 |
| Ivar Aasen, 1871 |
Åra kring 1850 er tida for gjennombrotet til det store prosjektet hans Ivar Aasen (1813-1896): landsmålet. Dei viktigaste utgjevingane kom på rad og rekkje, fyrst ut var
Det norske Folkesprogs Grammatik i 1848, dernest
Ordbog over det norske Folkesprog i 1850 og sist
Prøver af Landsmaalet i Norge i 1853. Ordboka hadde over 25 000 ord og vart kalla eit nasjonalt meisterverk av P. A. Munch (1810-1863). Med seinare utgjevingar vart det til saman 69 000 oppslagsord frå Aasen.
Å skulle skildra korleis Aasen arbeidde med landsmålet, er mest umogleg. (Sjå
her for meir.) Vi veit at han fyrst lærte seg norrønt sjølv, noko eg er utruleg imponert over (for meg var det ein bøyg å lære norrønt ved NTNU). Dinest byrja han å tenkje kring sin eigen dialekt, arva frå norrønt, spriket mellom dansk skrift og faktisk talemål. Så vandra han land og strand rundt på 1840-talet, og frå 1847 budde han i Kristiania. Berre ein gong for han heim til Hovdebygda - men han heldt fram med studiereiser i tjue år. Deretter fylgde perioden kor han skulle skapa ei beingrind til språket: grammatikken. Eg tenkjer at han sat mykje åleine, at han prøvde seg fram, med rettskriving, bøying, tale. At det somme tider var mykje att og fram, og at han stundom hadde vanskeleg for å avgjere korleis norma skulle vere, kan ein sjå i både dei faglege og dei skjønnlitterære publikasjonane. Aasen var streng og grundig, arbeidde til stadigheit, hadde tungt for å la noko kvile. Eit døme her er eit av dei mest kjende Aasen-dikta, "Nordmannen" (betre kjend som "Millom bakkar og berg", henta frå diktsamlinga
Symra, 1863). Diktet finst i mange ulike variantar, av di Aasen aldri vart heilt nøgd. Det er vel ein seriøs forfattarskap i eit nøtteskal: sjå sine eigne feil, lære av dei, gjere det betre neste gong. Aasen ville gjere sitt beste, heile tida. Han ynskja eit fast skriftspråk for folket, bygt på norrønt, kor arva er tydeleg (vekk med nedertyske ord; dei skrekkelege an-, be-, -het, -else -orda), men samstundes eit språk som er konsekvent og lett å tileigne seg. Men eit språk er noko levande, det endrar seg heile tida. Difor måtte Aasen også revidere.
Ivar Aasen må ha vore ein sær mann. Utruleg gåverik, utan tvil, ein systematikar av rang, eit imponerande språkøyre (så godt som sjølvlært i norrønt, dansk, engelsk, fransk, tysk og latin), ein langsiktig tenkjar, men sær. Han såg ut som Gamle-Erik på sine eldre dagar, nekta å taka i mot ein professorstilling og sa fleire gonger nei til stipend (men han var Noregs fyrste statsstipendiat, frå 1851). Han ynskja å arbeida heilt åleine, og ville ha all kontroll sjølv. Ugift var han òg, men før nokon byrjar å håne landsmålets sæle opphav, vil eg leggje til at det var Knud Knudsen (1812-1895) med. Fagidiotar heiter det - lengje leve! Attmed nytta Aasen mest ikkje pengar på seg sjølv, og budde kummerleg, sjølv om han tente greitt med pengar. Var han ein gniken bygdetulling? Eg trur ikkje det. Eg trur einsemda i Kristiania ikkje lét seg fjase eller arbeidde vekk, ein kan sjå det på bileta, dei triste augene. Kva han eigentleg tenkte, korleis han eigentleg hadde det, var det få som visste: Aasen var privat og hadde ikkje mange vener, men mange kjenningar. Landsmålet var det store, det var mål og meining i eitt.
Etter 1860 svingjar fokus i Noreg. Det nasjonalromantiske vert "gammalt", Aasen med. Han vert ikkje direkte motarbeidd, men alt tek mykje lengre tid og merksemda er ikkje den same som før. Likevel freistar Aasen å arbeida vidare med si livsoppgåve. Han byrjar å nytte landsmålet sjølve, til dømes i syngjespelet
Ervingen frå 1855, diktsamlinga
Symra frå 1863 og
Heimsyn frå 1875. Attmed arbeidde han stadig med munnhell og ordbøker, som kom ut i 1856 (endeleg utgåve i 1881) og 1873, og som framleis er å sjå - om ikkje i dei skrale og skrapa bokbutikkane, så i alle fall på nett. Aasen gjorde også ein durabeleg innsats for å fornorske dei rådande namnetradisjonane.
Norsk Navnebog kom i 1878. Eit anna viktig arbeid var omsetjing. Med anna omsette Aasen norrøne sagaer, Cervantes, Shakespeare, Goethe, Luther, Lord Byron og Ludvig Holberg, og ikkje minst
Det nye testamentet (1889), saman med Elias Blix (1836-1902). Til alt hell var det mange som såg kva verdi arbeidet til Aasen hadde. Etter 1860 vart han sett på som ein autoritet, han mottok ein æresmedalje i gull kring 1870, og i 1873 blei han æra med riddarkrossen av St.Olavs orden. Og han fekk røyne jamstellingsvedtaket av 1885, landsmålets største siger. Han kunne kvile no, landsmålet var garantert ei framtid. Ivar Aasen fekk langsamt dårlegare helse og døydde av hjartesvikt i 1896.
Men det er framleis mange som ikkje skjøner kvifor Aasen var, og er, viktig. Det kan ein lett sjå av ordskifta i dag, kor forvirra ungdomar og godt vaksne, elles høgst respektable menneske, nyttar ord som spynorsk og grautmål og meiningslause om nynorsken, som ler av å brenne ordlister og biletet til Aasen og som seriøst meiner Høgre er inne på noko når dei ynskjer å avvikle heile greia (skam deg, Arne Hjeltnes, for at du ikkje kjempa betre og meir for nynorsksaka i partiet!). Kor historielause går det an å vere? Språk er heilt vesentleg for alle individ som eig evna til å høyre. Slik har det vore heilt frå vi slutta å slengja med armane og hengje i trea og slikt. Og me likar det som regel godt når nokon talar til oss på vårt eige talemål, medan mange vert usikre når nokon seier noko me ikkje skjønar. Også på Aasen si tid var Noreg ein skriftnasjon. Lese- og skrivekunna var høg, og skaut verkeleg fart etter 1850. Språk, og med det meinte ein evna til å kunna skrive godt og ikkje berre lese, men forstå, var eit premiss for demokrati. Når maktmenneska nytta eit omstendeleg dansk, var det ikkje greitt for dialektbonden. Eit eige språk, landsmålet, ga bonden, folket, makt og identitet. Slik kan ein lett sjå korleis prosjekt bondereisinga, målrørsla og bondevenrørsla hengjer saman.
Og i dag seier me jo titt at språk er makt. Når du kan tala mange språk, er du språkmektig. Me seier at godt språk er viktig, noko ein må søkje, til dømes i media. Språkleg stil er noko me høyrer om i litteraturen, og døme kan vere nynorskbrukarane Jon Fosse (f. 1959) og Sigmund Løvåsen (f. 1977). Språkleg slurv irriterer mange. For å verte god, må ein øva - det gjeld både lesing, skriving og forståing. Undersøkingar syner at born som lærer både nynorsk og bokmål frå dei er små, vert betre i båe. Dei vert også meir sikre på seg sjølve og eigne språkval, eigen identitet. Men viss Høgre og deira meir ekstreme frender får det som dei vil, viss nynorsken fasast ut, vil me på berre eit par generasjonar få utdanna ein heil haug menneske som ikkje veit noko om landsmålet. Jau, dei har lese om han Ivar, men dei har ikkje verkeleg
lese. Dei misser historia, heile poenget, heile samanhengen. Er det noko bra? Og kva med identiteten til alle nynorskbrukarar - er det greitt at deira språk, identitet, kultur og referansar skal vere mindre verdt? Kva signal sender me då til nynorske forfattarar? Og kva seier det om menneskesynet her i Noreg? Kva hender med eit samfunn der individa ikkje kan snakke saman, forstå kvarandre, der den felles historia, felles plattforma, felles språket - er borte?
2013 er
språkår her i Noreg. Markeringane har ikkje vore mange, men
Noregs Mållag har reist landet rundt frå januar, og skal halde fram til oktober med
Nynorskstafetten. Dei vitjar skular, lokallag, sumarleire med meir og freistar å få folk til å sjå kvifor nynorsk er viktig.
Dag og Tid har også heldt fram, og ynskjer ordskifte om nynorsken på mange nivå. Nokre politikarar har også slengt seg inn i kampen, og eg venter fleire utspel i vekene som kjem. Men kva tenkjer du? No har du lese om Ivar Aasen i
to innlegg. Som bokelskar har du lese noko på nynorsk, det er eg heilt sikker på. Sjå på desse bøkene igjen. Kva du stemmer i haust, er med på avgjere to heilt sentrale tema som gjeld alle, av di det er felles historie, felles norsk kultur: Aasens ettermæle og nynorskens framtid. Eg vil ikkje fortelje Jon Fosse at språket hans er mindre verdt. Vil du?