søndag 8. mars 2020

Alfabetlesing: Kimen

Bilete: Bokelskere
Det er ein nydeleg sommardag. Ute på den grøne øya er alt slik det brukar å vere. Nokre arbeider med jorda, nokre i frukthagen, nokre med dyra. Ei purke skal til å ha små. To mannfolk, han Haug og han Dal, drikk øl og surrar. Ho Kari Nes driv rundt slik ho alltid gjer. Ei ungjente sankar i hop plantar og blomar. Ei anna er så glad og lett av di ho er med barn, men det er ein løyndom. Mest alle er ute og gler seg over den fine dagen.

Ute på havet putrar båtane. Sola blenkjer i vassflata, bølgjene er mjuke mot strandkanten. Nokre drog inn til byen i morgontimane, mellom anna han Karl Li, busett på garden Li, den største garden på øya, garden med den store, raude låven. Han er gift med Mari og far til Rolv og Inga. Om nokre timar er han på veg heim att. Men då er det allereie for seint -. For nokon kjem. Frå ein båt kjem det plutseleg ein ny, ung mann til øya. Ein framand. Raskt veit mest alle at han er komen, men dei veit ikkje kven han er eller kvifor han er komen. Kva vil ein som han, her hjå dei?

Så vert den eine ungjenta borte. Dei søkjer etter ho, kvar kan ho vere? Nokon har sett noko i eit kratt, eit andlet, ein mann? Så finn dei ein kropp. Vekk frå staden spring ein mann -. Folka på øya startar ein intens leiteaksjon etter den framande, som alle meiner er brotsmannen. Dei spring og spring medan skuggane vert lange, og til sist vert han kringsett. Han får ikkje ein gong sagt noko.

Og heim til garden ber dei lekamen til ei ung jente, ei jente med heile livet framom seg, med draumar og lengt, von og kraft og ei trong til å leva. Ho vert lagt i senga på sitt eige rom. Om ein berre kikar fort på ho, er det mest som ho søv. Men ho skal aldri meir sove, aldri meir vakne. Utanfor, i det svale sommarmørkeret, gjer øybuarane det dei meiner er rett. Dei søkjer ei desperat hemn for det utenkjelege, dei let urkreftene i seg agere, tettare og tettare kring manneskrotten. Så vert det så underleg stilt.

Med romanen Kimen frå 1940 har Tarjei Vesaas (1897-1970) skrive ei tett og sår bok om noko av det verste eit menneskje kan røyne. Han skriv realistisk, men poetisk, og med ei sjeldsynt kraft. Teksta er stram og knapp, og berre det viktigaste vert skrive. Boka har ein allvitande forteljar som vekslar kven han følgjer - til dømes Haug og Dal, den framande, familien Li og så vidare. Slik får mange menneskje kome til orde i romanen, og me som les får eit gløtt inn i kva dei tenkjer og føler. Vesaas skildrar presist og tydeleg, og skapar ei sterk kontrast mellom idyllen me møter i opninga og det fælslege som skal kome til å hende seinare.

Ute på den grøne øya røyner dei at uskuldig jente vert drepen, heilt utan årsak. Ho er ein ven, ei syster, ei dotter. Etter at hemnen er fullbyrda må øybuarene takle det dei har vore med på. Sorg og anger kjem mest på same tid. Men det som var så naturleg då, då dei sprang, jaga og kringsette den framande, er ikkje lenger greitt no. Korleis skal dei erkjenne si eiga skuld i det vonde, og gjere bot? Kven er eigentleg ansvarleg, kven eggja, kven slo fyrst? Eller har det ikkje noko å seie, av di alle var med? Vesaas syner fram korleis ein dyrisk flokkmentalitet lett kan vekse fram og kva massesuggesjon i verste fall kan leie fram til. Han peikar også på kva som er problematisk med slik kritikklaus og instinktstyrt adferd. Og når alle er med og har skuld, skal ikkje alle óg då ha skuldkjensle viss ein gjorde eit brotsverk?

Eg vart fascinert av romanen, jamvekta mellom ro og uro, presset som ligg mellom orda og linene frå alt som ikkje vert sagt, det klåre språket, dei etiske utfordringane, rolla hennar Kari Nes og kva ho faktisk gjer med og for øybuarane. Eg kjente meg att i reaksjonar og kjensler, alt frå sinne og otte til desperasjon og resignert sorg. Om dette hadde vore dotter mi! Like fullt er bodskapen tydeleg gjennom heile boka: Sjølv om me vert såra på det verste, skal me ikkje gje att med same mynt. Me må halde på det menneskelege, sjølv i det desperate og vonde.

Kimen er kjend som ein av Vessas sine allegoriske romanar, og her er det mykje å hente for den som ønskjer å lese boka slik, til dømes i samband med okkupasjonen i Noreg frå 1940-1945. Men ein kan også lese teksta som ein studie i menneskeleg psyke, eller for å finne ut kva ulik innverknad tragediar har på ulike menneskje. Det viktigaste er like fullt ikkje korleis ein les, men at ein les, og at ein lyttar til det Vesaas har å seie, den klokskapen han vil gje og dei perspektiva han ønskjer å dela. Kimen er ei vakker og vond bok som framleis er viktig og sann, og som eg har von om at mange lesarar vil lese i mange år til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar