fredag 8. mars 2019

Gratulerer med dagen!

Det er kvinnedagen, hipp hurra! Gratulerer til alle skrivende, lesende og tenkende kvinner der ute! Ei av dem som har skildra kvinneliv best, i alle sine fasetter og faser, med mørke og lys, et vell av følelser, tanker, fysiske erfaringer og stadig utvikling, er Halldis Moren Vesaas (1907-1995). Her kommer tre dikt fra hennes penn. De er nær på hundre år gamle, men likevel så sanne!

***

Ny kvinne

Ho la seg i gårkveld og var berre barn.
Ho vaknar i dag - og er kvinne.
Det hende i natt. Med ho låg her og sov
var timen for underet inne.

Kor allting er annleis i dag enn i går!
Ho er både glad og alvorleg.
Å leve - det er visst vedunderleg rikt!
Og kanskje forferdeleg fårleg?

Frå Harpe og dolk, 1929.

***

Systrer

Side om side i sola vi står,
bjørka og eg. Og rundt oss er vår.

Korleis det har seg veit eg ikkje rett,
kjenner det berre: Vi er i ætt.

Visst røtest vi djupt i den same jord
og bjart opp i dagen, den same, vi gror.

Og meir er det med. Er det same to,
sevja den søte i deg - og mitt blod?

- Kva det noe er, det er nok at vi står
saman, to systrer, i sol og vår.

Frå Morgonen, 1930.

***

Litteraturen og ungen

Mamma sit og skal dikte, ho,
og ungen ligg i korga si og skrik.
Mamma skulle ha seg eit rim på "gråt",
ungen han veit om eit, og derfor skrik han slik:
ungen er så våt, så våt.

Mamma må nok heller legge bort sin penn
og finne fram tørre bleier.
Så, no er ungen tørr og varm
- men trur du kanskje ungen teier?
Ungen vil ha mat! Men det er ikkje mattid enn!

Ungen ligg og skrik til det blir mat om ei stund
- skal mamma så få fred til å gjere diktet ut?
Sikkert! lovar ungen og kjem så tørst, så tørst,
og så lenge som han drikk så må han halde munn.
Men sidan ber det laus att med tut, tut, tut!

Og då gir mamma opp, ungen må få lov
å skrike alt han orkar, versågod!
Og diktet? ja diktet får nok stanse ved "gråt",
til ein gang ungen unner mamma litt meir ro,
for mamma kan kje dikte til så stygg låt!

Frå Lykkelege hender, 1936.

1 kommentar:

  1. Gratulere med dagen og takk for vakre dikt!
    Trudelutt

    SvarSlett