onsdag 29. oktober 2014

Soga om Gisle Sursson

Bilete: Bokelskere.no
Av di eg arbeider med sagalitteratur i masteroppgåva  mi, les eg eit rikt utval soger denne hausten. Og no var turen komen til Soga om Gisle Sursson - ei soge eg har lese mykje om i ymse verk, men aldri lese sjølv. Ho går for å vere ei av dei mest velkomponerte og velforma sogene - meir konsentrert i persongalleri og handling enn Njålssoga, men mykje rikare på det same enn den stutte, mest biografiske Soga om Gunnlaug Ormstunge. Ho går føre seg i omtrent same periode som Egilssoga - det islendingane kallar sagatida (frå landnåmstida på 870-talet og fram til kristninga kring år 1000).

Soga om Gisle Sursson tilhøyrer sjangeren islendingesoge, og har, som mest alle islendingesogene, ukjend forfattar. Det vi veit, er at soga mest truleg vart skrive på Island ein gong på midten på 1200-talet (andre meiner ho er skriven seinest kring 1200. Dei lærde stridast). Men ho utspelar seg på Island og i Noreg kring midten og mot slutten av 900-talet. Det tyder at det kan vere kring tre hundre år mellom hendingane og nedskrivinga. Det er eigentleg ikkje problematisk i det heile, bortsett fra at nokre meiner sagaene er historie, ikkje litteratur (og nokre meiner det motsette). Soga om Gisle Sursson er ikkje ei særs lang soge, kring hundre sider. Men det skal litt til å hugse heile, å hugse alt nett slik det hendte. Anten er nokre av islendingane utstyrte med særs godt minne, elles er det ein sabla god forfattar bak det heile. Eg har tru på ei fin blanding, men av di dette er ein stor debatt, skal eg ikkje gå meir inn på han her.

Soga både opnar og ender i Noreg, men har heile mellomspelet og hovudhandlinga si på Island, sett bort ifrå eit kort seilas til gamlelandet. Og han som har gjeve namn til soga, Gisle Sursson, er med rette hovudpersonen. Soga handlar om livet til Gisle, og om korleis han iherdig arbeider mot det som han veit er hans eigen lagnad. Ikkje nokon annan sogehelt arbeider så intenst og ivrig for å berge livet - mykje meir enn ein gong - og ikkje nokon annan kjenner korleis dei mest umenneskelege krava til eit liv med ære er, og korleis det omsluttar eit menneske til ein kjøvast.

Gisle Sursson og frendene hans er styrte av det norrøne æresomgrepet, der ein må vere rask om å hemne sjølv små, kanskje uskuldige nidviser om slekta med noko like ille eller verre om avsendarslekta. Slik ballar det raskt på seg, og når det fyrst vert valdeleg, slik som i denne soga, er det umogleg å stoppe før nokon døyr. Då har me raskt ein ættefeide av verste sort. Normene er slik at når ein mann har vorte drepen, er det den mannen som trekkjer ut våpenet som må hemne drapet. Den attlevande kona, systera og andre nære kvinnelege slektningar har plikt til å eggje nære mannlege slektningar til å hemne - for hemn må ein ha for å attreise jamvekta mellom slektene (auge for auge og så vidare). Men det kan gå mange år mellom kvart drap, til dømes om ansvaret for hemnen fell på nokre unge søner. Då må dei fyrst verte så vaksne at dei kan ta livet av ein vaksen mann, og helst sleppe unna med.

I Soga om Gisle Sursson tek det til nokså harmonisk. Tre ulike slekter er inngifte med kvarandre. Dei bur på to nabogardar nordvest på Island og er vener og godt forlikte, heilt til alt snur. Då påverkar dei kvarandre på eit stadig meir negativt vis og deler den eine tragiske lagnaden etter den andre heilt til det mest ikkje er anna enn kvinnfolk att i ættene. Det er sjeldsynt det går så langt i sagalitteraturen, ofte klarar nokre kloke mannfolk å inngå forlik på tinget. Eller, slik som i Njålssoga, der Njål og Gunnar gir kvarandre mannebot fleire gongar for å halde på venskapen - den same summen i sylv går att og fram heilt til dei ikkje klarar å halde att krava frå ættene meir.

