torsdag 9. april 2015

Isslottet

Bilete: Bokelskere
Eg har nett lese ut den stutte romanen Isslottet (1963) av Tarjei Vesaas (1897-1970), ei bok det er vanskeleg å skrive mykje om utan å avsløre kva som er den ytre hovudhandlinga. Like fullt vil eg freiste å klåre meg utan slike irriterande referat som øydelegg for andre lesarar.

Eg er faktisk ei av dei som har gått igjennom norsk skule utan å lese Isslottet, ei bortimot segnomsust bok ein ikkje kan unngå å høyre eller lese om. Men det har aldri falle seg slik, at eg skulle lese ho sjølv. Før no. På ungdomsskulen måtte me lese mellom anna Soga om Gunnlaug Ormstunge og Victoria av Knut Hamsun, seinare kom drama frå Ibsen, dikt av Garborg og noveller frå Kielland og Skram. Nyare verk var det Bjørneboe som stod for, før me hoppa fram til moderne tider med Erlend Loe. I det heile eit underleg utval! Eg ville tatt heilt andre val som lærar - mellom anna ville Isslottet kome høgt opp på lista. Det kjem både av at hovudpersonane i boka er born, born forfattaren tek på alvor, og av di teksta er lett å lese, samstundes som ho rommar mange perspektiv og moglege tolkingar.

Det er Siss og Unn som er hovudpersonane i boka. Dei er båe 11 år, og går i same klasse på skulen. Me møter dei for fyrste gong om hausten, seint i den sprengkalde og mørke hausten, då Siss er på veg bort til Unn. Unn er ganske ny på staden. Ho kom flyttande på våren, til moster si, etter at mor hennar døydde. Far hennar er heilt fråverandre. Einebarnet Siss såg Unn fleire gonger rundt i bygda om sumaren, men dei prata aldri. Så kom dei i same klasse. Siss har ein leiarposisjon i klassen, og ho har freista å få med Unn i gjengen. Men Unn vil ikkje, og Siss skjøner ikkje kvifor. I friminutta merkjer ho at Unn ser på henne. Unn står heilt stille på same staden og berre ser. I timene med. Og Siss byrjar å sjå attende. Ho vert så nyfiken at ho ikkje kan la vere, for det er noko med Unn, det kan ho sjå og kjenne, og blikket hennar varmar, kriblar, er godt. Så kjem ein lapp. Unn vil møtast!

Og det er mest det einaste som står i hovudet på Siss. Unn vil møte henne! Og ho vil sjå Unn med. Sjå og prate og vere i lag heilt utan dei andre på skulen. Difor er ho no på veg bort til mosterhuset. Det er etter skulen, men allereie heilt mørkt. Ho går midt i vegen, innpakka i tjukke klede, det er iskaldt, det knakar brått frå isen på vatnet og i fossen, den blir sterkare og sterkare i mørkret og kulda. Siss veit det, men skvetter til, ho vil ikkje vere redd, ikkje for mørkret og ikkje for ljodane og ikkje for noko anna, men er det like fullt. Difor vert ho glad då ho endeleg kan sjå ljoset frå mosterhuset. Like etter ser ho Unn med.

Inne på rommet til Unn vert det snøgt intenst. Jentene ser på kvarandre i ein spegel, og i ein augneblink ser dei mest rett inn i kvarandre. Dei ser mykje kjend, noko nytt, noko spanande og rart, auga er liksom heilt ope og dei kan sjå kvarandre i den andre. Det er leikande, lokkande, samstundes som det er djupt fascinerande. Augneblinken er lang, det er vanskeleg å rive seg laus. Det er godt å sjå, og verte sett, det er godt å vere i lag. Så tek dei av seg alle kleda. Men det er kaldt på kammerset til Unn, kleda kjem fort på og etterpå er det klemt stemning mellom dei to. Siss vil heim, men Unn vil ikkje at Siss skal gå. Ho har noko å fortelje, noko ho aldri har sagt til nokon før, ikkje til moster og ikkje til mor, noko ho berre vil seie til Siss. Siss vert redd for kva det kan vere, vil ikkje høyre på Unn, lar henne ikkje ein gong starte. Siss kjem seg raskt ut or mosterhuset og spring mest heile vegen heim.

Ho kjem heim for tidleg. Far og mor er framleis vakne, og dei ser på ho at det er noko, at noko har hendt, og dei freistar å få det ut or ho. Siss er brå og vil ikkje prate. Vil ikkje seie noko! For ho veit jo ikkje eigentleg kva det er, korkje det som har hendt eller det som Unn ville seie. Ho vil berre vere i fred. I morgon vil alt bli betre, tenkjer Siss. Då vil eg sjå Unn att, og me kan prate saman. Siss vil gå ifrå gjengen og leiarposisjonen for å vere meir i lag med Unn, ho vil velje Unn, denne nestenframande jenta ho hadde ein augneblink med, denne jenta som får alt til å krible. Og kan hende vil ho høyre historia hennar med.

Men Unn er ikkje på skulen dagen etter. Ikkje er ho heime hjå moster heller. Unn er borte.

Mykje meir kan verte skrive, både om handlinga, personane og symbolikken, som ligg tung over verket. Her vil eg halde det på eit minimum av di eg ikkje ønskjer å gå inn i tittelen, sjølv om den er freistande og interessant og nesten umogleg å sjå bort ifrå. Boka om Siss og Unn er fint komponert og spanande på fleire nivå samstundes. Og alle nivå er med på å trekkje teksta framover. Me har til dømes det ytre og konkrete - kvar er Unn og kva er hendt med Unn? - og det indre og meir abstrakte - kva skjer med Siss? Attmed er det fleire lag mellom linene, til dømes kva som eigentleg hende mellom jentene, kva Unn skulle fortelje og kva som har hendt med ho i fortida. Her er det mange spekulasjonar som eg ikkje skal ta opp att av di det vert for dumt. 

Nett dette med spaning på fleire nivå er eit av dei elementa som gjer at boka eignar seg for skuleelevar (ungdomsskule og vidaregåande). Jo betre lesar ein er, jo større utbyte får ein av boka, samstundes som også dei svake lesarane ikkje kan unngå å kome inn i forteljinga og verte gripne av kva som hender. Kan hende nokre elevar ikkje vil lese boka av di ho handlar om "småjenter", men då er det viktig å hugse på at boka faktisk vart skrive for vaksne, har ein vaksen tematikk og vann ei av dei viktigaste prisene - Nordisk Råds Litteraturpris - i 1964. Det er imponerande for ei så kort og stram bok! Og boka er mykje meir avansert enn ein lesar i tenåra kan fatte, til dømes symbolsk, med mellom anna lys og mørker, is og vatn, varme og kulde, fuglen, trea, lovnaden med meir. Store parti, om ikkje heile boka, kan også verte lest og tolka allegorisk. Romanen er heilt klårt ein av dei bøkene som kan lesast fleire gongar, og som gjev lesaren noko nytt kvar gong.

Men ikkje slik å forstå at boka ikkje er eigna for vaksne. For det er ho absolutt - eg ville berre likt å ha lest ho sjølv i tenåra. Og då ville eg kan hende fått endå meir ut or ho i dag. Isslottet insisterer på lågare lesetempo. Her kan ein ikkje haste av stad som i ein kriminalroman. Oppbygginga av spaning, av handling, av personane, konfliktane og symbolikken, går langsamt og stegvis. Viss ein slurvar, misser ein kan hende viktig informasjon. Ein vil også misse kjensla av å verte innestengd, avsondra, isolert, ei kjensle som i enkelte parti er reint klaustrofobisk. Alt berre stagnerer, og ein anar ikkje korleis ein skal kome seg ut, vekk. At lesaren er i stand til å dele slike kjensler og røynsler med hovudpersonane, er særs viktig for forståinga av romanen. Og alt vert sjølvsagt formidla gjennom det unike språket til Vesaas, som er klangfullt, sterkt, presist, poetisk og rytmisk, med mykje allitterasjon og assonans, bilete og ei medvite veksling mellom stutte og lengre setningar. 

Eg nemnde i innleiinga at forfattaren tek borna i boka på alvor. På sett og vis kan ein seie at han ikkje skildrar dei som born i det heile, men som menneske. Han ser ikkje ned på dei, han infantiliserer dei ikkje, samstundes som han ikkje lar dei vere noko dei ikkje er, vaksne. Vesaas skildrar dei utanfrå, i tredjeperson, men det er nært og varmt, aldri sveitt og klamt. Han lar jentene sanse med både kropp og intellekt, men mykje vert ordlause røynsler av di dei vantar språk - men ikkje forståing - for det dei kjenner. Dette er gjort særs fint, slik at lesaren kan tre inn i desse ordlause romma som forfattaren skapar, og berre vere der i lag med Siss og Unn og kjenne på kriblinga, usikkerheita, einsemda. For å underbyggje det eg nett har skrive, vil eg påpeike at det berre er Siss og Unn som har namn i boka. Alle andre er læraren, jenta, guten, moster, far, mor og liknande. Dei er bipersonar eller kulisser. Det er Siss og Unn det handlar om, og dette eine møtet dei har. Det er Siss og Unn som er viktige, det er deira historie som er sentral. Og det er ei historie med to aksar, ein går opp, ein går ned, og på eitt punkt, møtest dei. Det er her Vesaas byrjer forteljinga, og det er her me kjem inn. Men historia er mykje større, og strekkjer seg langt utanfor boka.

Tematikken i boka hengjer til ein viss grad saman med symbolikken. Båe jenter røyner at dei vert stengd inne, og at det er ein lang kamp for å kome ut att. Den frie, ville naturen som vert skildra, vert soleis ein stor kontrast til det som hender, både konkret og abstrakt. Samstundes er også jentene ein del av den frie, ville naturen, og det er noko dei kjenner på seg. Slik skildrar Vesaas presist og poetisk ei gryande og sårbar tenåringsfase, ei smertefull overgang frå det kjende (barndom) til det ukjende (vaksenheit). Og ekstra rørande vert det når har lar jentene tre inn i og berre såvidt få røyne den fyrste forelskinga. 

Isslottet er til å grine av, på meir enn eitt vis. Det er mykje sterkt og vondt i boka. Men ho er også vakker. Dei psykologiske portretta forfattaren gjev, er så fine, av di han er så audmjuk og var. Men særleg naturskildringane, bileta og symbolikken skapar kraft og von.

2 kommentarer:

  1. Takk for en god anmeldelse av en kjempegod bok. En bok som Ellikken gjorde meg oppmerksom på, for noen år siden, og nå har du gjort meg oppmerksom på den igjen, det er helt klart en bok som kan leses flere ganger, og jeg er er enig med deg, den er til å grine av, selv om den er vakker. Og Tarjei Vesaas sitt språk er nydelig.

    Ha en fin fredag :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for hyggelig kommentar! Og så herlig at vi er flere som løfter fram og setter pris på slike bøker, som er stille på overflata, men brusende og urolige under. Jeg leser gjerne mer Vesaas.

      Riktig god helg!

      Slett