tirsdag 24. mai 2016

Skagerrak

Bilete: Samlaget
Ein desembermånad for fleire år sidan fann eg ein høg stabel med bøker på sal i den lokale bokhandelen. Dei var gøymd bort langt bak i butikken, som om dei eigentleg ikkje skulle verte oppdaga i det heile. Kvifor, kan ein då spørje. Er ikkje poenget med ein bokhandel nett at dei sel bøker? Jau, men desse bøkene var på nynorsk, ser de. "Umoglege" å selje i bokmåldistrikt - iallfall viss seljaren hatar nynorsk berre av di ho måtte ha det på skulen (som alle andre). I rein protest og heilt utan medkjensle med slike brødhovud plukka eg med meg eit knippe bøker, blant anna ei lita bok med namnet Skagerrak.

Hilde Kristin Kvalvaag er ein forfattar eg korkje har høyrt mykje om eller lese noko av - før no. Skagerrak kom ut i 2008 og er den tredje boka hennar. Debuten Hjarteklapp frå 2003 og Nattsommarfugl frå 2005 er båe ungdomsromanar. Skagerrak er difor Kvalvaag si fyrste bok for vaksne. Etter Skagerrak har ho også skrive Fengsla (2010), som er for ungdom og Lev vel, alle (2015), som er for vaksne.

Som ein kan tenkje seg, speler det konkrete havområdet Skagerrak ei rolle i boka. Det er i ei hytte ved havet ho er, hovudpersonen Siv, og familien hennar, det vil seie ektemannen Harald og borna Gard og Odin. Båe gutane er vorte store no, og dei klarar seg mest utan mor og far. På nabohytta bur bestevenen Maria med mann og born. Dei er på sommarferie i Danmark i lag, så langt ut mot Skagerrak som dei kan kome, dei går i sanda kvar dag, høyrer bølgjene, bader, luktar av sjø og salt og vind og sol og billeg øl og mykje grillmat. Alt er som det skal vere når norske menneske er på ferie i Danmark, bortsett frå at det er lite med Siv som minnar om ferie. Ho er heller midt i ei krise.

Nett kva som feiler Siv eller kva som er hendt med ho, ligg mest mellom linene. I nokre få kursiverte setningar lar forfattaren fortida sive fram, som glimt, som ei bylgje opp mot strand. Det er noko med ein annan mann, ein mann Siv har vore i lag med, forelska seg i. Men han er gift, og ho er gift. Dei braut med kvarandre, men skal sjå kvarandre att etter ferien. I august. Viss dei framleis kjenner det same... Ja, kva då? Siv lengtar, ventar, med nervane i spenn og hovudet ein annan stad. Det er berre kroppen hennar som er hjå Harald og borna i Danmark. Det tomme, tynne, beinete skalet av ein kropp.

Men det er noko meir med. Det er ikkje berre ei intens og overraskande forelsking som har sendt Siv ut i ei stor krise. Ho surrar og svimar, ho finst ikkje svolten, ho vert trekt mot jernbanelinene, mot straumen i havet, mot einsemd, stille, død. Kvalvaag skriv det aldri heilt ut, men uroa er der, ei destruktiv uro trekkjer i Siv og står i fare for å trekkje ho heilt ned, heilt under, for å aldri meir kome opp att. Samstundes gjer Siv sitt beste for å vere i lag med familien sin, for å gjere dei vanlege sommarferietinga, som å lage bål på stranda, dra til Legoland, spele fotballkamp, vitje ei lokal rosehage og ha fest. Men Siv likar det ikkje lenger, alt er liksom så uinteressant og samstundes ikkje, men ho får ikkje til å bry seg, vere med, engasjere seg. Sønene går av stad utan ho, og Harald ser knapt på ho. Ho er for langsam. Siv vert kvalm og kastar opp magesyre, tomskap og einsemd. I ei lang veke følgjer vi kampen hennar Siv.

Og mykje handlar om svevnløyse, om lange, dunkle timar med vonde tankar, eller ingen tankar, berre denne einsemda, stillheita, dette langsame, kalde mørkret. Og om egg. Om Siv som ikkje klarar å koke perfekte egg. Harald gjer narr av ho, likar ikkje dei steinharde egga ho kjem med, med eit grønt skjær kring plomma. Han ergrar seg, kan det vere så utruleg vanskeleg å koke egg? Siv plukkar av skalet bit for bit, ser ut av vindauget. Maria skal få besøk av ei anna dame, ei ho ikkje veit kven er, ei Lillian. Og ho kjem, med kjole og djup kløft og mykje latter. Lillian er alt Siv ikkje er. Iallfall for Harald. Og medan Siv ser på dei, må ho spørje seg sjølv om kva ho likar med Harald, kven han er, no, kvifor dei er i lag. Vekkjer han framleis kjensler i ho?

