onsdag 21. august 2019

Mordet på Halland

Bilete: Bokelskere
Attende til Danmark med ein liten og forvirrande roman der forfattarinna Bess førar ordet. Men er ho eigentleg til å lite på?

Det er tidleg på morgonen. Bess har skrive heile natta og har lege seg på sofaen for å ikkje vekke mannen sin, Halland, som går tidleg på arbeid. Ho søv tungt. Plutseleg vaknar ho av ein høg, brå lyd. Ho skjønar ikkje kva det er, men trur det kan vere døra som slo i etter Halland. Ho står opp og steller seg. Men når ho finn tinga til Halland i gangen, og ikkje noko Halland i huset, vert ho uroleg. Kvar er han? Kvar har han gått?

Ho opnar utdøra. Nede på toget er det kaos. Folk stimlar til, nokre skrik, det er berre uro. Kva kan ha hend så tidleg? Ein mann ropar til ho, skrikhan seier at ho har drepe Halland. Ho skjøner ikkje kva han meiner, banar seg veg og spring mot torget og folkemengda der nede. Berre for å sjå Halland. Liggjande. Skoten.

Men kva har eigentleg hendt? Kven har skote Halland? Og kvifor? Det dukkar opp ei gravid ung kvinne, som har hatt Halland buande hjå seg. Alle dei nettene når Bess trudde han var på arbeid, på hotell! Så var han med ho! Dottera til Bess, som ho ikkje har sett på fleire år, kjem også. Og eksmannen hennar. Kva vil dei tre med ho, med Halland? Kvifor kan ho ikkje verte åleine med sorga?

Rommet til Halland oppe på loftet er så ordna. Først kan ho ikkje sjå at det er mykje som vantar. Men både papir og pc er borte. Mobiltelefonen hans med. Bess leitar, usikker på om ho har løyve til å sjå på tinga til Halland, leite i dei, grave, smuglese. Det kjennest ikkje rett. Men i ein skuffe finn ho nyklar ho aldri har sett før. Og som ikkje det var nok, kjem det meldingar til ho med. Frå Halland sin telefon.

Mordet på Halland fokuserer på Bess og kjenslene hennar etter at Halland heilt plutseleg vert drepen. Bess strevar med å forstå kva som er hendt, ho er sint, ho er fortvilt, ho vert småsprø og ho strevar med å leve med den brå einsemda. Dei skulle jo verte gamle i lag! Sjølv om han var ein del eldre enn ho, var det no dei skulle leve i lag og gjere alt dei ikkje hadde gjort. Han skulle snart slutte å arbeide. Innimellom notida og dei kaotiske og verkelege kjenslene, fortel Bess i brotstykke om fortida. I dei direkte dialogane kjem meir informasjon om livet til Halland og Bess, om røynda deira, huset, om tilhøvet deira, om dotter til Bess, eksmannen hennar, om forfattarskapen. Like fullt er det mykje som vantar, og me som les vert sitjande å pusle i hop det vesle me veit.

Boka har eit krimplot, men er ikkje ein rein krim. Og samstundes som romanen er full av kjensler, er ho også spanande. Bess pratar med politiet, som gjer det dei kan for å nøste i saka, men Bess undersøkjer litt sjølv med. Ho er ei handlekrafig og modig dame, men kjenslekaoset og ein sterk bakrus kastar lange skuggar over kva som har hendt. Og kvar er naboen? Og kven er denne gjesten? Det syner seg at Halland var ein litt annan mann enn ho trudde. Eller, han var meir enn berre mannen hennar. Han var ein venn, nabo, kollega og slektning med, og då var han ein annleis Halland. Men var han utru? Hadde han eit heilt liv utan ho? Skulle han reise ifrå ho?

Pia Juul (f. 1962) maktar å balansere mellom sorg og løye, alvor og underhaldning, krim og kjensler. Ho vekslar mellom korte og lange setningar, somme stunder noko hakkete, med ein eigen flyt og rytme som ein raskt kjem inn i. Lesaren får spenning på fleire nivå og boka er ei gåte ein freistar å løyse. Eg skulle nok ønskje at bittelitt meir vert gjort tydeleg mot slutten, men for all del, romanen fungerer fint nett som ho er. Og eg har funne ein ny dansk forfattar å følgje med på. Fint omsett av Brit Bildøen (f. 1962). 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar