søndag 28. juni 2020

Bokhyllelesing: Arne Garborg

Bildekilde: Bokelskere
Eg kan like greitt skrive det fyrst som sist: Fred er ein av dei mektigaste og vakraste romanene eg nokon gong har lese. Og med det kunne heile bokmeldinga vert slutt. Men det vert vel litt stutt? Og forfattar Arne Garborg, fødd Aadne Eivindsson Garborg, (1851-1924) og boka Fred frå 1892, fortener så veldig mykje meir.

Det er bonden Enok Hove som er hovudpersonen i det som av mange vert kalla Garborg sitt meisterverk. Gjennom djuptgåande skildringar der huglaget til Enok ofte vert spegla av naturen, gjev Garborg oss eit framifrå psykologisk portrett av ei mann som går seg vill i sine eigne tankar. Det er religiøse grubleri som opptek han Enok, og han freistar heile tida å skjøna kva som er meininga i Ordet, kva Gud eigentleg vil og kva han skal gjere for å halde seg på den rette sti. Me som les vert kasta inn i dette mest med ein gong, og den gnagande uroa og de intense kjenslene slepper ikkje taket på lesaren før boka er slutt.

Enok er ein fredsæl og god mann. Han er godt lika av ho Anna, som han bur i lag med og har barn saman med, men som han ikkje er gift med. Han kan berre ikkje gifte seg med ho, ikkje før han er rein nok og god nok til å stå framom Gud. Og dessutan skal han jo ikkje gjere ho til avgud heller, og han skal ikkje elska ho meir enn han elskar Gud. Men elskar han Gud, slik han skal? På rett vis? Og elskar han Gud for sin eigen del, eller av di han er Gud? Det er ikkje lett å vita. Enok les, tenkjer, les og tenkjer. Han samtalar med alt frå prest til tater og freister å greie ut dette med Gud. Men det vert liksom ikkje til at han får grep om det. Nett når han har det i tankane sine og trur han forstår og kan setje ord på det, glepp det unna. Og Enok vert att, bleik og sveitt og mest svevnlaus. Stur vert han med, og somme dagar er han berre heilt i sitt eige hovud, og meistrar ikkje å gjere noko arbeid.

Ho Anna kan sjå desse riene hjå mannen sin, og ho gjer sitt beste. Ho held ut med han Enok, sjølv om han krev at dei skal taka til seg fattiglemmar og fø på alle som stoppar innom garden deira. Han meiner også at dei kan klare seg utan tenestejente og gut i huset. Dei kan jo nytte ungane, og fattiglemmane! Og arbeide sjølve! Dei er ikkje betre enn Jesus, dei! Anna, som er gravid med den femte ungen, seier ifrå gong på gong. Men ho får berre bibelspråk attende. Enok korkje kan eller vil sjå ho, og det vert nokre vonde år for alle på garden i takt med at han Enok vert meir og meir ytterleggåande og kompromisslaus i trua. Kvar ledige time skal det vera lesing og preiken for heile huslyden, om søndagane skal det ikkje vere noko arbeid, berre bibellesing. Ikkje ein gong varm mat skal dei ete då. Og elles? Skinnbrok og tresko, ingen skule, dårleg og lite mat, hardt arbeid og om den eldste sonen, Gunnar, freistar å stå imot, vert han slege med bjørkeriset. Og under desse tilhøva vert han Enok lukkeleg.

I alle fall for ei stund. For det er visst fleire vis å vere kristen på. Og kan hende Gud ikkje meinte det nett slik han Enok trudde? Enok ser korleis Gunnar trekkjer seg unna og ikkje vil vere i lag med han. Han oppdagar at ho Anna gøymer unna kaffi og held eit anna hus til dømes når han er i kyrkja. Difor sluttar han med det, og vert prest i eige hus. I alle høve vert det betre og dårlegare for dei alle saman, alt etter korleis Enok har det. Det er samhøvet hans til Gud og kristendommen som er avgjerande. Og etter mange, mange år med vond grubling, prøvingar og pining, vert det til slutt for mykje. Og den gudfryktige, nesten heilage Enok, vert ein annan mann. Men korleis går det då?

Eg vil ikkje røpe meir av handlinga, men eg meiner det er viktig å få med at mykje av dette er opplevingar Garborg sjølv har hatt som gut. Det gjer boka endå sterkare og endå meir truverdig. Garborg var jærbu, som Enok, men vart europear som vaksen. Han stod med eitt bein i den gamle jordbrukarkulturen, som Enok, og seinare eitt bein i den nye, industrielle tida, der klokka deler opp dagen og arbeidet. Garborg kom frå ein særs religiøs familie der far i huset grubla både seint og tidleg, der heile huslyden måtte følgje meir eller mindre vettuge innfall. Som vaksen vart Garborg ein fritenkjar, eit skjellsord for ein pietist, og tok også slik ei gedigen klassereise.

Men på kva vis er ein roman som handlar om ein fundamentalistisk, fortvila og forvirra mann vakker? Det viktigaste for meg er språket. I teksta er det rom for arkaisk nynorsk, jærsk dialekt, dansk talemål, munnhell, bibelspråk, tatersongar og folkeviser, som til saman skapar ein syngjande og spennande heilskap. Det er eit nydeleg, andande, sprudlande språk, leikande og lett, brusande, susande, lokkande, trugande, omsynslaust. Garborg har eit ovstort ordtilfang og lydhermar bølgjer, vind, fuglar og menneskje, han skriv fram songen i kornaksa og draumen om frelsa, han gjev ord til lengt og tvil og vill fortviling, han gjev fargar til gråtonane i sludd og is og skodde, gjev grublingane eit skrikande andlet og trua ei sorg. 

Så er det innhaldet i desse orda. Mest av alt er Fred eit psykologisk portrett av ein mann som har alt anna enn fred. Han får aldri ro, vert aldri sett slik han ønskjer: av Gud. Han strider heile tida med seg sjølve og i seg sjølve, men også med andre. Sattan, som han heitar i boka, hengjer stadig over han Enok, trekkjer og lurer og ønskjer han ned til seg. Aller mest når han søv -. Enok ber, les, fastar, vaker, følgjer alle bod. Men det vert aldri nok. Han er ikkje god nok. Og ei slik aukande kjensle av mindreverd og ulukke er knusande, øydeleggjande. Enok tek til å tvile på alt.

Men det er ikkje berre Enok i teksta. Naturen er mest som ein hovudperson nummer to, heile tida samanbunden med Enok, der vêr og vind med kulde, regn og sol heile tida rår over livsvilkåra. Det kan få ein lesar til å spørje seg om kven eller kva som er Gud, himmelmakta me korkje ser eller høyrer, eller naturen? Kva lov skal me halda - naturlovane eller dei som vert skrive i stein? Til kva skal me lytta - til trea som ber frukt og jorda me kan hauste, eller ein guddom som seier at me skal faste, sjølv om me er svoltne? Naturen gjev Enok dei ytre rammene, Gud dei indre. Er det plass til båe? Teksta er slik forma og så god at mest lesaren tvilar med.

Fred er ein roman som rommar dei lettaste, mest euforiske kjenslene, men også dei mørkaste og mest intense. Med naturalismen som overbygning i teksta seier det seg sjølve at det kan hende ikkje kan gå bra, men slik som Enok ønskjer og vonar, slik ønskjer og vonar lesaren med. Og difor les me vidare, sjølv om det er vondt, sjølv om me gret, og sjølv om me skulle ønskje det umoglege: At me berre kunne stryke han Enok over hovudet og taka vekk det vonde. Fred er ei krevjande, nådelaus og kompromisslaus bok om ei vanskeleg brytingstid, ein streng religion, ein sårbar sjel og ein øydelagt familie, skrive av ein mann som framleis ber på skuldkjensle og sorg av di han vende den same sjela og den same familien ryggen.

6 kommentarer:

  1. Eg lytta til ei opplesing av heile boka for eit år tid sidan. Det var veldig kjekt. Godt når slik litteratur blir tatt fram igjen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, er så enig! Og denne har jo stått seg veldig bra. Jeg er glad vi er flere som leser litt eldre litteratur!

      Slett
  2. Denne setter jeg straks på leselisten :)

    SvarSlett
  3. Ja, det er ei bok som sitter i, og, som du skriver, er så fantastisk godt forma i skrift, rytme, bilder, det er virkelig et mesterverk. Og kanskje også en lignelse, der den første delen av boka, den strenge, tilsvarer alle prøvelsene i Det gamle testamentet, og så, når han blir en ny mann, håpet i Det nye testamentet. Vi veit jo også hvordan historien om Jesus ender. Tross alt det gode han vil og gjør, så skal det bare menneskelig egoisme til, før noen må bøte. Fred er så sammensatt, så storslagen i natur og psykologi, men også djupt teologisk. Og da tenker jeg ikke på Enoks grublerier og ytterliggående pietisme, men på Fantefølgets nærvær og valg, og de konsekvensene det får for andre. Det er ei bok en kan skrive doktoravhandlinger om, og prate om gjennom et helt liv, for den bærer i seg de stor, uløslige spørsmåla. De som Garborg sjøl bala med og ikke fant ut av. Moderne teologer sier: Nåden er gitt gratis, uten vilkår. Det er bare å ta imot. Du trenger ikke streve, for du blir aldri perfekt. Og Gud tilgir og forstår alle våre brister og mangler. Det betyr ikke at en skal gi blaffen, en skal leve så godt og vennlig en kan, og i tillit hvile i at Nåden bærer. Tenk, om Garborg kunne tatt til seg det! Da hadde han aldri hatt trang til, eller kraft til, å skrive Fred. Og vår kultur hadde vært fattigere.
    Trudelutt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, "Fred" er ei svært rik bok, med flere innganger og tolkningsmuligheter, mange lag og et stort utbytte til en leser som klarer å ta imot. Jeg tror Garborg komponerte og skreiv svært bevisst, slik at det du peker på ikke bare er tilfeldig, men tilsikta, altså at det kan leses som en (da) moderne variant av de velkjente bibeltekstene. Men i dag, når Bibelen står mye svakere enn på Garborgs tid, og folk ikke kan sine korinterbrev eller mosebøker, bare et par salmer, tror jeg at det er vanskeligere for ei slik intens og sterk bok å nå fram - den kan virke fremmed og eksentrisk, og en opplever kanskje at det blir for mye? Men for ei leseropplevelse som ligger der og venter på den som er rede for den! For et utbytte som fins for leseren som er villig til å gå helt inn i teksten og forsøke å forstå! Og det at boka da fortsatt berører så djupt, så lenge etter utgivelsen og gjennom ulike epoker og tidsaldre, sier mye om den enestående litterære kvaliteten som Garborgs verk holder. Slike bøker kommer ikke ut i dag!

      Slett