mandag 21. september 2020

Olavs draumar

Bilete: Bokelskere
Me vart kjende med Asle og Alida i den vesle boka Andvake frå 2007, ei forteljing om eit ungt par på veg vekk ifrå heimbygda si i full fart - ho høggravid, han heile tida på leit etter eit husvære, ein betre stad, mat, klede, pengar. Men dei kan berre ikkje finne seg ein stad å setje bu og føda eit barn, sjølv om dei dreg langt av lei og bankar på mang ei dør. Ingen har plass til dei - og her er er det sjølvsagt mykje intertekstualitet å gleda seg over for den som likar det. Av di dei ikkje finn eit husvære, vert Asle pressa til å gjere fleire rå handlingar for å syte for seg og sine.

Når me no kjem attende til Asle, Alida og områda kring Bjørgvin i noko som kjennest som ein slags tidlaus mellomalder, er sonen deira fødd, og dei har funne seg ein plass å bu. Me kan lesa at dei vart boande i Bjørgvin ei stund, men av di Asle heldt fram med å gjere handlingar han ikkje burde gjere, måtte dei brått flytta på seg. For at dei betre skal løyne seg, ønskjer Asle at dei skal endre namn. Han kallar seg difor Olav, og ho Alida er vorten Åsta. Men no, no er dei lukkelege.

Ein dag skal Olav ta seg ein tur inn til Bjørgvin. Han ønskjer å gå dit åleine, av di det er så mykje treigare viss Åsta og den vesle sonen deira, Sigvald, skal gå med. Han skal berre gå raskt inn dit og gjere det han skal, og så skal han gå attende. Han skal kjøpa ein ring til Åsta og ein til seg sjølve. Endeleg skal han kjøpa ein ring til ho! Dei er jo ikkje gifte, men slik vil alle tru at dei er det. Og dei skal jo vortne gifte, seinare. Olav gler seg til å koma heim med ringar, til å setje ring på ho Åsta, til å aldri meir dra frå ho og Sigvald.

Men på vegen inn til Bjørgvin råkar Olav ein gamal mann. Og mannen kjenner att Olav som Asle. Og fleire gongar undervegs, medan Olav freistar å gjere det han kom til Bjørgvin for å gjere, dukkar gamlingen opp. Olav får mest ikkje fri frå han, og vert tvinga til å høyre om fortida si, den han ønskjer å løyne. Men Gamlingen, som han vert kalla, veit alt. Og han vil ha ein seidel, eller kan hende ein setel, for å halde tett. Men Olav knugar på setlene sine, som han fekk då han selde fela si, han gøymer dei, han skal kjøpa ringar, ikkje noko meir. Med ringane skal alt verte bra. Dei skal verte Olav og Åsta Vik, gifte. Men slik skal det ikkje gå. Det går frå draum til mare.

Med eit stramt grep om personar, historia, tida, skildringar, handlingar, replikkar og indre monologar, måler Jon Fosse (f. 1959) fram eit bilete av ei anna tid, med menneske som liknar oss sjølve og som vert pressa til det ytste. I ei tekst som er knapp og poetisk, rå og var, vert me kjende med Olavs draumar, draumar om framtida, om korleis livet skal verte, om kjærleiken, om gåva han skal gje ho Åsta, om fjorden som blenkar. Boka er ei intens skildring av den store kjærleiken, ei kraftfull forteljing om vilja til å velje, velje å leva sitt eige liv. Ho opnar som ein lukkeleg draum om eit betre liv. Men mellom linene dirrar uro og uvisse, og med Gamlingen kjem eit trugande element inn i forteljinga og skapar brest i lukka og draumen. Det er mest så ein må gråte med og av Olav, for boka, som har tittelen Olavs draumar, er ingen draum.

Som så ofte hjå Jon Fosse er personane fleirdimensjonale, men einsretta. Det er ikkje noko negativt meint, eg synest det er særs realistisk og kjenner att trekk båe hjå meg sjølv og fleire andre familiemedlem, utan at eg skal dvele meir ved det. Fleire av personane me møter i universa til Fosse har store oppheng på det dei skal gjere, mest som om dei har skygglappar på og ikkje klarar eller vil sjå noko anna enn det dei har visualisert skal hende, må hende. Og gong på gong kjem det noko i vegen, slik at dei ikkje kan gjere det dei vil no heller. Målet for handlingane deira vert ein utopi, ein draum, svevande der framme, utanfor rekkjevidde. Og det er nett slik livet er! Men personane hjå Fosse taklar ikkje alltid motgangen så godt.

Medan me les, plukkar me opp frampeik og kan lett sjå at det ikkje skal gå bra med Olav. Det er som om det luggar i setningane, det rykkjer i sjølve boka, samstundes som det vekselvis flyt og pressar i teksta. Inni meg snakkar eg med personane, til dømes Olav, eg seier, gå ein annan veg, gå heim, berre kjøp dei ringane, ikkje snakk med han, ikkje gå med ho, og så vidare. Men like fullt durar personane på mot undergangen, som om dei ikkje kan sjå, ikkje vil sjå, ikkje maktar. Dei vil ikkje sjå noko anna enn den gylne vegen dei har laga for seg sjølve. Skygglappane eller draumane eller trua på draumane kjem i vegen. Det seier mykje om psyken til desse menneska, og om tekstane til Jon Fosse, der han heile tida spenner bein på slike drøymarar, der han sleg i sund skygglappane og krevjer at dei skal vere her, no, med opne auge og erkjenne kven dei er og kva dei har gjort.

Slik snur Fosse forteljinga om Olav opp-ned. Me byrjar å lese og ventar kan hende noko av det same som sist: At Asle reddar seg inn ved å gjere noko han ikkje bør gjere. Men det er ikkje det me får her. Me får vere med på reisa frå draumen ein gild solskinsdag når fjorden blenkar og verda berre er varm og god, til røynda, der nokon følgjer etter, avkler, avslørar, og vidare ned i det svartaste svarte der du sit åleine med erkjenninga di og frykta di og ei visse du ikkje kan løpe ifrå. Det er mykje intertekstualitet å hente her med, og teksta er tett, tett som eit stramt regissert skodespel.

Forteljinga sluttar brått, heilt utan punktum. Hengande, svevande, som ein draum du ikkje heilt får tak på. Ventande. Så eg må vel lesa bok tre òg. Olavs draumar er bok to av tre og kom ut i 2012. I 2014 kom Kveldsvævd, og i 2015 fekk Jon Fosse Nordisk råds litteraturpris for trilogien. Eg er spent på korleis Fosse vil avslutte historia om Asle og Alida, og gler meg til å lesa vidare.

2 kommentarer:

  1. Vi trenger Jon Fosse! Vi trenger noen som borer i våre grunnvilkår og ikke avleder med forbruk og middelklassekonflikter om litt mer eller litt mindre. Og vi trenger at noen videreformidler bøkene hans, sånn som du gjør. Og dette var en veldig fin framstilling av teksten. Så jeg håper mange får lyst til å lese den, og de andre bøkene hans. Trudelutt

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, og jeg er helt enig! Han trengs, og han er ønska. Han er helt særegen, og jeg opplever at han også klarer å gi noe særegent gjennom trykk og press i teksten, og insistering på tingenes tilstand. Planen er å lese siste bok i løpet av høsten, og jeg må innrømme at jeg har en del forventninger til den!

      Slett