I denne soga hengjer det i hop slik: Gisle Sursson er gift med Aud, og ho har ein bror som heiter Vestein. Han er den beste venen til Gisle. Syster til Gisle, Tordis, er gift med ein mann som heiter Torgrim. Han er den beste venen til Torkjell, bror til Gisle. Torkjell er gift med Åsgjerd. Men Åsgjerd har ikkje dei heilt rette kjenslene for Torkjell. Ho er nemleg eigentleg glad i Vestein, noko som forrykkar heile maktbalansen mannfolka i mellom, sjølv om Åsgjerd ikkje gjer noko ut av kjenslene sine.

Etter ein råkande replikk på tinget ønskjer Gisle at dei fire nemnde mannfolka skal sverje fostbrorskap for å halde uvenskapen vekke. Han vert redd for framtida og lagnaden deira. Dei gravlegg eit vakkert utsmykka spjut, blandar blod, fell på kne og sverjer til gudane at dei skal hemne kvarandre som brør om noko skulle hende. Men når alle skal ta kvarandre i hendene for å forsegle pakta, trekkjer Torgrim til seg handa. Han meiner han ikkje har nokon grunn til å verje Vestein om noko skulle hende. Gisle og Torkjell kan han verje, av di dei er verbrør. Men ikkje Vestein, som han ikkje likar noko særleg, og heller ikkje har noko ættband til. Då trekkjer Gisle til seg handa si med. Han vil ikkje verje nokon som ikkje kan verje Vestein, mågen hans. Og med det vert det ikkje noko av fostbrorskapen. Torgrim og Torkjell farer heim saman, og søkjer i hop med ein trollkar som seider og bloter med dei, medan Vestein og Gisle held fram med sitt.

Ein dag sit Aud og Åsgjerd nede i dyngja og samtalar seg i mellom. Det er tydeleg at Aud veit kven Åsgjerd er glad i. Og av di Torkjell lyttar, får han vite det med. Og stemninga vert særs dårleg. Nokre netter læt Gisle ille i svevnen, han drøymer om at nokon kjem for å drepe Vestein. Fyrst ein slange, dinest ein varg. Så vert Vestein drepen, og krava om hemn dreg frå mann til mann i takt med at antall lik aukar, godt hjelpt av eggjande kvinner som krevjer rettferd. Det særskilte med drapet på Vestein, er at han vert drept ei uværsnatt heime hjå Gisle, medan han søv. Spjutet står framleis dirrande i kroppen hans når Gisle kjem. Men kven står bak? Nokre meiner Torgrim, andre Torkjell. Gisle meiner det må vere Torgrim, ektemannen til systera, av di bror Torkjell er ein feig mann. Ei mørk natt kring eitt år seinare, sniker han seg avgarde til nabogarden og dreper Torgrim som hemn for drapet på Vestein. Han slepper unna, og ingen på garden skjøner kven som har gjort brotsverket.

Tordis gifter seg att med ein mann med namn Bork. Og då ho skjøner kven som står bak drapet på Torgrim, eggjar ho Bork til å drepe Gisle - sjølv om han er bror hennar. Men av di Gisle ikkje opent fullt og heilt seier på seg drapet, vert det rekna som eit løyndrap, eit mord, som er grovt nidingsverk. Løysinga er at Gisle vert lyse fredlaus på tinget. Å verte fredlaus er det same som å verte fritt vilt. No kan kven som helst på heile Island drepe Gisle på kva vis dei vil - utan at Aud kan krevje hemn eller mannebot.

Eg skal ikkje seie så mykje om kva som hender vidare, anna enn at Gisle lever i heile atten år som fredlaus. Ikkje nokon gong har ein mann levd så lengje i utlegd som Gisle, skrivast det. Og underleg nok, kanskje, for oss i dag, er det framleis Gisle som er helten i soga. Det er av di han aldri misser ære. Han hadde store kvalar før han drap Torgrim, nett av di dei var mågar. Men rett må vere rett, og kjærleiken og truskapen til Vestein var sterkare. Og sjølv om Aud er ei fredeleg kvinne, ønskjer ho at banemannen til Vestein får ei straff. Har Gisle eigentleg noko val, når det var han som trakk ut spjutet? Då ville han missa all ære, også andsynes kona, og seg sjølve. For er det noko som er verre enn å drepe ein slektning, så er det å ikkje drepe ein slektning når normene seier ein må. Å vere feig er noko av det verste ein kan vere i det norrøne samfunnet.

Sjølv når Gisle vert lyst fredlaus, held han på ære, moral og normverk. Han stansar til og med med bloting, noko som peikar framover til eit kriste ideal. Sjølv om han misser all si ære i auga til mest alle andre på Island, held han fram med å vere ein trufast husbond. Han skadar ikkje nokon, med mindre det står om livet, han snik seg fredeleg frå stad til stad, ber fint om hjelp og gjer opp etter seg. Nokre gongar må han nytte list for å kome seg unna, og det kostar nokre liv. Men i eit døme er det ein feig tenestekar som døyr, noko som då er akseptabelt innafor normene. 

Forutan Gisle, som både er skald, sanndraumt og som heile tida gjer sitt beste for å vere eit hederleg menneske, tykkjer eg at Aud er ein særs interessant person. Ho har ein stor plass i denne soga, og det med rette. Når Gisle er i utlegd, er det ho som driver garden og har alt ansvar. Kjærleiken hennar er imponerande sterk, og ho er særs kløktig, sjølv om ho når tid som helst kan misse maken sin. Ho får mange tilbod, med anna om å tyste på kor Gisle held til for pengar. Og kva gjer ho? Jau, ho tel opp dei tre hundre i sylv som vert lagt fram, slepp dei ned i skinnposen att, og klaskar til karen som kom med tilbodet av alle kreftar. Og når dei kjem for å ta Gisle, står ho støtt inntil han, og dreg til dei som kjem for nære med ein trelurk. Då seier Gisle: Dét har eg visst lenge, at eg er godt gift; men eg visste ikkje at eg var så godt gift.

Årsaka til at eg finn Aud interessant, er av di dei fleste sagakvinnene ikkje får så stor plass som ho. Dei dukkar opp når dei trengs, oftast ved giftarmål eller når nokon må eggje. Men Aud er med, mest heile tida, og har mange viktige ordvekslingar med Gisle. Dei framstår som eit harmonisk, likestilt ektepar som vert ramma av ein tragisk lagnad. Men sjølv om Aud kunne skilt seg frå Gisle, gifta seg att og levd eit lukkeleg liv, gjer ho det ikkje. Ho står han bi til det siste, saman med fosterdottera Gudrid.       

Skaldekvada i Soga om Gisle Sursson er særs vakre, men diverre er ikkje alle omsett heilt presist i denne versjonen av soga (omsetjinga, ved Dagfinn Aasen (f. 1923), er elles stødig og god). Dette av di kenningane er så kompliserte at dei er vanskelege å forstå for oss i dag, dei er lag på lag med poetiske omskrivingar og symbol hjemla i eit anna verdsbilete. Gisle kveder mykje, og det er ein poetisk måte å konsentrere handlinga på, og samstundes gje uttrykk for kva som går føre seg inni Gisle. Soga om Gisle Sursson er ei av få soger der det indre livet hjå hovudpersonen får meir plass enn elles. Vanlegvis vert det berre ymta til. Me vert kjende med Gisle gjennom dei korte karakteristikkane, dei mange handlingane og replikkane, men me kjem verkeleg innpå han i skaldekvad og draumar. Det er særs fint gjort, og gjer at Gisle aldti er ein stereotypi, men eit heilt menneske. 

Mykje meir ved soga kan trekkjast fram, til dømes draumkvinnene, dei andre personane, skiljet mellom gardane, mellom heide og kriste, repetisjonane i handlinga og replikkane og så vidare. Men noko må de trass alt lese sjølve. Soga om Gisle Sursson er spanande, intens, rørande, morosam og interessant. Ein kan lære mykje av å lese ho, og ho kan lesast av alle som ønskjer å lese noko frå mellomalderen eller vikingtida, men som ikkje heilt veit kor dei skal starte. Soga om Gisle Sursson er ein fin plass å byrje. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar