde til fjernare støk,
hovudet hans ei dykkarklokke;
gjennom augas tynne glasboblar

såg han ut, dumdristige eventyrar,
på eit landskap meir merkeleg enn Uranus
der vi alle har vore og nokre hugsar. 

Det var ei ulukke; han fekk ikkje luft,
hengande i elva lik eit hjarte.
Dei henta opp den vasshaldige kroppen,

varde på kartet mitt over framtidsplanar,
med staur og fløytarhake
mellom dei nuggande tømmerstokkane.

Det var vår; sola heldt fram med å skine, det nye graset
allereie tett og kraftig;
hendene mine glinsa av detaljar.

Etter den lange reisa var eg mødd av bølgjer.
Foten fann fjell. Draumesegla
fall saman, lasete.

Eg planta han i dette landet
lik eit flagg.

4 kommentarer:

  1. Så spennende! Disse diktene kan jeg tenke meg å lese!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det kunne jeg tenke meg:) Og de kan virkelig anbefales! Jeg har fått veldig lyst til å lese enda mer Atwood, så jeg må nok gå til innkjøp av noen titler til på sikt. Får vel tråle på antikvariatene;)

      Slett
  2. Mariannes kommentar blei plutselig helt borte, men jeg fant den igjen (sjøl om den ikke ville være her mer.) Da gir kanskje svaret mitt litt mer mening også. Kommentaren var sånn:

    Marianne Søiland 7. april 2018 kl. 22:02
    Dette er en fin diktsamling. Leste den selv for et par år siden, og det er nok den beste diktsamlingen jeg (så langt) har lest av henne. Forut for Atwoods diktsamling leste jeg faktisk Susanna Moodies "Roughing it in the bush". Bemerkelsesverdig kvinne!

    http://ebokhyllami.blogspot.no/2015/11/the-journals-of-susanna-moodie.html

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for lenke - og så moro at du gikk rett til opphavskvinna og leste Susanna Moodie! Det har jeg også lyst til, for det virker som om hun klarer å gi et språk til det som er vanskelig, slik Atwood klarer å skape poesi av en sjølbiografi. Det er moro når det fungerer bra!

      Slett