Ivar Aasen |
Etter to år i skulen byrja han som huslærar, noko som innebar opplæring for Ivar med. Hjå prost Thoresen på Herøy og seinare hjå Daae på Solnør, fekk han utfordre seg skikkeleg, særleg i botanikk, litteratur og grammatikk, og han byrja så smått å forske på sin eigen dialekt. I 1836 skreiv han ein artikkel, seinare kalla eit programessay, "Om vort Skriftsprog" - og her har me byrjinga på det som vert Aasens livslange prosjekt: landsmålet, eller nynorsk som det heiter i dag. Det norske skriftspråket skulle verta ei raud line for Aasen som privatperson og offentleg tilsett (stipendiat), som forskar, og i den skjønnlitterære forfattarskapen. Heile livet skulle han nytta til språket, landsmålet. Her spring tankane til andre sterke forfattarar med ei liknande raud line, ei overbygning: Camilla Collett (1813-1895) og kvinnesaka, Torborg Nedreaas (1906-1987) og kommunismen, J. R. R. Tolkien (1892-1973) og legendariumet og ikkje minst Knud Knudsen (1812-1895) og fornorskingslina i den danskdominerte språkpolitikken. Sistemann og Aasen var både fagfeller og konkurrentar.
Men attende til kronologien: allereie i 1837 byrja Aasen med sine fyrste systematiske undersøkingar av talemålet på Sunnmøre. Det var då tydeleg for alle at han var ein særs gåverik mann med eit særskilt mål. Han ynskja å kartleggje det verkelege norske språket, ikkje det danske talemålet og ikkje den "dannede dagligtale" som ein fann i byane, men dialektene, det rurale. Di meir urørt, di betre! Vidare ville Aasen setje 1830- og 1840-talets talemål opp mot det opphavelege, det norrøne. Med utgangspunkt i dialektene og deira norrøne band ville Aasen skapa eit nytt "Hovedsprog". Ved å sjå korleis talemålet hadde endra seg til eit moderne språk, ville Aasen lage ordbøker og grammatikkar for det som skulle verte det nye, norske skriftspråket.
Jau, det er då greitt nok. Men kvifor? Her må eg ha med noko kontekst så me kan freista å fatte kvifor dette vart så viktig. Då Aasen vart fødd, var Noreg i union med Danmark. Alt offentleg foregjekk på dansk og mest alt vart styrt frå København. Ulikskapane mellom stendene og deira talemål, for å ikkje snakke om ulikskapane mellom bygd og by i det heile, var ekstreme. Mange ville, eller kunne, ikkje forstå kvarandre. I det morosame året 1814 hadde Noreg som kjend tre kongar, og endte i praksis opp med ein militant fransk svenske som overhovud i november same år (den gamle var det ikkje mykje futt i, og han døydde allereie i 1818). Den nye unionen var då eit faktum, men Danmark og det danske vart framleis den intellektuelle, kulturelle og språklege rettesnora. Det politiske spelet låg høgt over kva ein vanleg norsk bonde kunne nå og forstå - og lovgjeving og stemmeretta avspeila ikkje realitetane: bøndene vart ikkje inkluderte. Og bøndene var meir enn 90% av Noregs folkesetnad.
Store deler av 1840-talet var Aasen på studietur. Han byrja på Vestlandet og gjekk over alt, inn i dei trongaste dalføre, opp på dei brattaste fjell og ned att i neste dal, rundt heile kysten og inn i flatbygdene. Etter kvart bar det heilt opp til Helgeland. På fire år gjekk han meir enn 400 mil (hugs at vegane ikkje akkurat var firefelts den gongen), og nokre meiner at han vitja meir enn halvparten av alle kommunane i landet (kommuneinndelinga i 1995). Han skreiv ned alt han høyrde: alle dialekter, med deira ordtilfang og mange ordformer, bøyingar, nytting av kasus, andre særpreg. Han skreiv også ned munnhell, noko som etter kvart vart ei stor samling. Høyrest denne fartinga kjend ut, kanskje? To muntre herrar, Asbjørnsen (1812-1885) og Moe (1813-1882), gjorde også det same, men dei samla som du veit på folkeeventyr og segner (Aasen skreiv også ned mykje). Overbygninga for alle tre, og mange fleire med, kallast nasjonalromantikk, og ho var verkeleg på høgda i Noreg kring 1850.
Med dekning i siste setning kan ein avleie at Aasen var ein mann av si tid, eller for si tid, eller rett mann til rett tid, alt etter som. Oppsedinga var nok kristen, streng og med våre auge gammaldags, men ideane som spira hjå den unge Ivar var oppsiktsvekkjande moderne og kontinentale. Ivar Aasen var ein mann med ein plan, som ein seier, men at verknadene av arbeidet hans skulle verte så vidfemnande og djuptgripande, var nok meir enn han, og særleg embetsstanden, torde, eller ynskja, å lite på.
Del II om Ivar Aasen kan du lesa her.
Ja! Jippi og hipp hurra for Ivar Aasen! Uten han og noen av de andre selvstendige, kloka menneskene på slutten av 1800-tallet, hadde Norge i dag aldri hatt suksess med sakte-tv ala Hurtigruta eller nå i sommer Sommerbåten. Folk blir glade av å se noe av seg sjøl i tv-ruta, de blir stolte av bygder og kyster, språk, lokale musikere som synger på dialekt og selvfølgelig (det som er in nå) lokale mattradisjoner. Vi ville rett og slett ikke hatt det, om det ikke var for Ivar Aasen og noen til! Tradisjonene hadde rent ut i sanda, språket hadde fordunsta og stoltheten krympa. Se på sentralistiske Sverige! Med styring av språk, bosetting, kultur og forbruk fra det sentrale Stockholmske embetsverk. Så hurra for Ivar Aasen, som gjorde det mulig å være oss!!
SvarSlettTrudelutt
Takk for fin og munter kommentar! Mykje godt er Aasen skuld i, og di meir eg les, di meir imponert vert eg. Spanande mann og spanande tid. Mange moglege masteroppgåver her!
SlettMeget bra! For øvrig veldig spennende blogg. Den skal jeg begynne å følge fra nå av.
SvarSlettTusen takk for hyggelig kommentar! Og koselig med en ny bokblogger:)
Slett