tirsdag 18. august 2020

Lesebok for jenter

Bildekilde: Bokelskere
Historia er og har alltid vore prega av menn - det vil seie mannlege sigerherrar. Fram til den sosialhistoriske vendinga på 1970-tallet, der forskarar, historikarar og forfattarar endeleg ville gje tid og plass til eit mangfald av minoritetar; kvinner, born, bønder, arbeidarar, funksjonshemja, samar, kvenar, prostituerte, mørkhuda og så vidare, var den mannlige, kvite historia den einaste historia. Før den tredje vendinga kunne ein tru at minoritetane ikkje hadde ei historie, eller at historia deira ikkje starta før på 1970-tallet, grunna mangel på skriftlege kjelder. Men slik er det jo ikkje. Kjeldene er der, iallfall til ein viss grad. Men dei må verte funne og dinest tolka.

Me får av naturlege årsaker aldri høyre frå dei skamferte, nedslakta og daude. Historia vert konsekvent skriven av dei som står att, dei som er levande, dei som har makt. Og dei andre menneska, som i deira auge ikkje er verde noko, vert gøymt og gløymt. Til dømes minoritetar, utskot og sosiale taparar. Slik vert dei umyndiggjorde og dømde til evig stille. Og her finn me i stor grad kvinna, altså den historiske kvinna. Alt for ofte er ho her, i stilla, utan noko ho kan eller skal seie. Ho er utan eigenverd, uviktig, uvesentleg. Sanneleg bra at forfattar Solveig Aareskjold (f. 1949) satt seg føre å ta opp kampen mot slik vranglære! Og at ho tør å syne oss at det finnast og er og trengast fleire historiar!

Med verket Lesebok for jenter. Frå Homer til The Hunger Games (Samlaget, 2014) granskar Aareskjold igjen litteraturhistoria, denne gongen på jakt etter jenter og kvinner som tenkjer sjølv, rår over sin eigen lagnad, utforskar, røyner og jaktar på lukka på lik linje som gutar og menn. Og ho finn døme i hopetal, og lyftar fram tolv ulike jente- og kvinnetypar. Desse vert skildra i sine naturlege omgjevnadar, anten det dreiar seg om dronning Kristina av Sverige eller Anna Komnena i Konstantinopel, Perpetua som sit i fangenskap grunna trua si eller den unge Catherine hjå Austen, som har meir fantasi enn dei fleste.

Aareskjold serverer oss døma kronologisk og opner med Homer og avsluttar med Suzanne Collins, slik me kan sjå av tittelen. Ho har henta døme frå dagbøker, faktatekstar, brev, forteljingar, noveller og romanar. Til kvart litterære døme, som vert lagt fram i utdrag i boka, har ho skrive ei innleiing der ho plasserer teksta i tid og rom, og forklårar utgangspunktet for den kvinnelege hovudpersonen. Deretter knyttar ho ein eigenskap (ei slags dygd, om du vil) til kvar kvinne, som til dømes identitet, ære eller frigjering, som særmerkjer kvinna. Og i dømet som følgjer kan me sjølv lesa korleis kvinna ter seg og på kva vis ho utfordrar kvinnerolla.

For det gjer dei alle! Er det noko dei er sams om, er det at dei ikkje gjer det som andre vil, ikkje det som vert venta eller kravt. Slik som Perpetua, som nektar å gje opp trua si for sin eigen son. Eller dronning Kristina, som faktisk abdiserer av di ho vil vere fri. Eller i teksta frå ei bok om Mary Poppins, der korkje Mary sjølv eller jentungen Jane er særleg "kvinnelege" (kva er eigentleg "kvinneleg"?). Og det er noko inderleg frigjerande å lese ei slik bok, det er lattervekkjande og godt, av di desse jentene berre gjer det dei vil, utan å tenkje på korleis eit mannleg blikk vil sjå dei og dømme dei. Dei berre gjer, frie og sterke og stolte!

Heilskapen i boka er imponerande, gjennomtenkt og dugande, og Aareskjold har gjort eit godt stykke arbeid med å grave opp, skrive om og syne fram desse tekstane. Måtte dei vere til inspirasjon og glede for mange! Men kvifor er ei bok som dette naudsynt? Jo, av di me som vaksne må gje jenter og kvinner eit mangfald i førebilete i ei tid der så mykje er digitalt og dreiar seg om utsjånad og fasade. Aareskjold slår eit slag for at me må få vere oss sjølve, i tankar, kjensler og lynde, sjølv om det tyder at andre (gutar og menn) seier at ein er tverr, sur, drøymande, vanskeleg, maktsjuk, knipen, trist, skamfull eller desperat. Me må få vere nett som me er, slik me alltid har vore! Og riste av oss påklistra roller og falske ideal! Og me må få røyne verda som dei menneska me er, ikkje på eit vis som andre dikterar, på deira vilkår og med deira utbyte. For kva, og kven, er me då? 

Nei, les Aareskjold og gå på oppdagingsferd med ho i gamal og ny litteratur. Vert kjent med desse jentene, og vit at dei kan lære deg noko, alle saman. Berre du tør å taka det til deg!

8 kommentarer:

  1. Denne boken skal jeg absolutt skaffe meg, perfekt sammen med Det annet kjønn. Jeg har forresten kommet til side 586, det går litt tregt, men skal være ferdig iløpet av uken som kommer, og da kan vi starte på den siste delen :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det fant jeg også ut av! Det var nesten som om Simone de Beauvoir skulle bedt Solveig Aareskjold om å skrive den! Den er virkelig lesverdig, og det er så viktig at jente- og kvinneperspektivet fortsettes å løftes fram.

      Jeg venter på deg:) Bare ta den tida du trenger. Så lenge vi blir ferdige før jul er jeg fornøyd!! Tanker om neste bok ut? Jeg liker å ha litt oversikt ;)

      Slett
    2. Begynner på siste kapittel av del to, satser på å ha det ferdiglest iløpet av helgen. Ja, før jul skal vi være ferdig med hele verket og skrevet om det :)

      Har ikke tenkt på neste bok, vi har vel snakket om flere underveis. The Testaments blant annet.

      Slett
    3. Så bra:) Jeg koser meg med boka, det er ikke det, men det skal jammen bli godt å bli ferdig med den også. Den er jo litt tung å drasse rundt på!

      Jeg har den liggende klar på norsk, "Gileads døtre", og leser gjerne! Du har den på engelsk? Om du skulle ha noe anna på lur, er det også bare å si ifra. Jeg liker utfordringer:)

      God helg til deg og dine!

      Slett
  2. Hei,
    jeg er nå ferdig med annen del og klar for å fortsette, skal vi si ut september?

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja! Jeg begynner i morra!

      Slett
    2. Heisann, jeg ble litt forsinket, har noen sider igjen å lese før jeg er klar for å skrive innlegg. Hvordan går det med deg? Jeg er på side 719, og leser ut i løpet av helgen :)

      Slett
    3. Innlegg er klart! Når skal vi legge ut? Samtidig, som sist? Eller skal jeg publisere?

      Slett