lørdag 16. mai 2020

Bokhyllelesing: Aasmund Olavsson Vinje

Kan ein diktsyklus frå 1866 vere forvitneleg for lesarar i dag? Svaret er utan tvil ja. Men då må lesaren vere budd på å gjere seg umak. 

Noko av det eg likar best med leseutfordringar som til dømes Bokhyllelesing og Alfabetlesing, er at ein vert tvinga til å lese heilt vilkårlege bøker frå eigne hyller med ulesne bøker. Nokre gongar har ein hatt boka i hylla i fleire år, om ikkje tiår! Med ei leseutfordring får ein treig lesar, som meg sjølv, eit spark bak for å kome i gang med bøker som har vorte litt gløymt, eller gøymt. Denne gongen er det Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870) si imponerande, episke diktsamling frå 1866, Storegut, som eg har lese. Mi utgåve er frå år 2000.

Bilete: nb.no
For å forstå og få eit utbyte av tekstene til Vinje, som er særs bundne til omgjevnadane, vert ein nøydd til å setja seg inn i kva føresetnadar dikta er skrive ut ifrå. Difor er føreordet til Åsulv Edland (f. 1944) heilt vesentleg, innleiinga til Aasmund Olavsson Vinje sjølv med. Der får lesaren forklåra kva menneske me skal lese om, og korleis lagnadene deira hengjer saman. Til dømes skriv Vinje at desse sogene er røynlege. Like fullt veit både me som les og han som skriv at noko også er røynsler, draumar og tankar me ikkje kan vite noko om. Men nett denne innlevinga gjer dikta nære og verkelege. 

Vinje er inspirert av hendingar i nær fortid, og fortelijngar om desse hendingane som var høgst levande i Telemarksbygdene medan Vinje levde. Då Vinje var ung, gjekk det gjetord i bygda om Storegut, kjempekaren som ingen kunne sigra over. Han heitte eigentleg Olav Olavsson Edland og vart fødd på Nordigard på Edland i 1764. Han var storvaksen, høg og sterk - og god. Og nett dette, at han tek parti med dei små og svake, skal seinare vere med på å felle den store guten. 

Men forteljinga - og dikta - tek til før dette. Alt byrjar med far til Storegut, blodtapparen Olav. Av di båe heiter Olav, opner Vinje syklusen med 

Og Olav het son, og Olav het far.
     Det Olav på Olav var,
so lenge som det var spurt til mann
     som eigar av Nordigard.

Og då er me allereie i gong med handlinga. Vinje skriv fram livet deira, ikkje berre til far og son, men heile familien. Alle ungane som kjem, tolv i talet, og dei harde vilkåra deira. Det er ikkje lett å leva frå hand til munn i ei lita bygd, der fut og fogd og prest styrer med hard hand på vegne av monarken i København. Men gamle Olav kjenner seg rik, med borna, med kjærleiken. Og han skildrar ei djup lukke, sjølv om me som les ikkje kan la vere å sjå armodet. 

Kvart dikt har eit emne og si eiga form. Mønster for rim og rytme vekslar også, men eit særtrekk ved dikta i Storegut, er at mange av dei er skrive på nystevmetrum og at dei er sangbare, med rimmønster aabb eller abab. Vinje skildrar sårt og klårt kva som hender. Gamle Olav fortel til oss frå andre dikt i andre del. Han skildrar leseopplæring, krigsteneste og kjærleiken. Så kjem borna, og med dei Storegut. Og det er gamle Olav som held fram med å fortelje om korleis sonen veks til, om barndom og lærdom, korleis han vrir kjeft og brukar vald. Etter kvart står Storegut framom oss som eit levande menneske med tresko, litt stutte bukser, slitt ullvest, digre never og eit endå større hjarte. 

(...)
Han måtte varna åkrens bard
med all den makt han åtte.
Um tora slog, som rædd han var, 
til skogs han endå måtte.

Når ku til skogs fyr kleggen flaug
og sprengde grindarfalsen,
han sprang som i eit sveitte-laug,
og blodet brann i halsen.

Bilete: Bokelskere
Urettane vert fleire og fleire for familen på Nordigarden. Ein lokal mann tek seg til rette og utbyter folket kringom. Det vert dårleg stemning, og det er spennande å lese om korleis konflika utspelar seg. Storegut vert så med til København for å snakke med kongen om saka (noko som truleg ikkje hende i røynda). Men resultatet er ikkje bra: Far og son vert fredlyst.  

So ikring med foten sår
ifrå gard til gard me rømde,
beiske drykken ut me tømde
til den siste dogg og tår. (...)

Men det skal verte verre. Storegut vert dinest send i krigen saman med dei seks brørne sine. Storegut er den einaste som kjem att.  

(...)
Ja, våre søner med dei var
i dette fæle slag.
Det gløymer aldri arme far
i all sin livedag.

Dei hadde døytt dei andre tri;
og tri fell denne dag.
Berr' Storegut var livet i.
Det var eit sonar-slag. (...)

Etter kvart er Storegut ordentleg vaksen, ferdig med krigsteneste og klar for å setje bu for seg sjølve, med eigen familie. Eit av dei mest kjende dikta til Vinje er frå den sommaren då Storegut er i fjellet. Frå ein stad langt unna høyrer han song, "gjente-ljod". Kan det vere ho? Heime på sætra fell han i tankar. 

Den dag kjem aldri at eg deg gløymer;
for um eg søver, eg um deg drøymer. 
Um nott og dag er du lika nær,
og best eg ser deg når myrkt det er. (...)

Det skal visa seg at Storegut aldri vert gift. Sommaren 1791 er han på gjeting i Borddalen, men han kjem aldri heim att. Vinje diktar fram ein lagnad som mange meiner er den einaste forklåringa på kva som eigentleg hende. Så vert det funne ein kropp -. Attende står far, gamle Olav. Heilt åleine no, og på legd. Og han avslutter soga om liva deira slik

(...)
Eg syng fyr folk i haug og horg,
at gut fyr gjenta gjekk i borg
og fridd' a ut.
Eg syng fyr dei um elsk og sorg
og Storegut.

(...)
Det bakken upp fyr alle ber,
og vegen er fyr alle her
so smal og trong.
I livet er slik sorg at der
er nok fyr song.

Vinje & Aasen. Teikning av Olav Rusti
frå 1904. Tilhøyrer Aasen-tunet.
Dinest i boka er ei ordliste over omgrep som Vinje har nytta i dikta. Etter desse kjem folkemusikar Rikard Berge (1881-1969) sine kommentarar til Storegut, som mest er ei attforteljing og forklåring av Storegut-soga. Men heile soga er skrive på Berge sin dialekt, så det tek tid å lesa! Heldigvis finst der ordtydingar til dette med. Og heilt attarst finst det "ættavlur" for den som ønskjer å sjå på dei.

Soga om Storegut er ei historie om bygde-Noreg på 1700-talet og ei forteljing om den norske bonden som ikkje lèt seg kue. Storegut vert eit opphøgd ideal me må hugse, samstundes som lagnaden er ein tragedie. Slik kan både menneskeskildringar og naturskildringar glide inn i ein epoke som nasjonalromantikken. Like fullt må ikkje den brutale realismen verte glømyt. Storegut er kloke, klangfulle og såre dikt om liv - kan hende noko av det vakraste som er skrive på norsk. Om lukka som er så stor, sjølv om den berre kjem i små, små glimt. Om dei harde, vonde tidene, der ein berre saknar og vonar medan føtene er låke og ein må sova ute i sjølv dei kaldaste nettene. Om tap og sorg. Og om kjærleik og død og lagnad, som ein aldri kan verna seg mot. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar