onsdag 25. september 2019

Celestine

Bilete: Samlaget
Noko av det beste med dei årelege Mammutsala, er å finne fram til heilt nye bøker. Det er mest som å gå på skattejakt! Eg finn alt mogleg, kvart år. Bøker eg har gløymt, bøker eg har gleda meg til, men ikkje fått tak i, bøker eg har kjøpt og gjeve som gåve og seinare angra på at eg har gjeve bort, bøker eg har lese, men som eg berre må eige, og ikkje minst bøker eg ikkje visste fanst. Som denne vesle romanen, Celestine (2015, på norsk i 2017) av danske Olga Ravn (f. 1986).

Romanen har på mange måtar to delar som er veve saman. Det er vanskeleg å samanfatte det kronologiske innhaldet grunna komposisjon og struktur. Ravn hoppar att og fram mellom dei to delane, og ho trekkjer dei også saman, slik at dei vert vanskelege å skilje frå kvarandre att. Men det er litt av poenget, noko som eg vil kome attende til under. Attmed går Ravn attende i tid når eg-personen reflekterar over eige liv, og om lag halvvegs går ho eitt år fram i tid, slik at det til saman er mange tidsplan å halde styr på. Men ikkje for mange!

I notida vert me kjende med eg-personen i boka, ei ung kvinne som har stansa opp og ikkje kjem vidare i livet. Det er sommar. Ho bur saman med kjærasten Kim, men når han kvar natt søv timane sine under lakena, er ho vaken. Søvnen er eit lite dyr, så vanskeleg å fanga, skriv Ravn. Eg-personen i boka lyttar. Ho tenkjer. Ho spring frå det eine til det andre i tankane, som om ho freistar å gripe noko, hugse noko. Kim søv.

Hausten kjem. Kim er verte deprimert, og ho byrjar i ny jobb som lærar på ein internatskule. Ho flyttar frå Kim, og får eit rom på skulen, nett som elevane. Skulen er gamal og stor, med lange gangar, fleire etasjar, bakdørar og trapper, eit lite bibliotek og eit løynd loft. Elevane vrimlar kring kvarandre, dei snik, dei ler, dei kyssar, dei skjular sprit mellom bøkene og er nett slik elevar skal vere. Ho får ikkje sove.

Den andre delen av boka handlar om ei ung jente, nett som ho me les om. Eg-personen gjev ho namnet Celestine. Ho er utruleg fascinert av lagnaden til Celestine, og ho delvis fortel, diktar og gjennomlever kva som er hendt med Celestine. I følgje ei historie frå mellomalderen vert Celestine gravlagd medan ho framleis er i live - ho vert mura inne i ein vegg av foreldra sine. Der inne døydde ho. Der inne gjev Ravn ho liv på ny. Som eit spøkjelse kjem ho ut, ho følgjer eg-personen rundt til dei er meir eitt enn to. Forteljinga om Celestine trekkjast opp og inn i forteljinga til eg-personen, vert fortalt parallelt med historia frå notida og vert eit slags omdreiingspunkt.

Celestine er ein realistisk roman med litt gotisk mystikk, slik det ofte vert når me skal møte "våre indre demoner", eller her, spøkjelse. Og nett dette oppfattar eg er kjerna i boka. Eg-personen kjem ikkje vidare i sitt eige svevnlause liv av di ho strevar. Ho leitar etter ein identitet, søkjer etter ei historie og har ei trong til å erobre sitt eige eg. Men då må ho hugse, sjå og møte det vonde i eiga fortid. Ho stør seg på smerta til Celestine, til å måtte døy inni ein vegg, og lever hennar lagnad som spøkjelse om nettene, der ho driv rundt på skulen iført ein kvit kjole.

Celestine er ei særs original bok, med eit utruleg uvanleg og imponerande språk. Eg har aldri lese om ei ung kvinne som har tenkt slike tankar, som har hatt eit slikt rått og poetisk språk, som har vore morosam og mørk, desperat og redd på same tid. Ravn nyttar spesielle bilete, til dømes: På restauranten sin terrasse flagra nokre dukar opp frå borda som store skadelege blomar. (s. 9). Eg vaknar i sommaren sin klåre munn. Augo mine er dekte av slimhinnene hans. Morgonen er gamal. (s. 14) I søvnløysa bur det ein turr og stram rus som huda om vinteren. (s. 15) Syrinen blømer som ein far slår dotter si. (s. 20)

Setningane er ofte korte, harde, og trykkjer seg inn i lesaren. Tonen er usentimental og direkte, mange gonger humoristisk. Desse avsnitta vert brote opp av lengre, forteljande og meir skildrande parti. Dynamikken speglar eg-personen, som også bryter opp og fortel, mest mot si vilje, om seg sjølve. Som borar seg inn i sitt eige indre, sjølv om redsla er ei gammal kvinne som kryp i hop på loftet. Til saman er det 33 kapittel. Alle er korte, og alle gjev lesaren ein inngong, eit perspektiv på eg-personen. Celestine er ei underleg lita bok, med overskot, mange lag, lause trådar, skugge og mørker, men som mest av alt gjev lesaren lyst til å lese ho på ny, med ein gong. Framifrå omsett av Inger Bråtveit (f. 1978).

2 kommentarer:

  1. Godt skrevet om en bok som ga meg mye lesefryd. - Fryd, fordi den var til tider svært forvirrende, men samtidig særdeles givende.

    Olga Ravn er ikke for hvem som helst, det er krevende lesing. Desto mer i utbytte når man har dukket inn i hennes univers. Massiv applaus til oversetteren som har omgjort hennes ord til nynorsk. Framifrå omsett, helt enig med deg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Ellikken! Og jeg er så enig - denne boka var givende og krevende og satt som et skudd. Jeg leste at Ravn er ei svært allsidig dame, hun driver med litteratur på mange ulike måter. Kunne tenke meg å lese mer av henne.

      Riktig god høst til deg og dine:)

      Slett