tirsdag 4. mars 2014

Skråninga

Bilete: Aschehoug
Det er allereie mange år sidan eg las Carl Frode Tiller (f. 1970) for fyrste gong. Og etter eit sterkt fyrste møte var det ikkje tvil om at eg måtte lese meir av den kritikarroste forfattaren. Sidan har eg lese Tiller no og då, og følgt godt med på forfattarskapen og alle prisane som vert dryste over han frå tid til annan. Eg tok til med Bipersonar (2003) i 2007, og fekk første bandet om David, Innsirkling, til jul same året. Ho vart lese ganske fort, og eg ynskja meg sjølvsagt oppfølgjaren då ho kom. Men ho har eg framleis ikkje lese - det er noko med humøret som må passe når eg skal lese Tiller. Difor har det brått vorte fire år sidan sist. Vinteren for fire år sidan las eg nemleg Skråninga, debutboka til Tiller frå 2001, på sydenferie. (Ikkje heilt passande, eg veit det.) Av di eg hadde lese dei andre bøkene til Tiller før Skråninga, vart eg nok ikkje så oppglødd som eg burde ha vore. Det er mykje av det same i bøkene hans, til dømes når det kjem til intensitet, komposisjon, oppbygging av spenning, språk, tematikk og liknande.

Kanskje det er difor eg vart positivt overraska over skodespelet Skråninga. Det hadde urpremiere på Det Norske Teatret i 2004, og vart gjeve ut i bokform i 2010. Stykket er på 143 sidar, som er langt i skodespel-samanheng, men det kjennes ikkje langt. Det har mest med komposisjonen å gjere: Skodespelet har lite sidetekst og berre ei akt, men denne eine akta er delt i 64 scener. Det gir mange, raske skift, og nokre scener er nede i ei side og berre to-tre replikkar. I byrjinga kan lesinga verte litt stakkato, av di ein les alt og les inn pausene og handlingane. Rollelista kan også verke skremmande ved første augekast, av di ho er så uvanleg omfattande, og ein tenkjer at det er viktig å halde dei ulike personane frå kvarandre i lesinga. Men etterkvart vert det mindre viktig kva scene det er, og ein skjønar kor i handlinga og kva stad skodespelarane er på av dei tilbakevendande kontekstane. Alle birollene viser seg å ikkje vere så viktige heller, det er kva som hender med HAN som er i fokus og det er HAN si skjebne som trekkjer skodespelet vidare. Som regel er det berre to eller tre deltakarar i duologen/polylogen, så det er overraskande lett å halde styr på bipersonane sjølv om det er raske skift og mange roller.

Det er klart det er forskjeller mellom dramautgåva og bokutgåva av Skråninga. Som lesar kan ein berre freiste å sjå for seg alt som skjer på scenen undervegs, og korleis ulike regissørar og skodespelarar tek tak i, endrar og framstillar den dramatiske teksta. Det er umogleg å vite nett korleis dei har gjort det viss ein ikkje har sett framsyninga. Lesaren ender difor stort sett opp med å få ein heilt eige versjon i hovudet - på godt og vondt. Min versjon kom nær den dramatiske teksta, var særs intens og full av vonde og skrekkelege situasjonar, måla fram med svart og kvitt. Mange av desse situasjonene vart mykje tydelegare i den dramatiske teksta enn i romanen, og dimed endå meir skremmande. Eg vart beint fram redd nokre gonger - hovudpersonen HAN er så utilrekneleg og i sitt eige hovud at det er fortvilande å lese om. Tiller forteljer om ein ung mann i stykket, og når det heile tek til, er han på ein psykiatrisk institusjon. Korleis kom han dit? Kva har hendt? I ein slags samtale med psykologen og seg sjølve, kavar mannen seg gjennom brokkar av livshistoria si, fortalt hulter til bulter. Ein del av lesarens oppgåve er å sortere brokkane og setje dei saman til ein kronologisk livshistorie, ei særs tragisk historie der alt som kan gå gale, går gale.

Det er naturlegvis ikkje det same å lese romanen frå 2001 som det er å lese den korte, dramatiske teksta frå 2004. Og det skal det heller ikkje vere. Sjølv om historia langt på veg er den same, er det noko med måten ho vert fortalt på. Dei indre problema til HAN får større speleplass i skodespelet. Det vil seie; han får spelt dei ut. Det får han ikkje gjort i romanen på same vis. Så vidt eg hugsar, er det i romanen slik at hovudpersonen skriv si historie, i ein suggererande og fascinerande sirkelkomposisjon, der me som les, må leggje versjonar av hendingane oppå kvarandre for å sjå sanninga. På same vis er det også nokre hendingar som skodespelet stadig vendar att til, og som me må greie ut sjølve. Men nett kva som hender, er ikkje alltid så tydeleg i romanen, og det er fleire moglegheiter for tolking. I skodespelet har Tiller valt å inkludere "dei manipulerande sjukdomsstemmene" allereie frå byrjinga, noko vi ikkje får lese så direkte om i romanen - det er ein undertekst. Lesaren får altså vite at HAN er sjuk med ein gong, det er ingen løyndom, slik det kan verte oppfatta i romanen. Denne avsløringa gjer at skodespelet kan fokusere meir på handling, på kva som har hendt, og er med på å skru opp tempoet.

I byrjinga kan det heile verte litt kaotisk. Scenene er korte og seier oss ikkje så mykje. Dei glir over i kvarandre når vi er i hovudet til HAN, og det kan vere vanskeleg å sjå kva nivå av forteljinga me er på. Eg trur det er ein fordel å ha lese romanen fyrst, for då er det ikkje så mykje som er løynd, og det er lettare å forstå dei ulike laga i komposisjonen. Scenane, forteljingane, spelast ikkje berre ut på den fysiske scena me kan sjå (eller tenkje oss), men også i hovudet til HAN. Det er med andre ord ei dobling. Men me kan ta det eitt trinn til: Skodespelet er ei iscenesetjing av ei historie (mentalt) i ei iscenesetjing av ei historie (fysisk) i ei iscenesetjing av ei historie (frå Tiller). Og det som er imponerande, er at det fungerar på alle nivå - i alle fall i den dramatiske teksta. Eg er særs nyfiken på korleis det vert løyst på scena, utan at eg skal trekkje inn spekulasjonar her.    

Etter å ha lese skodespelet, ser eg det eg ikkje klarte å sjå før eg las: korleis nett dette stoffet kunne verte presentert på ein god, dramatisk måte. Men eg ser også kor filmatisk det er, desse hendingane Tiller heile tida vender att til, dei djevelske detaljane som han vrir handlinga om, forskyvinga av menneskja og relasjonene dei i mellom, korleis HAN heile tida ender på utsida, meir og meir mot kanten, på kanten, over kanten. Og Tiller skildrar meisterleg. Korleis HAN bikkar over, korleis han freistar å verne seg sjølve, korleis han vert heilt kjenslelaus og korleis dette andre, sjukdomsstemmane, får kontroll. Kva dei seier, kva dei ynskjer at han skal gjere, kva for skrudd logikk dei skapar og korleis HAN berre må gjere, ikkje tenkje, ikke kjenne, berre gjere. Og me får sjå det heile utanfra. Den samla heilskapen er truande, fæl og vond. Og ufatteleg trist. Nokre av desse elementa var nok litt løynde for meg då eg las romanen, så den dramatiske opninga av stoffet kasta nytt ljos over boka. Det er nesten så eg vil lese ho att, men berre nesten.

Det er ikkje triveleg lesnad Tiller byr på. Han er direkte og brutalt ærleg og skriv fram ei historie som er grøssande sannsynleg. Han skildrar problem som rammar dei som lever heilt nedst i samfunnet, dei utan støtte og sikkerheitsnett. Han ser dei som ikkje vert sett, dei som berre er tal i ein statistikk eller notisar i avisene, som er ofre for mentale lidingar framande for folk flest. Tiller gjer menneska verkelege, han ser dei og føler med dei. Og det er medkjensla som gjer det sårt å lese for meg også. HAN vert så levande, så sårbar og så liten. Eg vil berre få han vekk i frå hendingane, frå historia, frå teksta, frå alt. Eg vil leggje vekk boka og ikkje lese meir. Men eg klarar ikkje. Teksta vekkjer mange kjensler og får lesaren til å reflektere over kor godt ho har det og kva ho kan gjere for å hjelpe andre menneske. Skråninga er difor ei vond tekst som trengst, og eg rår deg også til å lese.

4 kommentarer:

  1. Jeg har ennå ikke turt å lese Skråninga, hverken skuespill eller roman, men kjenner likevel jeg er litt mer på glid nå etter både din og tidligere Ellikkens omtale. Jeg skal ihvertfall lese den - en gang, snart. Kuriost er det eneste skuespillet jeg har omtalt på bloggen også av Tiller - Folkehelsa og tar for seg en bit av handlingen fra Innsirkling1. Jeg så også I1 på teater. I begge tilfellene konkluderte jeg med at lydboka var bedre. Synes dialogene rett og slett var bedre på cd enn scene/papri. Dette kan selvfølgelig ha med skuespillere versus opplesere å gjøre - men jeg syntes nerve og helhet forsvant når handlingen ble komprimert og fortetthet. Rart med det. Jeg har Skråninga liggende på papir - hadde jeg funnet den på lyd ville den kanskje vært lest for lenge siden.
    Kanskje - er redd for all vondskapen du beskriver.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for kommentar! Håper du leser boka, for sjøl om den er fæl og vond, er den også veldig viktig. Tiller tar virkelig dette på alvor, han driter ikke ut, gjør ikke narr av, mesker seg ikke i skitne detaljer el.l. Papirversjonen kan anbefales, men vær obs på at den i perioder kan virke litt monoton.

      Jeg har også "Folkehelsa" i hylla, og tenker å lese den snart. Er bare noen andre greier jeg må komme igjennom først... (er det ikke alltid sånn?). Interessant at du foretrakk lydbok-versjonen, det skal jeg tenke på når jeg leser. Har du også lest "Innsirkling"? For meg framstår den som en vanskelig tekst å dramatisere, så jeg er veldig spent på "Folkehelsa".

      Slett
  2. Sjuke, fantastiske boka. En av disse bøkene som er så gudsjammerlig gode at jeg ikke har maktet å skrive ordentlig omtale i frykt for å utelate noe. Så blir det halvhjertet, desperat, urettferdig lite.
    "Til tider er det ekstremt vondt, ubehagelig, kvalmende og motbydelig. Skråninga er ytterst trist om omsorgsvikt med ubøtelig skade. Selv om man med tydelighet ser hvor alt gikk galt, gir hans handlinger likevel ikke gir rom for sympati. Desto tristere, vondere og mer ubehagelig er det å være leser. Desto rikere leseopplevelse er det. " skrev jeg den gang, i mangel av noe annet. Tiller er helt enestående til å beskrive det (p)syke menneskesinn. Så grusomt vondt og fælt, men likevel så hinsides givende.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for fint innspill! Jeg er helt enig med deg, om både bok og forfatter. Det er så godt gjort å skrive noe som vekker nesten fysisk vemmelse hos leseren, uten å velte seg i det groteske. Tiller holder det hele på et subtilt nivå, komposisjonen er stram, forfatteren er tilbaketrukket.

      I små glimt minner Tiller meg litt om Per Olov Enquist, som med "Styrtet engel" forteller om brutalitet, sorg og smerte på en knapp og intens måte. Sjøl om det er langt mellom bøkene på mange måter, er det likevel noen fellestrekk i det at begge forfattere stadig kommer tilbake til enkeltepisoder som de belyser fra gradvis nye perspektiver, de vekter detaljer og lader teksten med en blanding av det kjente og det ukjente.

      Slett