søndag 27. mai 2012

Njålssoga

Det skulle berre nokre sider til. Så var eg ikkje her lenger, men heilt inne i den verda boka opna for meg: Island mot midten av 900-talet og framover mot midten av 1000-talet. Eg sit i lag med Gunnar frå Lidarende og Njål frå Bergtorskvål, eg rid til tings og eg gjer forlik med Hrut og Hoskuld, den stri Flose eller dei sleske Sigfus-sønene. Verda mi er lita. Lova er sterk. Ætta tyder alt, og eg må gje gods, mykje bra gods, for å halde på makt og vener. Men mykje gods, makt og vener gjer at nokre folk ikkje likar meg. Sjølv om eg er ein framifrå kar, som kan slåst og springe og slenge øksa snøggt, sjølv om eg er ein lovkunnig mann. Fiendane mine gjer åtak og drep huskarar, søner, vener, fosterson min. Kona eggjar og kjem med dei blodige kleda. Hemnen må gjerast, eg kan ikkje la ein god mann ligge ubøtt. Då har eg ikkje ære.

Vel, det hender ikkje nett slik i Njålssoga. Men det er ikkje så langt unna. Det viktigaste er omgrepa hemn og ære, og kva dei tydde i praksis. Etter å ha lese Njålssoga får ein god kunnskap om nett det. Det førkristne islandske samfunnet som skildrast er eit samfunn nokså langt i frå vårt eige, men det er verdt å freiste å leve seg inn i det. Sjølv om det er mykje av det same - oppramsing av namn og ætt, åtak, skade og drap, hemn og tingmøter - i den nesten 250 sider lange soga, vert ho aldri trå å lese. Ho er skrive lett, rytmisk og med intensitet. Forfattaren spring over rolege vintrar og stille sumrar og konsentrerer seg om dei store hendingane og dei mange korte, tydingsberande dialogane. Dei over 600 personane som nemnest i soga er det heilt umogleg å halde styr på, så det vert til at ein har kjennskap til nokre og tjue, resten fell frå relativt fort (og ikkje av naturlege årsaker).

Det er vanskeleg å velje ein hovudperson, av di dei fleste kreperer fort. Soga heiter Njålssoga av di mykje av handlinga foregår kring den kloke lovseiemannen Njål, kona Bergtora og sønene deira. Kva som hender når desse fell frå, og korleis dei døyr, er særs relevant for korleis heile soga ender. Men eg vil likevel ikkje seie at Njål åleine er hovudperson. Eg kjem nærare Gunnar frå Lidarende gjennom dialog og monolog, og den munnrappe Skarphedin som all stads gjer mykje ut av seg, brave Kåre med dei kreative kvada og den mannevonde Hallgjerd som er medskuldig i at Gunnar døyr. Mange av menneska nemnest berre med namn, og er ikkje meir heller. Mellom anna kan eg nemne sju som heiter Torgeir, Bjørn, Grim eller Tord, åtte som heiter Sigurd, ti som heiter Kjetil eller Tore, tretten som heiter Torstein, femten som heiter Torkjell. Forstavinga "Hal" var tydelegvis populær i namn både for kvinner og menn: Hall, Hallbera, Hallbjørn, Halldor, Halle, Hallgjerd, Hallgrim, Hallkatla, Hallkjell, Hallstein, Hallvard, Halv... Det seier seg sjølv at ikkje alle desse menneska er viktige i soga. Men dei nemnest likevel, og eg likar det, for med oppramsinga av ætta kjem eg inn i ei anna verd, kor ætta er dei ein skyver framom seg, ætta er æra.

Andre menneske, som speler ei viktigare rolle, har anten så like namn som ein annan (sjå døme over) eller vert ikkje utdelt nokre særskilte eigenskapar. Då kan det vere vanskeleg å skilje dei frå kvarandre, sjølv om nokre har tilnamn som den vikværske, den sterke, den spake, den kloke, den kvinnekjære, den magre, den rike, den skjeløyde, Jarnsida, Kistesmør, Loddenkinn, halvtroll, Taskerygg, Tungegode, Orm-i-auga, Bundenfot, Torskabit, Breimage, Jernsaksa m.fl. Nokre av tilnamna er biletskapande og morosame. Det er eit døme på at det harde islandske samfunnet ikkje berre var hardt, men også fylt med lått. Desse fryktlause gutane vert likevel mest ein og den same der dei rir og slåst og gjer forlik, men boka er ei skattkiste for dei som likar gamle namn og som kunne tenkje seg noko meir kraftfullt enn Noah eller Jonas til poden. Det er mange kvinner i soga, men dei er ikkje handlande på same vis som mannfolka. Dei eggjer, dei vrir kjeft, dei kved - dei er mykje meir munnlege enn dei fysiske mennene. Dei hevder seg ved å vere konsekvente og absolutte når det kjem til å vere med mannen, slik som Bergtora, eller ved å vere vrange, slik som Hallgjerd. Det seier mykje om samfunnet då kontra no, og eg synest det er spanande å tenkje på slike kontrastar. Ein finn det jo att i samfunnet vårt i dag, og sikkert endå tydelegare på Island.

Forfattaren veljer å følgje somme menneske når dei fer ut av landet, til dømes til Noreg og Orknøyane. Kva som hender heime i desse åra, vert anten fortalt når gutane vender heim att, eller når dei døyr, og forfattaren vender fokuset attende til Island. Det kan vere frustrerande at ein ikkje følgjer eit menneske heile vegen, men samstundes gjev det meining å hoppe frå lagnad til lagnad. Enkeltmenneska er ikkje viktige i eit slikt æressamfunn. Det er ætta som er viktig. Og det kollektive, heile samfunnet, som skal fungere, med lover og reglar, sedar og skikkar. Menneska er innordna i ein hierarkisk ideologi kor heilskapen er øvst. Dette kan ein tydeleg sjå av di ikkje noko av tyding endrar seg etter at islendingane tek til trua på Alltinget i år 1000. Samfunnet, og dei kollektive ordningane, er dei same.

Fleire av hendingane i soga er brutale og triste. Menneske vert drepne, og dei etterlatne har ikkje mykje val om dei ynskjer å halde på makt og vener. Dei drepne må hemnest. Det er trist, for ein veit at soga ikkje kan ende før mest alle gutar i kvar ætt er vekk. Korleis kan ein då kome seg vidare? Og kva samfunn ynskjer å ha det slik? Mykje av poenget med soga, slik eg ser det, er at ein ikkje skal setje seg sjølv som enkeltindivid framom dei kollektive avgjerdane på tinget. Då kan det gå deg dårleg, slik det gjer med Gunnar frå Lidarende. Han skal fare utanlands, men vel å vere heime. Han vel å slest for sitt eige liv og sin eigen rett, sjølv om tinget har dømd han til utanlandsferd. Han vel å døy heime. Og nett dette som Gunnar vel, får store konsekvensar for mange menneske. Til det kan reise eit spørsmål om Gunnar har rett til å setje seg over lova.

Og nett dette med Gunnar, var det eg las før eg verkeleg starta på boka. Han skal fare, men maktar ikkje. Han vil vere nær heimen sin, han vil døy heime. Eg undrast på om Njålssoga kunne vere ein type heimstaddikting og. No veit eg jo at det er særs lite ved soga som er rein heimstaddikting, men samstundes vert det formidla ein sterk kjensle av tilhøyrsle, av kjærleik, av lovlydnad. Det er nett desse kjenslene som gjer at Gunnar vert heime, som gjer at Njål held seg heime, som gjer at Bergtora ikkje går ut, sjølv om ho vert lova grid. Samstundes er det desse kjenslene som gjer at Kåre hemner Njål. Ein kan spørje seg om æra er den einaste drivkrafta i eit ættesamfunn. Kjærleiken står sterkt, han og.

Vi får ikkje lese mykje om gardsbruk, fiske eller liknande, for soga handlar tydeleg om dei fremste mennene på Island. Dei har makt og kan lova, dei er plika å møte på tinget, dei eiger gardar, er godt gifte, har huskarar og trælar. Dei fer utanlands, i viking, eller på vitjing til kongar og jarlar i Noreg. Dei vert tekne opp i hirda, har skarlakskåper, gullringar og eigne namn på våpna sine. Dei kan kvede, fort og godt, dei er ikkje redde, og slåst både lengje og hardt. Undervegs i soga kjem kristendomen, men det endrar ikkje adferda til islendingane. Dei er som dei er, og forfattaran setjer dei i bås som høviske eller ikkje-høviske. Då vert det særs tydeleg kva seder som var viktige då soga vert skrive ned på 1200-talet, og korleis dei er i kontrast med dei mange heidne skikkane.

Njålssoga er ei utruleg rik kjelde til mykje av kulturhistorisk verdi: namn og personar, gardar og stader, hendingar både på Island og i andre land, som Noreg, dei små øyane og Irland. Ho gjev eit godt bilete av korleis makt, politikk og venskap går hand i hand, og korleis makt og ære er dei overgripande omgrepa - heile tida. I dei mange skildringane frå Alltinget, får ein god innsikt i korleis rettssystemet er. Ekteskapet er ei tydeleg allianse mellom ætter eller, nokre gongar, fiendar, ikkje eit band bunde av kjærleik. Av dei som drog til Island i landnåmstida, var det mange som ikkje likte styret i Noreg under Harald Hårfagre. Dei ynskja noko anna, dei ville styre sjølv. Det gjer dei på Island. Dei styrer sterkt, men slik dei vil. Og kjærleiken til nett det, til fridomen, til Island, er tydeleg gjennom heile soga.

2 kommentarer:

  1. Spennende innlegg! Og veldig pussig at dette er andre gangen jeg leser om Njåls saga på en bokblogg i dag... Jeg begynte å lese den for ca en måned siden da jeg kom over den på nett, og syntes det var veldig artig lesning. Men den var litt for lang og det var litt for sent på kvelden til at jeg fortsatte å lese. Leses skal den likevel, for det er utrolig lærerikt og interessant å lese så gammel litteratur.

    SvarSlett
  2. Ja, det er det så absolutt! Det er utrolig mye å hente ut fra f.eks. "Njålssoga". Gjennom korte episoder og hendelser sier forfatteren mye om både sin egen samtid og tida han skriver om. Det synes jeg er kjempespennende. I tillegg har sagaen stor litterær verdi, og er i høy grad historisk korrekt! Tror jeg har blitt litt hekta på litteratur fra middelalderen, for brått er det mange sagaer å finne i hyllene mine... Ser fram til å lese hva du synes:)

    SvarSlett