Det er mykje apati hjå Siv. Og i mykje av teksta er det som om ho freistar å få fram noko hjå seg sjølve, ein reaksjon, eit temperament, ein lengt, ein trong, eit humør, om ikkje anna. Det er som om ho vil slå seg ut av skalet Siv, men ikkje maktar. Maktesløysa held Siv som fange. Men kven er Siv? Og kva vil Siv, den vaksne kvinna Siv, viss ho ikkje skal tenkje som mor og kone? Somme stunder kan det vere vanskeleg å svare på slike spørsmål, av di ein kan få svar ein ikkje likar.

Eg reagerer på at Siv mest ikkje tenkjer på livet heime, på kvardagslivet. Ho tenkjer ikkje på arbeid, kollegaar, stressande situasjonar, sjukmelding, skule eller noko anna. Ein lækjar vert nemnd. Men eg veit ikkje om ho driv med yoga eller broderi, synkronsvømming eller fotball, om ho vil sjå CSI eller Grey's Anatomy. Eg veit at ho høyrer på radio når ho er på ferie, at mugglukta frå badet i hytta ved Skagen er plagsam og at ho av og til tenkjer på K. Eg veit at ho er tynn, trist og tagal. Samstundes er det fint at boka ikkje er full av referanser til eit anna liv. Det gjer at ho er avgrensa og fokusert, nett som Kvalvaag skildrar Siv.

Og så er det Harald. Harald er informert om kva som hender med Siv, men han er korkje særleg støttande eller spesielt oppmuntrande. Han kan godt liggje med ho, men han hjelper ho ikkje. Han spring seg ein tur medan ho må lage frukost. Det er nok ein del apati der med, eller kan hende ikkje direkte apati, men han er misnøgd av di Siv framleis ikkje er bra. Som om ho berre kan trykkje på ein knapp. Som om ho berre kan ta seg saman og verte den gamle Siv att. Som om alt saman ikkje hadde hendt. Han ventar. Han har venta ei stund, og er lei. Det er ikkje klårt om Harald veit om K eller ikkje. Men Harald har også vore utru, og ekteskapet har vore i faresona i lengre tid, kan hende fleire år. Kan det verte bra att, eller er det på høg tid å bryte ut, for godt? Vil Lillian presse Siv og Harald til å ta ei avgjerd?

Skagerrak er ei bok full av nydelege, sanselege skildringar. Det er vêr og vind, sand og sol. Det er sommaridyll med brune leggar, is som smeltar og glade born som er ute heile dagen. Kontrasten til problema mellom Siv og Harald, og inni Siv, er stor. Uroa presser seg fram og vert til ein dirrande streng i teksta. Eg aksepterer verda hennar Siv, versjonen hennar. Ho er nær og sann. Eg ser lidingane hennar, forvirringa, trongen til at noko skal hende, slik at ho ikkje må ta eit vanskeleg val. Eg ser at ho er djerv og feig på same tid, at ekteskapet med Harald somme stunder er ei komfortabel krigssone. Det er godt av di det er trygt, ikkje av di det verkeleg er godt. For Siv har det ikkje bra.   

Men det hender noko. Med Siv. Siv ser alt, sansar alt, men ho er i verda annleis no. Det er som om ho vaknar etter ei lang svevn. Ho ser alt kring seg, klårt, tydeleg. Ho er klar for å vende heim att, ta tak i kvardagen. Ei slik avgjerande scene gjev truverde, gjev Siv eit grep om verda kring seg, om seg sjølve og sitt eige liv. Og det er vel kan hende litt av poenget med teksta, med konflikten hennar Siv, at det endeleg skal kome om ikkje ei løysing, så iallfall ei rørsle.

Kvalvaag fortel Siv si historie utanfrå. Me kjem tett på, men aldri heilt nær. Me får ikkje høyre om dei lange tankespranga hennar, frå ein gong i barndomen til skuleåra til studieåra eller noko liknande, om menneske ho har møtt, vener ho har hatt. Me veit ikkje kva ho likar å lese, eller kva ho tenkjer om det ho les. Det er som om alt er heilt stille. Og slik kan det kanskje vere viss ein har falle ned i ein djup pytt av apati. Det vert stillstand, indre og ytre stillstand. Og ein vert særs fokusert på små oppgåver, som å koke egg. Mykje av kvaliteten i boka ligg nett her, i at Kvalvaag maktar å skildre desse små oppgåvene så godt, og at ho gjer dei interessante for ein lesar. Ho lyftar trivialitetane i sommarkvardagen opp til eit høgare nivå, og i kombinasjon med orda til Siv, vert det ein lada tekst.

Språket til Kvalvaag er eit mjukt og tilgjengeleg nynorsk. Det ligg tett opp til bokmålet og er ikkje vanskeleg å lese i det heile. Somme tider vert personane litt for kjekke i replikkane, og eg tenkjer at særleg den sarte Siv ikkje ville sagt slikt. Men eg kjenner ho kan hende ikkje godt nok. Eg har berre møtt ho på ferie ved Skagerrak.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar