lørdag 8. oktober 2022

Svar på brev frå Helga

Bilete: Bokelskere

Eg likar å tru at eg, nett som hovudpersonen Bjarne i denne boka, ved slutten av livet vil ha tid og høve til å gjere opp ein type status med meg sjølve. Vedgå, erkjenne, mest skrifte. Me veit jo ikkje kva som hender etterpå. Kan hende det er lurt å skrifta, så ein kan byrje med blanke ark. Ein kan spørje seg: Kva har eg eigentleg gjort i dette livet? Kva val var lette å ta? Kven har eg elska? Og, kva gjekk gale? Kva sjansar let eg fare frå meg? Kva ville eg gjort opp att? Angrar eg? Eller kan eg døy med lett hjarta?

Å vedgå eit liv er lett når ein har nokon kring seg som kan seie: No må du hugse det som gjekk bra. Det som kjendest rett. Kva du lærte av feila. Kor det bar derifrå. Kva sjansar du tok. At kvart skår i hjarta gjorde noko bra med deg også. At du vart sterk av kampane, at du lærte av sorga, at du var heldig som fekk kjenna på kjærleik. Og: Låtten. Alle dei gongane då me lo og lo. Den rare mannen på toget med nylonstrømpebukse. Den gongen du kolliderte med døra med hovudet fyrst. Den eine vonde kaka, spagettien i vasken, verdas beste gåve. Ho som tråkka ned frå trampolina og spratt opp att, like blid. Dei løynde vitsane. Menneske du har møtt. Då, då er det lett å vera takksam og audmjuk.

Men når du er åleine? Så veldig, veldig åleine? 

Då er det mest som om ein har stein rundt hjarta. Som om augene er tunge og ikkje vil lyfte seg mot den blå himmelkvelven. Som om kroppen ikkje vil gå ut meir. Og ein hugsar berre det som vert så inderleg feil. Ein hugsar det så tydeleg at ein kan sjå det for seg i hovudet. Ein sit fast der, i hovudet, i fortida, i det ein ikkje gjorde. Vegen ein ikkje tok. Valet ein ikkje våga å ta. Brevet ein ikkje skreiv eit svar på. 

Svar på brev frå Helga (Svar vid bréfi Helgu, på islandsk i 2010, på norsk i 2014) er eit slikt skrifte. Eit skrifte der den gamle sauebonden Bjarne endeleg, etter alt for mange år og alt for seint, svarar på brevet han ein gong fekk frå Helga, kvinna han verkeleg elska. Endeleg svarar han, på alt som er hendt, på alt som er gjort, tankar som er tenkt, moglegheitene som er tapte og kjensler som framleis brenn. Men som han no ikkje kan gjere noko med. Han sit att, åleine, med vissa om at livet kunne vore heilt annleis om han hadde tatt det eine valet. Det vonde ved livet, vedgår Bjarne mot slutten av boka, var ikkje dei kvasse oddane som såra og stakk ein, men snarare det mjuke kallet frå kjærleiken som ein ikkje ansa på. Å vera for sein til sitt eige liv -. Det er ei bør ein alltid må bera.

Svar på brev frå Helga er ei nydeleg lita perle av ei bok. Ho må verte lesen om att og om att av mange, mange menneske. Historia i seg sjølve er vond og trist, mest brutal i all si stille. Refleksjonane til Bjarne er fylte med anger og varme, og slutten er sår og sterk. Men boka gjev lesaren så mykje godt. Ho gjev von og smil og lått, trøyst og nærleik. Språket er heilt herleg, med mykje variasjon og spennande ord, det boblar og susar, er morosamt og kvikt og vert ein god kontrast til hendingane og sorga som ligg i teksta. Skildringane er så presise at eg er heilt med ute på garden på Island, eg kjenner lukta av sauane, eg høyrer traktorduren, eg ser henne, eg med. Og eg ser at ho går.

Eg trur at me alle har slike kva viss-augneblink, stunder me tenkjer attende på og undrar oss over kva som ville hendt om me ikkje sa det me sa, gjorde det me gjorde eller tok ein sjanse, sjølv om me ikkje veit kva som hender vidare. Forfattar Bergsveinn Birgisson (f. 1971) dyrkar dette i denne vesle boka, og får oss til å forstå kor viktige dei er, sjølv dei minste hendingar. Og korleis val ein ikkje tek også er val, og at det ein ikkje seier også er svar. Og kva med lagnaden, finst den? Tyder det då at me ikkje skal prøve lukka? Lagnad eller ikkje lagnad, nei, tenkjer eg. Eg trur vi berre må freiste meir, våge å leva, no, så me ikkje ender opp som Bjarne, åleine, sår og trist, fylt med lengt og sakn etter eit liv som ikkje vert levd. Og då han endeleg maktar å verte klar over korleis det er fatt, då han endeleg maktar å seie det høgt - det er så trist at ein ikkje kan la vere å gråta.

Nydeleg omsett av Johannes Gjerdåker (1936-2020).

2 kommentarer:

  1. Ja, var ikke dette en nydelig bok? Noen år siden jeg las den, men glemmer den aldri.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ei lita perle! Den kommer til å være med meg lenge.

      Slett