Bilete: Samlaget |
Juni er kome og gått utan at eg har lese noko særleg. Hovudet har rett og slett hatt ei stor trong til pause, og det har vore frigjerande og godt. Men ei bok har eg lese, og det er Valkyrjesong. Vikingtida i spenn frå Bysants til Island - ei essaysamling av den røynde forfattaren Solveig Aareskjold (f. 1949). Og det har vore litt av ein lesnad!
På kring 260 sider går Aareskjold gjennom mest heile den norrøne kulturen - i alle fall det ho meiner er dei viktigaste punkta - og ho tek seg tid til å samanlikne nokre element med den samtidige bysantiske kulturen (Tyrkia i dag). Hovudkjelda i aust er den rojale historieskrivaren Anna Komnena (1083-1153), medan ho for det meste nyttar sagalitteraturen som kjelde for den norrøne tida. Attmed har ho ei rik, tverrfagleg historisk tilnærming, og trekkjer inn perspektiv og ordskifte frå idéhistorie, religionshistorie, litteraturhistorie, rettshistorie og ålmen kulturhistorie. Resultatet er ei særs interessant, vettug og morosam, men noko sprikjande essaysamling.
Aareskjold byrjar i Konstantinopel, kalla Miklagard på norrønt, og skriv fram levande bilete av fortida i aust. Miklagard er ein logisk stad å byrje, då fleire norske vikingar kjem seg heilt dit - nokre er berre innom på vitjing, medan andre vert fastbuande. Med ei nøktern samanlikning peikar ho på korleis dette vert vekta i historia:
Fjorten år seinare segla Sigurd Jorsalfar inn på hamna med silkesegl på vikingskipa. Hos Snorre er det ei storhending. (Jorsalfar ventar i to veker på rett vindretning, som vil syne dei praktfulle segla til alle, skriv Aareskjold ein annan plass i boka.) I Konstantinopel gjekk det tretten på dusinet av slike reklamestunt, og i det historieverket som Anna Komnena skreiv på sine eldre dagar, er ikkje Sigurd Jorsalfar nemnd med eit ord. (side 13)
Men desse vitjingane er særs viktige. Dei er nemleg prov på at det tok plass ein omfattande kulturutveksling mellom det norrøne nord og det filosofiske aust, mellom heidendom og kristendom - ei kulturutveksling som berast heim att av profesjonelle leigesoldatar, dei sokalla varangane eller væringane. Gjennom teneste i hæren til keisaren, vert soldatane rett og slett utdanna. Dei fekk nye impulsar, nye tankar, ny tru og lærte seg nye sedar og skikkar. Og sjølv om det med våre auge kan verke noko paradoksalt at teneste som leigesoldat kan leie til pasifistiske haldningar, ei inderleggjering av indre verdiar og ei anna religiøs tru, underbyggjer det også kvifor desse vitjingane var storhendinger hjå Snorre (1178/79-1241). Dei som vende heim att, var med på å endre det norrøne samfunnet, frå ei heide fortid sjølv Snorre ikkje kjende, til den kriste samtida han sit og skriv i. Essaysamlinga handlar mykje om dette, men like mykje om kva som ikkje endrar seg, kva som trekkjast med vidare inn i den kristne tida, og kva me framleis trekkjer med oss.
Essaysamlinga er tematisk inndela i seks bolkar med fire til elleve tekster i kvar bolk. Kvar bolk har vidare eit hovudtema som Aareskjold kastar ljos på, diskuterar og reflekterar kring. Det kan vere døden, ære eller mislukka adaptasjonar. Ho trekkjer liner attende, til dømes til Homer, og framover, til mellom anna moderne filmar. Ho undrar seg over kvifor Hollywood ikkje for alvor har tatt tak i islendingesogene, som er så spanande og sterke tekster med mykje dramatikk. Og ho kjem fram til at mykje har med kvinna å gjere - den stolte, kloke og sta kvinna som ikkje bøyer av for nokon, og som ordnar opp like mykje som nokon mann. Den norrøne kvinna passar ikkje i det heile med det amerikanske kvinneidealet, der alt for mykje handlar om å vere undergjeven og føyeleg. Og Aareskjold trekkjer fram den eine sagakvinna etter den andre, frå dronning Gunhild til Bergtora, og eg humrar av mine eigne indre bilete av livredde amerikanske filmregissørar. Ingen kunne styre Gunhild!
Mest alle refleksjonane er heimla i Aareskjolds eige lesnader av eit utall soger og er difor meir synsingar og teoriar enn faktisk forsking. Men av di ho underbyggjer påstandane sine med ein rik sagalitteratur, som ho delvis gjennomgår i boka, og nokre historieverk, er ho ikkje så langt unna forskinga likevel. Det kjem an på korleis ein les, og om ein tolkar tekstene som skjønnlitteratur eller som faglitteratur, sjølv om eg ikkje vil tilrå å nytte boka som hovudkjelde for eit større fagleg arbeide. Men så er det heller ikkje det som er agendaen til Aareskjold. Eg opplever at ho vil opne horisonten til røynde og nye lesarar, utfordre kva me trur og korleis me tenkjer om vikingtida og minne oss om at fortida framleis er her, i problemstillingar me ofte trur er nye. I alle tilfelle er ho i eit vanskeleg grenseland, der det er mykje å ta omsyn til, også for lesaren. Det lettaste for lesaren er å gå til boka med eit ope sinn - då vil ein kan hende sjå vikingtida i eit nytt ljos etterpå.
Aareskjold skriv ganske personlege essays. Hos skriv om emne ho er interessert i, tema ho kan mykje om, stader ho har vore, tekster ho har lese. Og ho trekkjer liner på kryss og tvers i historia, slik ho sjølv vil - nokre gongar mot den etablerte skulen, noko som kan utfordre fastgrodde tankesett. Det er for det meste forfriskande og herleg, men det krevjer at ein lesar er viljug til å sjå det same som Aareskjold. Men av di ho ikkje er brysamt insisterande på eige perspektiv, kan ein fint vere ueinig i observasjonene og refleksjonene hennar og framleis ha stor glede av tekstene.
Ofte skriv ho også seg sjølv inn i essaya. Det er eit spanande grep, særleg når forfattaren har relevante erfaringar og mykje å kome med. Det bringar før og no saman, gjennom at forfattaren vert ein slags vegvisar i dei kaotiske kulturkollisjonene som kom før, i og etter vikingtida, i dei norrøne områda, i Miklagard og i resten av verda. Samstundes er tekstene litt lukka - ein må både vere med fagleg og følgje med tekstleg for å kunne hengje med på og "ta" konnotasjonar og digresjonar forfattaren kjem med. Det er ikkje lett å forstå nett kva Aareskjold kritiserer i moderne filmer viss ein ikkje kjenner dei eldgamle tekstene filmane byggjer på, som til dømes Beowulf, av di ein lett trur at filmen har "rett". Difor er eg veldig glad for at eg har lese mykje gamal litteratur forut for Aareskjold, for det gjorde at eg kunne halde tritt heile vegen. I dei tekstene som er stutte eller som stoppar plutseleg, sakna eg at ho nøsta vidare og ga meg noko nytt å tenkje på.
Med ei essaysamling som står midt i mellom faglitteratur og skjønnlitteratur, historie og litteratur, natur og kultur, er det noko skuffande at Aareskjold ikkje problematiserer kjeldene, og at ho heller ikkje skriv om eigen kjeldebruk. Ho liter mykje på både Komnena og Sturlason, kan hende litt for mykje? Og korleis kan ho vite at hennar tolking er "rett"? Det hadde vore interessant å vite kva Aareskjold har tenkt ut sjølve og kva tema andre også har skrive om. Kjeldelista bak i boka gjev ein peikepinn, men ikkje utan omfattande leiting i mange verk. Essaysamlinga har også mange intertekstuelle referansar, noko Aareskjold fint gjer greie for i kjeldelista. Attmed har ho nokre kommentarar til utvalde tekster, men då det ikkje visast til desse i essaya, kjem dei litt overraskande på der dei står. Eit fotnoteapparat hadde nok vore betre.
Tematisk er essaya delte i to: Dei tekstene der Aareskjold samanliknar kulturar og historie, og dei tekstene der ho er meir fokusert på det norrøne og til dømes islendingesogene. For meg var alt saman interessant, men eg undrar litt på kva ho eigentleg vil med Bysants-tekstene. Det hadde kan hende vore betre med to essaysamlinger - ei om vikingtida og Bysants, og ei berre om vikingtida. Då ville forfattaren ha moglegheit til å gjere fleire samanlikningar, syne fram fleire sider ved samfunn, kultur og litteratur, og gjeve tekstene meir tyngde. Eg ville ha lese båe to.
Eg likar tittelen på essaysamlinga utruleg godt. Med eit samansett ord som valkyrjesong gjev forfattaren dei sterke krigarmøyene også noko mjukt, roleg, men viktig. Tankane går attende til Homer: Syng, gudinne, om vreden som tok Peleiden Akillevs og Sangmø, fortell om hin rådsnare helt som flakket så vide. Det er lett å sjå for seg korleis alle lytter til desse kvinnene, slik som gudane lytter til volva i Voluspå. Og det er lett å sjå Aareskjold sjølv som ei av desse møyene, med det lange, vakre håret og all kunna. Difor er det leit at tittelen, og valkyrjene, ikkje er så berande i samlinga som eg trudde. Det verkar som om dei er henta fram etter at tekstene er skrive, mest for å binde essaya saman. Eg hadde gladeleg lese mykje meir om dei - og dei har mykje meir å spele på!
Dei kortaste tekstene er kan hende dei minst vellukka - her rekk ein berre såvidt kome i gang med tenkinga før dei er over. Eg kosa meg mykje med dei lange essaya, der Aareskjold får ause av kunna si, og der ho kan trekkje meg med til ei anna tid som er så spanande at eg gløymer mi eiga. Nokre fakta vert repetert litt ofte, men det gjer ikkje noko. Aareskjold er vittig, vettug og vis, og ho er ikkje redd for å sparke korkje opp eller ned, framover eller bakover. Og ho skriv så lett og godt at ein knappast merkjer at sidene flyr. Men det beste av alt er at ho har stor vyrdnad for sagalitteraturen og historia, og at kvar side gneistrar av interesse og forteljeglede.
Takk for positiv og ryddig omtale av Valkyrjesong! Boka ligger klar, sammen med Den svarte viking av Bergsvein Birgerson, som de neste bøkene jeg skal lese.Og vips så ble det Valkyrjesong som hoppa fram, gitt. Fortsatt god sommer!
SvarSlettTrudelutt
Så moro! Da ønsker jeg deg riktig god lesing, og håper du også liker essaysamlinga til Aareskjold. God sommer til deg også!
SlettDette var en utrolig bra omtale, ikke minst faglig! Jeg ble virkelig nysgjerrig på boka. Får se om det blir plass til den utpå høsten en gang. Fint med omtaler av slike bøker som det ikke er så mange av! Ønsker deg en fin sommerdag!
SvarSlettTusen takk! Så hyggelig at du blei nysgjerrig på boka. Håper du leser den, den er vel verdt tida. Gleder meg til å lese hva du syns. Riktig god helg!
Slett