søndag 27. desember 2020

Kveldsvævd

Bilete: Bokelskere
Eg likar å tru at eg har lese ein god del av Jon Fosse sine bøker. Eg har vore innom båe skodespel, lyrikk, barnebøker, forteljingar og romanar. Men kvar gong eg les, vert eg fortumla over kor bra det er. Og no er eg, nok ein gong, fortumla. Eg har lese forteljinga Kveldsvævd som kom ut i 2014. Her avsluttar Fosse trilogien som berre vert kalla Trilogien (Andvake frå 2007, Olavs draumar frå 2012 og Kveldsvævd) samstundes som forteljinga også er bunde saman med Det er Ales frå 2004. Men sjølv om forteljingane er stutte, er det poetiske landskapet stort.

I Andvake følgjer me det unge paret Alida og Asle der dei søkjer husrom i Bjørgvin. Alida er gravid, barnet skal snart kome, Asle må gjere noko, må sørgje for ho, for dei. Parallellane til den velkjende bibelhistoria er mange. Men samstundes er dette noko heilt eige, for ei dirrande kjensle av uro ligg heile tida i teksta. Og kva er det Asle gjer, eigentleg? I Olavs draumar er me først heime hjå Alida og Asle. Dei har fått seg nye namn for å gøyme kven dei eigentleg er. Ein dag vandrar Asle inn til Bjørgvin for å kjøpe ringar til seg sjølv og Alida. Der vert han konfrontert med tidligare gjerningar. Ein nådelaus lagnad ventar mannen som flyktar frå alt, som trur han kan kome unna med alt. Samstundes går Alida kring heime i lag med den vesle sonen deira. Men Asle kjem aldri heim att. 

I Kveldsvævd får me vite kva som hender vidare med ho Alida, når ho vert åleine med ein liten son. Kva skal ho gjere, no når Asle ikkje kan hjelpe dei meir? Kvar kan ho gå? Hjå kven kan ho søkje arbeid? Kvar skal ho få mat ifrå? Kven vil hjelpe ho og sonen? Når dei mest ikkje har meir mat att, har ho ikkje noko val. Ho må gå inn til Bjørgvin, ho med. Sjølv om ho veit kva lagnad som ventar ei kvinne som ho, utan mann, slekt eller vener. Dei avsnitta der ho nærast sanselaus vimar kring i Bjørgvin, er ekkel lesnad. Kva vil hende med ei slik kvinne? Vil nokon sjå ho, situasjonen hennar, og utnytte henne? Så kjem det ein mann. Ein mykje eldre mann. Men kva vil han? Og kva kan ei som ho yte attende?

I Kveldsvævd er det mykje å hente, og forteljinga rommar mange lesnadar. Eg vil nemne dei to nivåa i tid og forteljing, som reint teknisk er framifrå og som attåt gjev lesaren frysningar. Det er mest som om me råkar eit magisk nivå. Fyrst er det notida, der den aldrande Ales hutrar i stova si, hutrar og hugsar attende på då ho var lita, på mor si, på kva mora har fortalt om sitt eige liv. Så følgjer me Alida si forteljing i fortida, frå dagen då Asle dro og framover, og me får vite korleis ho endar opp med far til Ales. Men midt i mellom desse to nivåa er det ei samanblanding, ein stad der Ales og Alida råkar kvarandre og kan sjå kvarandre, sjølv om den eine er død. Ales snakkar med mor si, og ho veit det er feil at ho gjer det, at ho vert heilt tullete der ho går i einsemd. Like fullt gjer ho det. Korleis kan ho ikkje, når mora er der, og følgjer ho frå rom til rom. Og funksjonen hennar Alida, eller det teiknet ho er, vert tydeleg når ein har lese ferdig forteljinga. Som endar utan punktum, utan at det er noko eg vil halde i mot korkje bok eller forfattar. Det fungerar så fint, så fint.

Med ei stutt forteljing, heilt utan punktum, mer som ein utpust, ein lang, jamn straum av utpust, varm og varsam, vert me kjende med Ales og Alida og dei viktigaste menneska kring dei. Fosse skriv om hendingar, tankar og kjensler, det er replikkvekslingar, refleksjonar, skildringar. Det er lagnadar. Kvinneliv. Skildringar av å leve saman med nokon, eller å ikkje gjere det. Det er tap og sakn og von og vonløyse, og heilt til slutt, døden. I teksta vekslar det mellom ro og uro, det kan båe trykkje og presse, slik at ein må leggje boka ned innimellom. Intensiteten dirrar frå sidene. Ein må tenkje. Taka til seg underteksta. Og lese meir.

Eg vil ikkje skrive i hel eit verk som står støtt for seg sjølve, som er her og som kan lesast på ny og på ny, og som fortener lesarar, difor: Les. Berre les. Og meir om Andvake og Olavs draumar finn de i lenkjene. 

2 kommentarer:

  1. Trilogien er sannsynligvis det vakreste jeg har lest i alle mine femtifem år. Rett og slett nydelig.

    SvarSlett
    Svar
    1. Veldig enig! Dette er aldeles nydelig litteratur. Jeg ser fram til å ta for meg "Septologien" i sin helhet, når alt er kommet ut. Fosse er noe helt for seg sjøl.

      Godt nytt år til deg og dine!

      Slett