søndag 6. desember 2015

Innsirkling II

Bilete: Bokelskere
Etter lang tid i bokhylla, vart det endelig tid for å lese andre bandet i Innsirkling-serien i november. Den fyrste boka kom ut på Aschehoug i 2007. Eg var allereie då merksam på Carl Frode Tiller (f. 1970) som forfattar, av di eg hadde lese Bipersonar (2003) tidlegare same år. Då eg så fekk Innsirkling i julegåve, vart eg solgt. Dette var ein forfattar eg ville følgje med på, og i 2010 las eg debutromanen Skråninga (2001). Eg har også lese eit skodespel av forfattaren, medan eit til står på vent i hylla. 

Men det har teke tid, lang tid, å skrive ferdig historia om David. Innsirkling I, II og III kom i 2007, 2010 og 2014. Og eg har ikkje vore klar for å følgje med inn i verda til Tiller før no, eitt år etter at siste boka kom. For sjølv om det verkeleg går unna når ein fyrst les, er det ei krevjande verd Tiller skriv fram, og det er mykje elende. Det kan vere utfordrande for ein sart lesar.

Rammehistoria er som kjend slik: David er ein ung mann som har mist hukommelsen. Det vert satt inn ei annonse med bilete i lokalavisa, der dei som kjenner David vert oppmoda om å skrive til han. Kan hende dei kan fortelje om livet hans, gi nokre svar? For kven er han? Korleis er han? Kor kjem han frå, kor har han budd, kven var han ven med og korleis har menneske og hendingar forma han? Korleis har han kome dit han er i dag? I fyrste band av trilogien fekk David brev frå Jon, ein kamerat frå ungdomstida. Presten Arvid, stefar til David, skriv også. Og ungdomskjærasten Silje.

Det er så lengje sidan eg las den fyrste boka i Innsirkling-serien, at eg mest ikkje visste kva eg skulle forvente då eg byrja på andre bandet. Men sjølv om detaljane frå bok ein er gløymde, kom eg raskt inn i dei historiene som Tiller fortel i bok to. Her får David brev frå tre nye menneske. Det er Ole, som kjende David då mora til David og far til Ole var eit par. Gutane var då kring 10-12 år. Så kjem brev frå Tom Roger, som gjorde mange brekk saman med David då dei var tenåringar. Og så er det brev frå gamle Paula, som mest av alt kjende Berit, mor til David, og nokre av løyndomane hennar. Til saman kastar erindringar i brev og notidsskildringar eit beiskt, kaldt ljos over livet til David, og over livet til dei som skriv.

I andre bandet får me fyrst høyre meir om korleis David var som halvstor gut. Han laga seg ei fantasiverd saman med bestevenen Ole, dei var indianarar og hadde leir oppi skogholtet ute på Otterøya. David var sjefen, både i leiken og for indianarstammen. Mykje av leiken gjekk ut på å førebu leiren for åtak. Men ikkje alle ville vere med på slikt. Då raserte David like greitt heile leiren nattestid, slik at ungane skulle tru at dei faktisk hadde reelle fiendar. Men viktigast var det å ikkje verte avbrote. Alt som minna om verda utanfor leiren, om dei vaksne, om middag og leggetid og slikt, var forbode. Etter kvart borar Tiller djupare ned i kvifor David hadde ei slik trong til å stengje alt "vakse" ute.

Tom Roger fortel om korleis det vert for David nokre år seinare, då han og mora flytta inn til Namsos og Berit gifta seg med presten Arvid. Arvid er ekkel og fæl, fortel Tom Roger, og det er full konflikt heime hjå David. David likar korkje Arvid eller at Berit er gift med han - ho er jo ikkje slik, kristen og from og heilag! Han røyner at mora endrar seg, alt for mykje. David stengjer difor både Arvid og mor si ute, og seier ikkje noko til dei. Seinare får me vite at det ikkje er fyrste gongen David tyr til ein slik strategi. Men stilla er berre for dei vaksne. Kring venene sine, Tom Roger og Bendik, er David som før. Og dei stel. Mopedar, motorsyklar, båtmotorar. Dei skrur og lakkar og sel vidare med hjelp av slektningar. Men når heleriet heilt vilkårleg vert avslørt, vert ikkje David tatt.

Gjennom brev frå ho Paula kjem me nærare David, og ikkje minst Berit. Paula fortel om David som barn, han hadde sterk angst som gut. Kvifor veit ho ikkje, og ikkje mor hans heller. Men ho Berit klandra både seg sjølv og andre. Berit hadde valdsame svingningar i humøret, frå ljost til heilt svart, og David fekk gjennomgå frå han var heilt liten. Det fekk han til å stengje heilt av i periodar, og han ville nekte å snakke med ho Berit. Attmed hadde Berit ein stor løyndom, som David heile vegen har ynskt å avsløre: Kven er far hans? Han vaks opp med Berit og far hennar, Erik, og bror til Erik, Albert. Men det var aldri nokon far med. Og ho Paula kan fortelje at sjølv ikkje det David trudde han visste, er sant.  

Med brev frå tre ulike personar teiknar Tiller opp eit bilete av ein gut, dinest ein mann, med store psykiske problem. Han fortel om angst og innlegging, og at David i periodar er så sjuk at han ikkje kan arbeide. Men samstundes er det ikkje eit eintydig bilete Tiller kjem med, og her meiner eg forfattaren gjer noko særs bra: I staden for å døme David, peike på dårlege avgjerder, lovbrot, sjuskete oppførsle og liknande, og dele ut skuld, lèt han skildringane tale for seg. Det vert opp til lesaren å døme. Men det er vanskeleg, og etter to band er eg enno ikkje sikker på om eg likar David eller ikkje. Det er mellom anna av di eg ikkje har høyrt frå David sjølv. Kva er eigentleg historia hans? Korleis vil han fortelje, om seg sjølv? For Innsirkling-bøkene er nett det dei heiter, ei innsirkling, ei kretsing kring eit menneske, og det er mykje her me ikkje veit noko om. Og det me veit, er heller ikkje samanhengjande. Det er som å heile tida snu nye brikkar i eit stort puslespel, og dinest freiste å setje brikkane saman, berre for å røyne at mykje ikkje passar.

Til dømes hugsar Ole David som ein fin fyr. I ei periode budde dei på same gard, dei leika, dei arbeidde, dei levde saman som brør. Og slik Ole fortel, verkar det som om dei var lukkelege. Her er leiareigenskapane og fantasien til David framheva. Men også Tom Roger hugser David som ein fin fyr, sjølv om dei stal, drakk, røyka, skulka, slost og liknande. Omverda til David er med andre ord ein heilt annan. Og David? Han er nok annleis, han med. Til dømes er han ikkje lukkeleg. Her vert det peika på at David er smart, han gjer det godt på skulen, men at kriminaliteten ikkje er noko for han: David er plaga med dårleg samvit. Paula hugser David som ein redd gut, men også ein gut med sterke aggressive kjensler. Ho fortel om nokre av dei mange problema på den forfalne garden til han Erik, raseriet til Berit, stilla til David. Og korleis mor og son dreiv frå kvarandre då dei flytta til Namsos. Og dinest døydde ho Berit.

Men kva hender då med David? Mora kunne han ikkje leve med meir, ho gjorde alt for å gløyme fortida si, gløyme verda ho og David kom frå, alt ho var, alt han er. Han kjenner ingen far, berre ein alkoholisert bestefar. Stefaren kan han ikkje fordra. I nokre frampeik er David sjuk, han ynskjer å skrive, han er nattevakt, han er parkeringsvakt, han har skrive ei bok under pseudonym, han er mørk og åleine. Og så kjem ei større avsløring: David har ikkje mist hukommelsen likevel. Kva er det han ynskjer? Kven vil han høyre frå? Kva løyndomar vil han avdekkje?

Sjølv om det er mykje i romanen som handlar om fortida til David, handlar boka vel så mykje om fortida og notida til dei tre "hovudpersonane" Ole, Tom Roger og Paula. Sjølv om vekslingane mellom breva og notida er eit spanande teknisk grep, som fungerar godt, klarar eg ikkje heilt å sjå kvifor notidshistoriane er inkludert, og ikkje berre breva. For kva skal me som lesarar med alle hendingane, meiningane, personane? Kvifor skal me vite at mor til Tom Roger er frekk? Er det relevant for David at far til Ole er vorte lam? Og at barnebarnet til Paula er vorte godrund? Sjølv om eg synest det er interessante avsnitt, som er godt skrive, klarar eg ikkje å la vere å tenkje at dei er med av di Tiller ikkje har klart å halde fokus på David åleine, at forteljinga om David i seg sjølve er for lita. Samstundes er forteljingane om brevskrivarane Jon, Arvid, Silje, Ole, Tom Roger og Paula kvar for seg også alt for små til å vere frittståande. Kvifor har Tiller laga det nett slik? Kva ynskjer han å fortelje, anna enn å syne fram ulike sider av David, av eit liv? Rett nok har eg ikkje lese siste band enno, så det kan hende eg får nokre svar der. Og om alt er sydd saman, med forteljingar som grip inn i kvarandre, slik at det vert ein større heilskap i både fortid og notid, vert eg nøgd.

Eg likar språket til Tillar, det er drivande, presist og variert. Han har valt ein nøktern, nesten objektiv og kjenslelaus stil, som høver for å skildre ein grell røyndom, med mykje vondskap og elende, men samstundes med rom for humor og ømheit. Men det er det vonde, og den nådelause psykologiske boringa, som gjer bøkene vanskelege å byrje på. Her, til dømes, vert ei lita jente valdtatt og drepen. Det kviskrast om incest og om overgrep. Ein mann bankar kjærasten sin jevnleg. Ein annan vert manipulert frå fleire kantar. Mange har store psykiske problem. Dei drikk, øl og sprit, i store mengdar. Og dei seier stygge ting til kvarandre. Tiller skildrar dei som dei er, edruelege som fulle, dei er sinte, smålege, griske, vulgære, samvitslause og brutale. På dei fire hundre sidene av Innsirkling II er det så få lyspunkt at eg tenkjer at det ikkje er truverdig. Sjølv dei uslaste av menneske, sjølv dei lågaste og mest stusselege, har noko fint ved seg, gjer noko godt, tenkjer noko godt. Eg må tru det.

Å lese om og å vere i lag med "menneskeleg søppel", er vondt. Det er noko ved fleire av bipersonane i boka som gjer dei fråstøytande. Til dømes er det ein son som skal grafse til seg pengane til mora, og folk som er vulgære berre for å såre. Eg trur ordet eg er ute etter, er skamløyse. Overraskande mange av personane i boka er heilt utan skam, sjølv om dei har mykje å skamme seg over. Det, og meir til, gjer at eg lir når eg les. Eg ser desse menneska, eg vil hjelpe dei, rope ut kva dei må gjere, men eg kan ikkje gjere anna enn å lese, sjå at dei øydeleggjer for seg sjølve, for andre. Eg føler med heile meg korleis desse menneska lir, der dei sit fast i elende og rus. Livet skal ikkje vere slik, skal det vel? Så vanskeleg og vondt? Men så er det David. Han kjem frå alt dette. Kva gjer det med eit menneske? Eg har ikkje mykje val, har eg vel? Eg må lese vidare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar